Førsteinntrykk

THE FINALS

Dette spelet gjer meg rasande

Det er eit godt teikn.

Embark

Pulsen og sinnet mitt hoppar i takt når eg kikkar på resultatlista.

Det er difor me taper, ja. Dei to lagkameratane mine har tre drap til saman mot mine 15.

Min gode ven raseriet er tilbake. Det er lenge sidan eg har helsa på den kompanjongen i eit skytespel.

For første gong på ganske mange år har eg funne eit skytespel der eg faktisk bryr meg om eg vinn eller tapar.

Det er eit veldig godt teikn.

Sjangercocktail

I skrivande stund er det 180 000 som har tatt på seg moderne gladiatorsandalar og funne fram geværet i den nye skytespelfarsotten The Finals på Steam.

Arenaskytespelet gir deg to kameratar i kamp mot to eller tre andre lag, og hentar inspirasjon frå fleire undersjangrar i skytespelverda.

Det er litt Battle Royale her, litt Search and Destroy der, ei klype Call of Duty med Rainbox Six Siege-strø på toppen og ikkje minst ein god dose Battlefield.

Essensen i spelet er dei glimrande skytemekanismane, og dei ulike våpena sit som eit bokstaveleg skot.

Så langt har eg forelska meg i skarpskyttarrifla og revolveren i spelet. Dei er blitt mine favorittar når eg jaktar pengar på dei varierte karta.

Ka-ching

The Finals er eit slags virtuelt gameshow inspirert av Dødsleikane. Målet er å få tak i mest pengar så fort som mogleg.

Du og lagkameratane kan velje mellom to hovudmodusar. Den eine handlar om å drepe fiendar, plukke opp myntane dei mistar når dei døyr og sette inn desse på nokre minibankar. Det minner ein del om Kill Confirmed frå Call of Duty og Blood Money frå Battlefield Hardline.

Du kan gjenopplive daude lagkameratar ved å trykke på den vesle statuen deira. I den eine modusen har du berre eit vis antal «respawns» du kan bruke.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den andre modusen legg meir vekt på oppdraget enn dreping. Her skal du beskytte minibanken i ein lengre periode mens pengane blir sendt. Kven som helst kan kapre pengeoverføringa frå deg.

Du er fullstendig ubrukeleg om du ikkje prøver å sende desse pengane, som tvinger laget til eit minstenivå av samarbeid. Det gjer rett nok at det kan følast kjipt å spele med framande over nett.

Knus ALT

The Finals lærar deg mekanismane litt etter litt. Det er ganske mykje å sette seg inn i, men det verkar intuitivt frå start.

Suksessfaktoren er naturleg nok ferdigheitene dine med våpen, korleis du beveger deg mest effektivt rundt kartet og korleis du tar og forsvarar minibankane.

Spelet gir deg valet mellom tre ulike klassar, der du må velje om du vil vere rask eller ha mest mogleg helsepoeng. Kvar klasse har nokre enkle ferdigheiter i reportoaret.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Klassesystemet er litt meir restriktivt enn i mange andre skytespel, for du har berre eitt våpen. Skarpskyttaren har ikkje noko pistol på bakhand dersom han bommar, og han med hagla er død om han går tom for ammunisjon.

Ikkje minst er det ein haug med ulike granatar for kvar spelestil. Med det rette utstyret kan du stenge av området rundt ein minibank, og slik tvinge motstandarane til å finne meir kreative løysingar. Det resulterer gjerne i at du ser veggane eksplodere i trynet ditt.

Sjølv saknar eg Valve sin filosofi rundt skytespel her. Gi meg ei rifle, ein pistol og ein granat, og ikkje meir. Eg treng ikkje anna. Men slik er no denne sjangeren blitt.

Prøv!

For tida ignorerer eg invitasjonane frå venene mine i Counter-Strike 2, Warzone og Overwatch 2 til fordel for The Finals.

Eg er likevel usikker på om spelet klarar å bli meir enn ei døgnfluge. Utviklarane har ein del å gå på når det kjem til å balansere alle dei forskjellige dingsane og det ulike utstyret du kan bruke, for nokre teknikkar er keisame å spele mot.

Men The Finals har skytekjensla som trengst til å ignorere alt det andre, og det er eit ypparleg utgangspunkt.

Så er det gratis, då.

Våpena er kjekke å bruke, det er potensial for å overliste fiendane både gjennom kombinasjonen av ferdigheiter, utstyr og rørsle og – viktigast av alt – morofaktoren er høg.

Gi det eit forsøk.

Siste fra forsiden