Anmeldelse

F.E.A.R.

Om du var for feig til å la F.E.A.R. skremme vannet av deg i fjor, har du ein ny sjanse no. Grip den!

Nokre spel har ei iherdig motstandskraft mot tid og tann. Dei står sterke mot bølgene som blir kasta mot seg, og viser ingen teikn til å miste fotfeste. Det er desse spela som blir hugsa for å ha gitt deg noko, gjort noko med deg, og give deg ei oppleving du ikkje gløymer.

Veldig mange spel kan framstå som fantastiske der du sit og spelar dei, men nokre månader seinare har du gløymt alt. Du hugsar ikkje kvifor du eigentleg brydde deg, og om du skulle ta det usannsynlege skritt å plukke det fram igjen, ser du at det var bra, men ingenting meir enn det. Det er dette siste faktum som gjer det litt skummelt når eit spel blir sluppe på ny eit år etter det først dukka opp.

Eg kan framleis hugse å sitje i ein kontorstol med stålblanke auge der eg pløgde gjennom F.E.A.R. då det kom til PC i fjor. Eg kan hugse korleis eg ikkje greidde å sjå bort. Eg greidde ikkje ta pauser, for eg måtte vidare. Eg kunne ikkje stoppe, måtte fullføre. Og no, over eit år seinare har det dukka opp på Xbox 360. Det same spelet, og no må eg på ny gjennom det som skremde meg i fjor.

Dette er vanskeleg, for store delar av det som førte til at hugser F.E.A.R. som eit av dei mest minneverdige spela dei siste åra, er at eg blei skremt. Eg hoppa ikkje i stolen, eg skvatt ikkje ved den minste lyd, men eg var skremt. Eg likte det ikkje, men eg måtte ha det. Det var eit uimotståeleg ubehag. Den søte smaken av frykt.

Kan eg oppleve dette igjen? Kjem F.E.A.R. til å vise seg å mangle alt det som gjor det bra, no når eg har gjennomgått det før? Eg veit kva som skjer, eg veit kva utfallet blir, så kan eg bli skremt igjen? Eller vil F.E.A.R. vise seg å være eit spel med ordinære funksjonar, som lurte med inn i ein draum der åsgårdsreia plyndra meg for alt eg har kjært? Det er ei frykt for at noko skal forsvinne, og det er ei frykt som vedvarar, og utviklar seg til å bli den same ubehagelege kjensla som sitra gjennom kroppen min for litt over eit år sidan.

Det evige mørke

F.E.A.R. er nøyaktig det same. Det er nøyaktig den same skrekken som fekk meg til å skjelve av spenning. Eg skal ikkje lyge og sei du kjem til å bli like skremd no om du har spelt det før, men sjølv om eg har opplevd det før, er den ubehagelege kjensla framleis der. Korridorane er framleis like mørke, du er like frustrert over kor lite du kan sjå, og du vurderar om du må stille inn på lysstyrka på TV-en din, berre for å innsjå at du med det ville øydelegge alt. Det skal være så mørkt, du skal ikkje sjå noko. Om du såg alt, ville reaksjonen du får i det skyggane flyttar på seg ved blindpunktet ditt, langt ifrå bli det same.

Så kva er eigentleg F.E.A.R? Kva er det som får dette spelet til å krype under huda di som larvar? Til og med eit år etter? Det er ikkje alle som blir skremde, det er klart, men alle har og forskjellige utgangspunkt, og forskjellige ting som skremmer dei. Personleg var F.E.A.R. første gong eg blei skremd på veldig mange år. Ingen filmar eller spel, uansett om det er Ringu eller Silent Hill, har fått meg til å kjenne det same. I F.E.A.R. skjer alt rundt deg, og det er ikkje alltid du ser kva som skjer heller. Om du ser i feil retning, ser du ikkje den vesle jenta som listar seg forbi i det fjerne. Men om du snur deg akkurat tidsnok, ser du det, og får akkurat den støkken du innerst inne håpar på.

Det er måten Monolith får deg til å oppleve ting på medan du spelar, som gir F.E.A.R. si slagkraft. I staden for å kun springe rundt i forskjellige område og skyte ned alt du ser, for så å bli avbroten av mellomsekvensar, blir historia fortalt medan du spelar. Du finn visse sekvensar du ikkje har kontroll over, men dette er eit unntak. Størsteparten av all informasjon du får om kva som skjer får du medan du spelar. Du får ny kunnskap via din overordna, og samtidig kan du sjekke meldingar på telefonar som ligg rundt omkring. Når du møte folk skjer også alt dette i sanntid, noko som gir deg ei større kjensle av å være der enn å berre springe frå punkt til punkt medan du ventar på neste mellomsekvens.

