Test

Gigabyte GeForce RTX 2080 Ti Gaming OC 11G

Er RTX 2080 Ti noko for den vanlege forbrukaren?

Me går i gang med testing av Turing-skjermkorta til Nvidia.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Skråblikk på Turing-toppkortet
2: Test av Gigabyte GeForce RTX 2080 Ti Gaming OC
3: Benchmark av 10 spel

RTX 2080 Ti-skjermkorta er framleis infernalsk dyre, og det gjeld spesielt viss ein skal ha tredjepartskort frå andre enn Nvidia. Me ville difor prøve å finne det som gir mest for pengane, og bryna oss på eit av dei billigare korta. Testbenken er difor blitt ornamentert med eit Gaming OC-kort frå Gigabyte, som byr på eit design med tre vifter (Windforce-kjølaren).

I skrivande stund finn ein dette kortet til i underkant av 13 000, som gir deg litt betre kjøling enn dei andre Windforce-korta. I og med at silisium-lotteriet avgjer kor mykje ein kan overklokke eit kort er kjøleeigenskapar og støynivå kanskje det viktigaste omsynet ved val av 2080 Ti-utgåve.

Gigabyte-kortet tar bruk av to 8-pinleidningar for kopling til straumforsyninga, og kjem med ein baseklokkehastigheit på 1350 MHz og ei boostklokke på 1545 MHz. Dette er identisk til dei andre Windforce-korta til Gigabyte, men dette treff glatt 1950 MHz rett ut av boksen.

Design

Dei som har vore ute for Gigabyte-skjermkort vil heilt sikkert dra kjennskap på Windforce 3X-kjølaren dei har utstyrt RTX 2080 Ti-kortet sitt med. Anna enn nokre skarpare kantar og dempa fargebruk er dette den same kjølaren me har sett Gigabyte bruke i ei årrekkje, som eigentleg ikkje har endra seg noko særskild sidan lanseringa av Pascal-plattforma i 2016.

Gigabyte har gjort nokre små endringar med designet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som før er varmerøyra direkte kopla til VRAM-eininga, og vifta i midten spinn baklengs for å få best mogleg luftstraum gjennom kabinettet. Designet på kjølaren er elles ganske anonymt. Bakplata har lite særpreg anna enn ein Gigabyte-logo, og det same gjeld eigentleg framsida. Fargane er vekke, og det einaste som gir kortet noko liv er nok ein Gigabyte-logo i RGB på toppen.

Ein del av tredjepartskorta med trippelvifte tar opp sjukt med plass, men Gaming OC frå Gigabyte er langt frå den verste i klassen her. Mens dei største korta til ASUS og MSI fort tar opp heile tre PCIe-spor, nøyer dette kortet seg med to. Sjølv om det er nesten 30 centimeter langt, er det ikkje like høgt og tjukt som ein del av konkurransen. Dette gjer at vekta òg er ein del lågare, som hindrar at kortet bøyer seg.

Bakplata er anonym og gjer ikkje så mykje ut av seg, men er likevel ganske stilig.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Når det kjem til tilkoplingar er det aller fleste 2080 Ti-korta standardiserte, og dette er ikkje noko unntak. Her får me 3 ulike DisplayPort-inngangar, ein HDMI-port og ein USB-C-inngang.

Yting

RTX 2080 Ti er det kraftigaste forbrukarkortet på marknaden, og det er sjølvsagt ytinga me er mest interesserte i.

Det finst knapt spel som eit 2080 Ti ikkje klarar å køyre med biletefrekvensen over 60 i 4K, og viss ein eventuelt bommar på nye er det ikkje verre enn at ein skrur ned til High frå Ultra. Me er ikkje heilt kome dit at me får dra full nytte av 144hz 4K-skjermar enno, men det nærmar seg.

Variasjonen i forholdet mellom 2080 Ti og 1080 Ti er stor. Det er neppe noko overrasking at prosessoren blir flaskehals for så kraftige kort i mange av spela i 1080p, men sjølv i 4K ser me at 1080 Ti held følgje i spel som Forza Horizon 4. Dette handlar først og fremst om optimalisering.

Av spela me har testa er det berre årsnye Metro Exodus og fjorårets Shadow of the Tomb Raider kortet slit med å kravle seg over den magiske 60-grensa i, men til gjengjeld er dette særs krevjande spel. Det skal heller ikkje mykje innstillings-skruing til for at ein nærmar seg 70-80 utan å merke noko på biletekvaliteten.

Når det kjem til bruk av strålesporing må ein ned frå 4K for at det skal vere noko vits i. Og då er det kanskje like greitt å berre kutte ut heile teknikken. Sjølv med ein 1440p-skjerm vil ein strengt tatt få meir ut av å bruke supersampling opp til 4K enn å slå på strålesporing.

Overklokking

For å teste overklokking har me gått metodisk og nøye fram. Det er fint mogleg å nå høgare klokkehastigheiter enn det me har gjort her og ha dei køyrande over lengre tid i visse spel. Men for at det skal vere gjeldande, har me satt ein minimumsstandard på at overklokkinga må kunne halde seg gåande i 3DMark Time Spy Extreme utan å krasje i ein halvtime.

