Test

MSI Vigor GK80

Eit av dei betre tastatura me har testa

Flaggskiptastatur med ypparlege brytarar, behageleg handleddstøtte og kanon byggekvalitet.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

MSI er ein av dei store innan PC-maskinvare. Om du har handla hovudkort, skjermkort eller datamaskinar, så har du garantert høyrt om selskapet.

I det siste har dei utvida satsinga si til PC-tilbehøyr. Me har fått tilsendt ein del snacks frå produsenten, og kjem til å publisere testar av dette i tida framover. Først ute er det nye flaggskiptastaturet deira, MSI Vigor GK80.

Førebels er det berre ein netthandel som har fått inn tastaturet i Noreg, og der ligg prisen på heile 1 789 kroner. Dette er altså ein av dei desidert dyraste tastatura på marknaden. Til gjengjeld gir MSI deg ei rekkje funksjonar for pengane, som ypparlege Cherry MX Speed Silver-brytarar, diskolys-RGB, dedikerte medieknappar og ei skikkeleg handleddstøtte.

NB: Gamer.no har testa ein versjon utan nordisk tasteoppsett. Tastaturet i dei norske butikkane har Æ, Ø og Å.

Design

Byggekvaliteten, handleddstøtta og utsjånaden er det som verkeleg skil MSI Vigor GK80 frå konkurransen. Heile framsida av tastaturet kjem i børsta, «gunmetall»-farga aluminium. Det gjer at tastaturet blir tungt, men det gir og eit inntrykk av at dette er noko som kjem til å vare. GK80 ber definitivt preg av høg kvalitet. Finishen er òg glatt for fingrane, så det er behageleg å ha fingrane på sida av tastaturet, eller over piltastane.

Baksida har ei stilig raud stripe, dedikerte medieknappar og USB Passthrough.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ikkje vanskeleg å sjå at dette er eit spelprodukt. Toppen av tastaturet har ei lang, MSI-raud list med mønster, og tastaturet har eit så forseggjord RGB-system at du fint kan vere vertskap for ditt eige raveparty med berre MSI Vigor GK80 som lyskjelde. Sidene av tastaturet har nokre eigne gjennomsiktige lister med LED-lys i ein drøss med fargar. Alle tastane har òg fullt baklys.

Det aller kulaste er kanskje tastehettene i metall for WASD-knappane, som har eigen RGB-sone. Dei er sabla glatte, så spesielt funksjonelle er dei ikkje, men det er eit friskt pust. Heldigvis har utviklaren lagt ved ein drøss med ekstra tastehetter med ei ruglete overflate i eska, så du kan byte ut omtrent alle av standard «gamingtastar» som WASD, mellomrom og liknanade.

Det seier seg vel litt sjølv at ein må vere glad i RGB for å investere i dette. MSI har lagt stort fokus på diskolys-funksjonane. Eg går litt meir inn på det i detalj lenger nede i saken, men det er definitivt dei som vil seie at tastaturet er glorete, og viss du er ein av dei, så er det billigare og meir praktiske tastatur på marknaden. Utan noko interesse for RGB er ikkje MSI Vigor GK80 så veldig interessant. Ikkje med tanke på prisen, i alle fall. Det er eit robust tastatur med ein heilt spesiell utsjånad.

Handleddstøtte og tastar

Handleddstøtta er laga av metall, og har ei eiga lomme for tastehetter på undersida.

For meg er handleddstøtte obligatorisk på tastatur. Mange produsentar har ein tendens til å berre inkludere noko plastikkjuggel med tastatura sine, og det er eg takksam for at MSI ikkje gjer. Handleddstøtta til GK80 er laga av metall, og har eit gummibelegg med små furer oppå. Det er definitivt behageleg å ha handbaken kvilande opp mot den.

Støtta er ikkje fullt like god som dei ein får på Razer sine BlackWidow-tastatur og Logitech G513, men det er ein av dei betre eg har prøvd. Det har òg eit spor på undersida, der du kan dytte inn dei ekstra tastehettene som følgjer med, slik at du ikkje rotar dei vekk. Ei smart løysing, syns eg.

Eit anna stort pluss i boka for Vigor GK80 er dedikerte medieknappar. Dei er riktig nok litt i det minste laget, og det er fort gjort å trykke feil, men det er vel gjort for at dei ikkje skal ha noko effekt på utsjånaden.