I prinsippet er F.E.A.R. eit høgst tradisjonelt skytespel i førsteperson, men som vi alle veit kan presentasjonen av eit produkt ha fundemanetal innverknad på korleis det blir motteke. Mario hadde ikkje nødvendigvis blitt eit ikon om han hadde vore ein liten gut med olabukse og gule støvlar. F.E.A.R. presenterar seg sjølv i mørke og kalde korridorar, med intens og subtil musikk som gnir seg mot ryggen din som rustne sagblad. Stemninga er noko som følger med deg kvar du enn går. Det er bekmørkt, og lommelykta er noko som blir flittig brukt. Det er imidlertid ikkje lurt å ha den på konstant, sidan fienden kan sjå lyset og reagere deretter. Med det høge nivået den kunstige intelligensen er på, vil du for all del sjå fienden først, ikkje omvendt.

Intelligent motstand

Sjølv om fiendane i spelet er soldatar styrt av den mystisk Paxton Fettel, og er tilsynelatande utan fri vilje, er dei høgst intelligente og veit kva dei skal gjere for å ta knekken på deg. Dei flankar deg, gøymer seg bak ting, og er aldri dine statiske fiendar som aldri viser reell motstand. Det er ikkje så mange forskjellige typar fiendar i spelet, men akkurat her spelar det ikkje så stor rolle. Alle våpen du kan ta i bruk, kan også dei bruke, og det er der ein del av utfordringa ligg.

Våpna i F.E.A.R. er velpolerte og ingen av dei blir på noko punkt unyttige. Nokre våpen er sjølvsagt dødbringande i større grad enn andre, men ammunisjonen for slike våpen er også vanskelegare å finne. Du finn til dømes ikkje rakettar liggande rundt kvart hjørne, medan ammunisjon for automatvåpen og pumphagle er mykje lettare å oppdrive. Du finn også ei rekke svært innbydande våpen å ta i bruk for dine bestialske formål. Til dømes har vi eit pulsvåpen som kun etterlet eit skjellett av dei det treff. Ein personleg favoritt er naglepistolen som kan nagle fiendar til veggar, noko som på ein sukkersøt måte illustrerar F.E.A.R. sin gode fysikk.

Over Xbox Live er F.E.A.R. ei fryd å spele. Du finn dei same karta som i PC-versjonen, men om du først kjøper F.E.A.R. til Xbox 360 er vel sjansen for at du har opplevd dette før ganske liten. Karta er generelt sett svært gode i oppbygging. Du finn nok av gangar, skjulte våpen, og trange passasjar der du kan møte motspelarane i korte og blodige oppgjer. Noko som er mangelvare i mange spel, men som du finn i F.E.A.R., er musikk i fleirspelar-delen. Det er mørkt og ubehageleg, akkurat som F.E.A.R. elles. Den nifse stemninga som gir spelet sitt særpreg, siv frå einspelar-delen og over til Xbox Live. Noko som skapar ei ganske unik stemning i alt blodbadet.

Det er i tillegg er det veldig lett å kome i gong med kampar. Du treng ikkje logge deg inn på noko som helst før du går i gong, men går direkte til søking etter spel frå hovudmenyen. Dette får jakta på eit spel til å gå i eit befriande tempo. Eventuelt kan du sjølvsagt bygge opp ditt eige spel om du skulle ønske. Ein liten ting som er litt uforståeleg med F.E.A.R. i negativ forstand er kvifor alle må velje startvåpen sjølv. Dette gir rom for folk som har spesialisert seg med eit våpen til å kun bruke det, og plukke ned andre og gjerne mindre erfarne spelarar. Du spring aldri rundt og leitar etter favorittvåpenet, og for nye spelarar kan nok dette framstå som litt urettferdig. Om alle måtte starte likt, og leite seg fram til gode våpen, hadde balansen sannsynlegvis blitt litt betre.

Konklusjon

Eg har sikkert sagt mykje om korleis det er å spele eit spel om igjen, men det er ein grunn til det. Å spele eit spel på nytt i eit anna format kan lett påvirke synspunkta dine, og eit førsteinntrykk får du aldri tilbake. Om du allereie har runda F.E.A.R. er det kanskje ikkje dei store grunnane til å gå til anskaffing av spelet ein gong til. Om du gikk glipp av det i fjor, har du no sjansen til å nyte eit av dei beste og mest ubehagelege skytespela i nyare tid. Sjølv om grafikken kanskje ikkje er på same nivå som Gears of War, er det framleis eit veldig pent spel av høg klasse, og det er eit spel som fungerar minst like godt på Xbox 360 som det gjer på PC. F.E.A.R. er eit nydeleg og makabert skytespel du bør få med deg, og om du enda ikkje har gjort det, har du noe ein gyllen sjanse til å lene deg godt tilbake i sofaen, og la frykta ta over.

Siste fra forsiden