Razer Project Esther

Er dette CES sitt teitaste eller kulaste produkt?

Razer lanserer gamingpute, som neppe berre blir brukt til speling.

Gamingstolen Razer Enki Pro, her utstyrt med nye Project Esther.
Razer

Razer sin teknologar har vore i Ready Player One-modus dei siste åra, og har lansert fleire produkt med såkalla haptisk tilbakemelding.

Både gamingheadsettet Razer Kraken V3 Hypersens og gamingstolen Enki Pro Hypersense har fått det. På CES viste dei fram endå eit slikt produkt.

Project Esther er rett og slett ei vibrerande pute, som du kan legge i gamingstolen din.

Razer smører tjukt på i pressemeldinga.

– Project Esther er det neste steget innan haptisk teknologi, som viskar vekk skillet mellom det fysiske og det virtuelle, skriv dei.

Razer kjøpte faktisk opp eit selskap som driv med haptisk teknologi i 2022, så dette er neppe det siste me ser av satsinga deira.

Selskapet Interhaptics har ein grafikk på sida si, der dei påstår at teknologien gjer spel 14 prosent kjekkare og gir 19 prosent meir innlevingskjensle.

Akkurat.

Razer seier ingenting om kva prisen på produktet blir. Dei viste faktisk fram eit liknande konsept på CES i 2023, Project Carol. Det var ei hovudpute med haptisk tilbakemelding og lyd, men det ser ikkje ut som produktet blei utvikla for sal.

Les fleire nyheiter fra CES 2024 »

Siste fra forsiden