Test

Patriot Viper V765

Få tastatur gir så god tasteoppleving som dette

Kjem til ein særs rimeleg pris.

Viper

Viss du ikkje har høyrt om Patriot eller Viper Gaming før, skal eg ikkje klandre deg. Dei er mest kjende som produsentar av minne og harddiskar til datamaskinar i USA, men har no bestemt seg for å utvide til gamingtilbehør her i Europa. Satsinga mot Skandinavia starta i haust, og snart kjem me nok til å sjå ein del av produkta deira i norske butikkar.

Me har fått tilsendt to versjonar av det mekaniske mellomklassetastaturet deira Viper V765, som kjem med enten raude eller kvite Kailh BOX-brytarar. Desse er IP56-vurderte, som betyr at dei skal tole både støv og nokre skvettar med vatn.

Tastaturet skal koste deg 999 kroner når det kjem i norske butikkar, og har det meste av det du treng til gamingbehova dine.

Design og komfort

Det første du legg merke til med V765 er konstruksjonen i børsta våpenmetallfinish. Tastaturet verkar særs solid, og er naturleg nok difor òg ganske tungt. Det er litt plast her og der, men så er ikkje dette noko toppklassetastatur, heller.

V765 tar opp forholdsvis lite plass på pulten med tanke på at det kjem i fullformat, og kan støttast opp av nokre låge føter på undersida. Det er ikkje så mykje luft mellom tastane, så tastaturet blir ganske kompakt.

Viper V765 er eit solid og kompakt tastatur.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Øvst på tastaturet på høgre side, finn me eit rullehjul for volum, som har akkurat passe følsemd. På den andre sida har du medieknappar, slik at du kan stoppe, pause og spole i musikk eller film. Det er ikkje så veldig mange tastatur sør for tusenlappen som gir deg så mange ekstrafunksjonar som dette, men minuset er at tastaturet manglar Passthrough for USB.

Handleddsstøtta som følgjer med er meir symbolsk enn noko anna, då den er så kort at eg berre kjenner at den gneg inn i handflata mi. Den låser seg fast til tastaturet med ein magnet og har eit gummibelegg som er behageleg å ha handa på, men det hjelper lite når eg ikkje får til å bruke det mens det er kopla til tastaturet. Det er strengt tatt betre å skrive på V765 utan handleddsstøtta.

Komforten på tastehettene er det ikkje noko å seie på. Dei har ein liten bøy på midten, slik at ein kan kvile fingrane på dei. Eg likar dei små detaljane dei har gjort med knappane, der alt av funksjonstastar og piltastar har illustrasjonar for kva dei gjer.

Elles har du standardutstyret som omtrent alle gamingtastatur har for tida, med baklyste tastar og «N-key rollover» og «anti-ghosting», som gjer at du kan trykke inn alle tastane på likt.

Brytarar

Kailh BOX White-brytarane er sabla gode å skrive på.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me har fått teste både versjonen med lineære Kailh BOX Red og den taktile klikkebrytaren Kailh BOX White. Sistnemnde er godt mogleg min nye favoritt til skriving. Det er alltid ein fin balanse i valet mellom noko som er behageleg å skrive på og noko som fungerer bra til spel, men som journalist blir det naturlegvis mykje klakking på tastaturet i lengda. Då lener eg mot noko som eg kan skrive effektivt på, og eg har ein mistanke om at eg kjem til å handle meg nokre slike brytarar neste gong eg byggjer eit tastatur.

Skrivekjensla minner mykje om Razer sine opto-mekaniske brytarar, men med eit monaleg lågare støynivå. Kailh White-brytarane har innslag på 1.8 millimeter og full vandring på 3.6 millimeter. Saman med den fine tilbakemeldinga, gjer dette at det kjenst veldig tilfredsstillande å skrive med dei. Du treng 50 gram kraft for å trykke ned tasten, og 60 gram for å treffe botnen.

Dei raude minner mykje om Cherry MX Red-brytaren, men denne lagar òg mindre støy enn inspirasjonskjelda si. Spesifikasjonane på BOX Red er identiske til White, berre at Red er ein lineær brytar, i staden for taktil med klikk.

