Test

Corsair K68 RGB

Fargerikt og bygd for å tole ein støyt

Corsair K68 RGB er eit robust vass- og støvavstøtande tastatur, med ein av marknadens beste gamingbrytarar.

Me har testa ein versjon utan nordisk tasteoppsett. Tastaturet i de norske butikkene har Æ, Ø og Å.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Å finne det rette gamingtastaturet er vanskeleg i ein meitta marknad. Gamer.no ønskjer å gjere denne prosessen litt enklare ved å ta ein kikk på dei mest populære produkta. Turen har kome til Corsairs nye satsing, som byr på eit robust og velytande produkt til både speling og skriving.

Corsair K68 RGB kostar deg 1 400 kroner, eit par hakk under K95 RGB. Dette er i praksis den same modellen minus nokre funksjonar og dedikerte makrotastar, men totalt sett får ein meir for pengane med K68.

RGB er hovudattraksjonen for K68. Eg trur ikkje det finst andre tastaturprodusentar som har like omfattande RGB-løysingar som det Corsair viser fram. Programvaren iCUE tar fargelys til eit nytt nivå med eit brukarvenleg oppsett, saman med særs omfattande makroprogrammering for dei som ønskjer å få mest mogleg ut av tastaturet.

NB: Gamer.no har testa ein versjon utan nordisk tasteoppsett. Tastaturet i de norske butikkene har Æ, Ø og Å.

Design

Corsair-tastatur er laga for å tole ein støyt. Det viser dei her òg. K68 er tungt og solid, og ligg godt på pulten utan å skli. For dei klumsete og/eller rotete blant oss, har Corsair gjort tastaturet resistent mot både støv og væskesøl. Eg ville ikkje tømt vassglaset mitt på det her, men det skal tole nokre dropar med vatn ved uhell.

K68 byr på dedikerte medieknappar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Konstruksjonen reflekterer prislappen. Det ligg eit tynt plastikkbelegg oppå slik at ein slepp fingeravtrykk på finishen, og resten av ramma er av stål. Likevel er det eit par ting eg saknar.

For det første er ikkje kabelen fletta, slik at det er potensiale for brot viss den krøllar seg. Ikkje at det er noko stort problem, men det er ein skilnad frå dei andre tastatura me har testa i same prisklasse. Det er heller ingen Passthrough for USB på baksida av tastaturet, noko ein ventar å sjå når ein blar opp 1 400 kronasjar.

Av ekstraknappar får du ein lås for Windows-tastane, ein knapp som justerer lysstyrke på RGB, og dedikerte medieknappar. I staden for eit rullehjul for volum slik K70 har, bruker K68 tre forskjellege knappar for å skru på volumet.

Komfort

For meg handlar komfort på tastatur i stor grad om handleddstøtta. Det er ikkje alle som bruker desse i det heile, men for meg er det obligatorisk. Eg må ha noko som handbaken kan kvile på. Corsair K68s støtte er definitivt ein av dei betre. Den er riktig nok laga av tynn plastikk, men har ei ru overflate som hindrar at handa sklir. Likevel skulle eg gjerne sett at fleire gjorde slik som Logitech (G513) og Razer gjer med handleddstøtte av stoff. Den varianten er langt meir behageleg. Handleddstøtta på K68 får jobben gjort, men eg håpar me ser fleire hente inspirasjon frå tastatur som Logitech G513 i framtida.

Handleddestøtta er god, men eg skulle ønskje den kom i eit anna materiale enn plastikk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ein kan låse støtta både rett og i 45 graders vinkel nedover, slik at ein enten kan ha den liggande på pulten, eller kvilande over kanten. Når ein først har handleddstøtta på plass, er det ingen problem å fyre opp nokre lange gamingøkter, eller å køyre harde skippartak i tekstbehandlingsprogram for å få ferdig semesteroppgåve eller kva det måtte vere. Ein skriv kjapt, utan ubehag.