Eit av dei nye funksjonane til Turing-plattforma er OC Scanner. Dette er eit verktøy som analyserer kvart voltage-nivå for å finne den rette overklokkingsverdien for kortet ditt. OC Scanner er ikkje alltid like nøyaktig, men verktøyet kan vere eit greitt startpunkt for å leike med klokkehastigheit (merk at det ikkje endrar minnehastigheit). Til meg føreslo OC Scanner å skru opp klokkehastigheita med 107 MHz, men eg klarte å få kortet til å køyre stabilt på +123, og +957 på minnet.

To 8-pinkoplingar sørgar for at ein kan skru opp straumforbruket til over 130% i MSI Afterburner viss ein lastar ned ei BIOS-oppdatering frå Gigabyte.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Av ein eller anna grunn er det Assassin’s Creed Origins som går mest utover maskinvaren min, så etter å ha testa ein del ulike spel med tilnærma likt resultat, køyrte eg ein drøss med rundar i benchmarkverktøyet til Origins. Her ligg skjermkortet for det meste godt over 2000 MHz, og boostar så høgt som 2070 MHz. Etter fem rundar i 2160p legg det overklokka kortet seg på rundt 69 FPS i gjennomsnitt, som er nesten ti prosent meir enn vanleg. Det er direkte imponerande. Eg kan ha vore heldig med denne brikken i silisiumlotteriet, men RTX 2080 Ti-korta er generelt særs kapable når det kjem til overklokking. Og når ein kan få ti prosent ekstra med på kjøpet til det som allereie er ein blodpris, bør ein verkeleg dra nytte av det. Sjølv med ei heftig overklokking som dette held skjermkortet fint koken i 5-6 år (gitt at det ikkje tar kvelden etter nokre få dagar som mange av RTX 20-serie-korta har gjort).

Straumforbruk, temperatur og støynivå

Med overklokkinga aktiv trakk kortet på det meste 372 watt frå veggen, og held seg rundt 75 grader i ein stresstest etter 30 minutt. Utan overklokkinga drog skjermkortet maksimalt 305 watt, med ein temperatur på 70 grader. Romtemperaturen min har vore nesten 25 grader, så sannsynlegvis vil skjermkortet vere kjølegare for dei fleste her på berget.

WindForce-kjølaren held temperaturen nede, men støynivået kunne vore noko lågare.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

På tomgang ligg kortet på 50 grader, og støynivået rundt 38 desibel. Under full last blir lyden noko høgare på 42 desibel, som er ein del hakk over kva andre tredjepartskort produserer, men det er framleis slik at ein ikkje merkar noko til lyden med mindre ein fokuserer på den.

Konklusjon

Gigabyte RTX 2080 Ti Gaming OC er nok eit av dei betre kjøpa blant tredjepartskorta. Det kostar nokre tusenlappar mindre enn toppkorta til ASUS og MSI, samt at det byr på det same potensialet for overklokking og ei habil kjøleløysing. Ein kjem sjølvsagt lengre med vasskjøling, men det blir fort ein del dyrare og ein del meir styr.

Skjermkortet er lite nok til at det tar plass i eit vanleg mid-kabinett til tross for ei løysing med tre vifter, og kjølaren held støynivået nede sjølv ved hard overklokking. Prisen er heller ikkje så galen, sett i forhold til resten av 2080 Ti-skjermkorta.

Likevel må det vere lov å trekkje nokre poeng for plattforma i seg sjølv. Turing-lanseringa har vore ein skuffande affære for forbrukarane når det kjem til det kraftigaste skjermkortet til Nvidia, med svak yting samanlikna med pris. Strålesporing og DLSS er kjekt det, men førebels er det liten grunn til å ta bruk av det. Kostnaden i yting er for stor, og den visuelle verknaden er ikkje så mykje å rope hurra for når me tenkjer over kor hardt det går utover lommeboka. Det er er ein ting å ha eit skjermkort som taklar 60 FPS i 4K i dei fleste nye spel, men å betale 216 kroner for kvar FPS er framleis alt, alt for mykje.

For å jamne ut karakterforskjell med komande tredjepartskort vil me der dempe fokuset på RTX 2080 Ti i seg sjølv, og heller gi korta me testar i første runde ny karakter i ein eigen samletest for tredjepartskort.

Klikk her for å gå vidare til neste side og benchmarkresultat i ti ulike spel »

Gamer.no er framleis i startfasen av maskinvaresatsinga vår, og vil gjerne høyre tilbakemeldingar om produkt de ønskjer me skal teste, eller kommentarar de eventuelt har til tekstane generelt.

7
/10
Gigabyte GeForce RTX 2080 Ti Gaming OC
Eit av dei klart beste tredjepartskorta, men 2080 Ti er generelt alt for dyrt.
Effektiv kjøleløysing
Akseptabel pris samanlikna med andre tredjepartskort
Overklokkingsmonster
Forholdsvis lite kort
Støyar ein del meir under full last enn dei beste konkurrentane
[2080 Ti generelt] Strålesporing og DLSS er framleis mest gimmick
[2080 TI generelt] Særdeles stiv pris
1: Skråblikk på Turing-toppkortet
2: Test av Gigabyte GeForce RTX 2080 Ti Gaming OC
3: Benchmark av 10 spel

Siste fra forsiden