BOX-brytarane er ikkje så veldig ulike Kailh-brytarar som ikkje kjem i BOX-varianten, men skal vere stabile. Dei er mindre lealause enn sine namnebrør, og det er eit stort pluss.

RGB og programvare

Det er ganske openbert at produsenten ikkje har lagt all verda med arbeid i designet av programvara si. Utsjånaden er ikkje spesielt imponerande. Likevel er funksjonaliteten på plass, og det er neppe mange som faktisk bryr seg om korleis programvara ser ut, så lenge den er oversiktleg. Og det er den.

Alt av funksjonalitet er samla på ei side. Du kan definere oppdateringsrate her, som er ganske uvanleg for eit tastatur, og du kan sette på litt forseinking i kor fort tastaturet registrerer kva du trykker. Eg ser ikkje heilt kvifor ein skulle ha det på noko anna enn null, men du har i alle fall moglegheita til å gjere det.

Viper V765 har eigne sidepanel med RGB-lys.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Programvara har òg ein knapp for programmering av makrokommandoar, og knappar for «Game Mode» slik at tastefunksjonar ikkje riv deg ut av spelet dersom du trykkjer på dei ved uhell. Det same gjeld ein funksjon som låser Windows-knappen.

Sist, men ikkje minst, er sjølvsagt RGB-funksjonane. Tastaturet har både RGB i tastane og eit baklys, som kan styrast separat. Det er det heller ikkje så ofte ein ser. Du blir servert det meste av standardinnstillingar for RGB-lys, med bølgjer, regnboge, dropeeffekt og så vidare. Programvara lar deg òg definere tempo og lysstyrke. Nok eit ganske unikt innslag her er at du kan angi kva retning lyset skal gå i. Det trur eg ikkje nokon andre leverandørar lar deg gjere.

Som på MSI-tastaturet me testa i fjor har V765 òg RGB i lyspanel på sidene av tastaturet, som skapar eit kult lysspel på pulten rundt tastaturet.

Programvara ser ikkje ut, men er enkel, grei og funksjonsrik.
Skjermdump

Konklusjon

Viper V765 ber preg av nokre barnesjukdomar, men viss den lanserer til prisen som produsenten lovar, er det få tastatur som gir så mykje for pengane som dette. Gamingtastatur med denne typen funksjonalitet kostar stort sett 1500 og over. Produsentane har ein tendens til å bli meir og meir grådige, og prisane stig for kvart år. Det er ikkje uvanleg med gamingtastatur til 2500 kroner lengre.

Brytarane på V765 er heilt kanon, RGB-funksjonane er blant dei mest omfattande du kan kjøpe, medieknappane er greie og rullehjulet er særs praktisk. Derimot trekkjer handleddsstøtta ned, for den er rett og slett ikkje brukande. Du kan sikkert bli vand med den, men då skal du legge ned ein solid innsats. Tastaturet vil heller ikkje kome med norsk tastelayout med det første. I korrespondanse med produsenten får eg beskjed om at dei ikkje kan produsere ein norsk variant før tastaturet er ute i norske butikkar, og det verkar ein smule bakvendt.

Uansett får du mykje for pengane her – sjølv utan å tenkje på handleddsstøtta. Eg klarte ikkje finne eit einaste gamingtastatur med desse brytarane i Noreg, og det er synd. Det er få tastatur som gir ei så god tasteoppleving som dette.

Førebels klistrar me på ein sjuar her, så skal me eventuelt justere karakteren opp dersom det kjem eit norsk layout. Valuta for pengane er det store med V765, og det er forsvinnande få gamingtastatur som kan konkurrere med dette i pris ved lansering.

Les også: Kompakt gamingtastatur til ein grei pris »

7
/10
Patriot Viper V765
V765 er ei fryd å skrive på, og kjem til ein fornuftig pris.
Brytarar som gir ei skriveoppleving få kan matche
Omfattande RGB
Låg pris
Dedikerte medieknappar
Eige rullehjul for volum
Solid byggekvalitet
Handleddstøtta er tilnærma ubrukeleg
Ikkje tilgjengeleg med nordisk/norsk tasteoppsett
Ingen Passthrough

Siste fra forsiden