Brytarar og tastehetter

Det er ingen stor overrasking at Corsair K68 RGB yter godt. Under panseret sit nemleg den lineære Cherry MX Red-brytaren. Denne er designa for lågt lydnivå, med ei lett trykkraft, og kort nedtrykksdistanse. Dette er kanskje den gamingbrytaren me ser mest av, slik at konkurransen er tøff i prisklassen til K68. Cherry-brytarar er stort sett ein garanti om ypparleg yting, slik at andre funksjonar blir viktigare å sjå på når ein skal vurdere kva tastatur ein bør kjøpe.

RGB med så mange forhandsoppsett til under 1500 kroner er eit sjeldan syn (nordisk oppsett frå produsent).
Corsair

Over brytarane sit nokre glatte tastehetter, som er gode å kvile fingrane på. Det som slo meg med ein gong eg fekk teste tastaturet, var fonten på bokstavane. Den er dritkul. Ein ser det ikkje så godt på bileta, men bokstavane har eit digitalt preg, og ser spisse og kantete ut. Det er annleis, forfriskande.

K68 byr òg på ein teksturert mellomromtast med eit industrimetall-mønster. Den minnar ein del om det me såg i den førre testen vår, av HyperX Alloy Elite LED.

Programvare

Corsair har som mange andre produsentar satsa friskt på RGB i det siste, og det reflekterast i både K68-tastaturet og iCUE-programvaren deira. Eg hadde ikkje prøvd denne programvaren før no, og eg har aldri sett så mange RGB-innstillingar før. Du får ni ulike forhandsdefinerte oppsett, som alle kan justerast vidare med lysstyrke, tempo, fargar, mønster og så vidare. Viss ein er interessert, er det altså veldig mykje ein kan gjere med RGB-lyset. Det er òg mange ulike måtar å skreddarsy lyset på utan å bruke dei forhandsdefinerte løysingane, slik at alt kan detaljstyrast ned til minste nivå. RGB-lyset har sjølvsagt òg ein synkroniseringseffekt med alle andre Corsair-produkt du eig. Det blir reine rave-partyet etter kvart.

Det er mykje å pusle med i programvaren.
Skjermdump iCUE

Dersom ein ikkje bryr seg så mykje om RGB-lyset, kjem K68 i ein LED-versjon til 400 kroner mindre. Ein mistar kontrollen over lyset i programvara, men det er framleis tilgang til dei omfattande makrofunksjonane som iCUE kjem med. Det er ikkje måte på kva ein programmere tastane til. iCUE når fint opp på same nivå som Logitechs marknadsleiande programvare. Corsairs program er òg lettare å finne fram i enn det Logitech Gaming Software er.

Konklusjon

Corsair K68 RGB er utvilsamt eit godt tastatur. Det er solid, har ein av dei beste brytarane du kan få tak i, tilbyr det du treng av funksjonalitet, og kjem med eit omfattande tilbod av RGB-oppsett. Byggekvaliteten er på topp. Corsair har til og med gjort tastaturet delvis resistent mot støv og vatn.

Likevel er det nokre få manglar her og der som gjer at eg heller ville investert ein hundrelapp ekstra i eit tastatur som ASUS ROG Strix Flare. Når ein blar opp 1 400 kroner syns eg nesten ein bør kunne forvente ein USB Passthrough. Det er heller ingen fletta kabel. Men akkurat kva ein treng av funksjonalitet blir sjølvsagt opp til den enkelte, så viss du er fan av RGB og ikkje treng Passthrough, er Corsair K68 midt i blinken for deg.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
7
/10
Corsair K68 RGB
Corsair leverer eit solid produkt med flott RGB, men manglar det vesle ekstra.
Latterleg mange RGB-effektar
Cherry MX Red-brytarane gir glimrande yting til speling
Behageleg i bruk
Solid konstruksjon
Låsbar støtte til handleddet
Glimrande programvare. Lite behov for dedikerte makrotastar med iCue
Manglar fletta kabel
Ingen USB Passthrough

Siste fra forsiden