Brytarar

Slik ser Cherry MX Speed Silver RGB-brytaren ut.
Cherry

MSI Vigor GK80 kjem med enten Cherry MX Red eller Cherry MX Speed Silver, der me testa dei sistnemnde. Begge er vel eigentleg trygge val, men eg føretrekkjer Silver-versjonen. Den har ein litt djupare lyd i motsetning til den meir «klikkete»-lyden til Red, dog er støynivået tilnærma identisk. Silver er i praksis ein Cherry MX Red-brytar berre med kortare vandring – 3.4 millimeter i staden for 4, og eit innslag på 1.2 millimeter i staden for Red-brytarens to millimeter. Forskjellane er ikkje all verda, men eg merkar det ganske godt viss eg samanliknar med eit anna tastatur med Red, i alle fall når det kjem til skriving. Det kjenst ut som det er ein smule kortare ned – og det er det jo.

Både Cherry MX Red og Cherry MX Speed Silver er lineære brytarar, som betyr at dei er spesielt godt eigna til dataspel. For min del syns eg val av brytar er mest ein smakssak, men den kortare vandringa kan moglegvis gi deg eitt ord eller to ekstra i minuttet når du skriv, og kan kanskje bety forskjellen mellom liv og død i eit spel i nokre få tilfelle. Uansett er begge utgåvene gode val.

Programvare og RGB

Programvaren til MSI Vigor GK80 er eit lite mysterium for meg. Du får berre programvare for lyset på tastaturet, og det kjem i form av MSI MysticLight, eit program som kan synkronisere RGB-lys på alle MSI-dingsane du eig. Det betyr at tastaturet kan få likt lys som skjermkortet ditt, til dømes. Problemet er berre at det er heilt håplaust å finne fram i. Det tok meg fort tretti sekund med trykking på tilfeldige knappar før eg fann ut korleis eg kom inn på tastatur-fana, og når eg endeleg klarte det, så var det ingen av RGB-innstillingane som faktisk fungerte.

RGB-lyset på GK80 er ein smule glorete, men òg ganske kult.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det tok eit par omstartar før noko skjedde, men eg trur ikkje eg hadde gidda å styrt noko særleg med det her. MysticLight er skikkeleg rotete. Heldigvis har MSI lagt til tastatursnarvegar for alle dei ulike lysinnstillingane. Det er heile fjorten forskjellege, deriblant eigne program for Counter-Strike: Global Offensive, League of Legends og Overwatch. Prikken over i-en er dei LED-belyste sidepanela. Desse kan ein òg endre på med hurtigtastar, og dei kan slåast heil av, eller skiftast til å ha statiske fargar.

Det er òg mogleg å lage eigne profilar, men det er ein smule meir tungvint når ein gjer alt med FN og F-tastane. Her hadde ein litt meir påliteleg programvare vore greitt. Det same gjeld makrosnarvegar. Eit tastatur til nesten 1800 kroner bør verkeleg ha makrooppsett, og det har ikkje MysticLight støtte for. GK80 har ein del knappar med eigne snarvegar, men det er først og fremst til å opne andre MSI-program som Afterburner og MSI Gaming App.

Konklusjon

Du får med heile 16 ekstra tastehetter i eska.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

MSI sitt nye flaggskip er definitivt eit av dei betre tastatura eg har testa, men med ein såpass stiv prislapp så skulle det eigentleg berre mangle. Du kan enkelt finne tastatur som gir deg meir for pengane. Det du betalar for er først og fremst byggekvaliteten, det spektakulære lysshowet og MSI-merket.

For dette er nok i stor grad mynta på fans av produsenten. Elles trur eg ikkje dei hadde lagt inn så mykje merkevaregreier, som logo både på toppen, på handleddstøtta og undersida, samt den lange lista med MSI-raudfarge.

Er du av typen som set pris på RGB er det likevel få andre som kan tilby noko så spesielt som dette. Razer har kanskje finare fargar, men eg har ikkje sett noko anna tastatur med LED-lys på sidene slik som dette. MSI Vigor GK80 er kult. Men òg ein smule glorete. Eg er nok ikkje del av målgruppa for dette tastaturet, men det er definitivt folk som vil sette pris på MSIs nye satsing.

Er du ute etter eit litt billigare gamingtastatur med Cherry MX Red-brytarar og masse RGB, er Corsair K68 verdt ein kikk »

7
/10
MSI Vigor GK80
MSI Vigor GK80 er svindyr, men likevel verdt pengane for RGB-fans.
14 ulike RGB-profilar
Kult LED-lyspanel
Cherry MX Red/Silver-brytarar sikrar ypparleg yting
Botnsolid konstruksjon
Dedikerte medieknappar
Behageleg handleddstøtte i metall
Heile 16 ekstra tastehetter i eska
Fletta kabel
Alt for dyr viss ein ikkje bryr seg om RGB
Ingen dedikerte makroknappar
Rotete og buggy programvare

Siste fra forsiden