TEST: HyperX Alloy Elite LED

Test HyperX Alloy Elite LED

(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Det viktigaste du treng til ein grei pris

HyperX Alloy Elite har det meste som er venta av eit speltastatur i toppklassen.

Etter å ha brukt ein månads tid med HyperX si glimrande skytespelmus Pulsefire Surge, har eg fått bryne meg på eit av dei nye tastatura deira. HyperX Alloy Elite Red LED plasserer seg i mellomklassen prismessig, og byr på sterkt belyste tastar, hendige mediaknappar med rullehjul for volum, og eigen modus for speling.

Tastaturet kjem i fullformat med numpad, men manglar dedikerte makroknappar. Den fletta kabelen er ein del lengre enn det ein vanlegvis ser på tastatur, og ein kan få Alloy Elite med tre ulike brytarar. Ein har val mellom Cherry MX Red, Brown eller Blue. Førebels er det berre den lineære gamingbrytaren Cherry MX Red som er tilgjengeleg i Noreg, slik at ein må handle på Amazon for å få tak i dei andre variantane. 

Treng du ei ny spillmus?
HyperX Pulsefire Surge er bygd for presisjon og skytespel »

Design

HyperX har haldt seg til eit relativt enkelt design. Her er det ingen harry RGB-diskolys, og tastaturet har ein glatt, svartfarga finish. På toppen finn du medieknappar, eit sett av knappar som styrer lys- og gamingmodus og eit rullehjul for volum – dog utan taktil feedback. Undersida har nokre små føter som kan flippast ut viss ein ønskjer å få tastaturet litt opp i høgda, og på baksida finn me ein eigen USB-passthrough. Ein får altså det meste av det som er venta av eit gamingtastatur i toppklassen. 

Alloy Elite har all funksjonaliteten ein treng (minus makroknappar, då). Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dessverre er det ikkje noko programvare med LED-versjonen av Alloy Elite, slik at alle profilane for det raude lyset er lagra i minnet. Det er totalt seks ulike lysprofilar, samt ein funksjon for å lage eigne. Eg føretrekkjer eigentleg den som lyser konstant, men ein kan òg få nokre ulike bølgjeeffektar, og eit par som avgrensar lyset til berre toppen eller til WASD-tastane. 

Under toppknappane ligg det eit slags LED-røyr med 18 LED-diodar, som lyser opp resten av tastaturet. Ein merkar fort den imponerande lysstyrken. Den kan du rullere gjennom med ein av toppknappane, som lar deg velje mellom fire ulike nivå på lyset. Maksnivået er nesten i overkant. I mørket er det litt sånn som når ein er ute og tuslar etter ein runde på byen, og ved eit uhell går over eit farga lys i gata som omtrent sett fyr på netthinna di. Det finst ein versjon av Alloy Elite med fullverdig RGB-løysing, men den er ein del dyrare, og det er neppe verdt dei tre-fire ekstra hundrelappane du må ut med.

Det er ein ting som manglar på begge utgåvene av Alloy Elite, og det er indikatorlys for scroll lock-tasten. Lyset har blitt ofra for å legge til ein eigen indikator for gamingmodusen (låser tastar du ikkje brukar i spel). Ikkje at det er så mange som bruker scroll lock lengre, men eg syns ærleg talt gamingmodusen er noko poenglaus. Eg ville mykje heller hatt scroll lock-lyset tilbake. Gamingmodusen er sikkert kjekk for dei som har ein tendens til å feiltrykke på Windows-tasten og slikt når dei speler i vindaugeoppløysing, men eg syns ikkje det er nok til å kutte scroll lock-indikatoren. 

Byggekvalitet og handleddstøtte

HyperX Alloy Elite er prega av ein del plastikk, men har ei ramme av stål. Difor skal det ein del til for at noko skjer med tastaturet. Minuset er at tastaturet er tungt, men med mindre du drar mykje på LAN og slikt, så er vel neppe det noko problem.

Handleddstøtta er behageleg, men glatt. Foto: Kingston

Det eg er mest bekymra for med tanke på byggekvalitet, er handleddstøtta. Den er veldig smal, og er laga plastikk som er så tynn at det ser ut som den kan knekke viss tastaturet går i bakken. Handleddstøtta er òg litt for glatt for min smak, slik at handbaken har ein tendens til å gli av. Produsenten har inngravert støtta med eit metallmønster for å hindre dette, men det fungerer eigentleg ikkje. Viss ein har sveitte hender blir dette endå verre. Det er behageleg å kvile handa på støtta, men ein kan bli litt frustrert av at hendene glir ned. 

Sjølv om handleddstøtta har nokre svakheiter, har den òg noko eg likar veldig godt. Det er nemleg ein eigen låsemekanisme på tastaturet for handleddstøtta. Då slepp ein det klassiske irritasjonsmomentet med at tastaturet og støtta blir separert når ein flyttar på tastaturet. Det er likevel ikkje nok til å gjere opp for dei negative sidene for meg.

Val mellom tre Cherry MX-brytarar

Som nemnt kjem tastaturet med tre ulike brytarar; Cherry MX Red/Brown/Blue. Me gjekk for å teste Red-versjonen, som antakeleg er den mest populære brytaren for speling. Den fungerer fint til å skrive på òg med kort nedtrykk, og nedtrykkskraft på 45 gram. Red-brytaren er stort sett eit trygt val. Den er kjapp, presis og har eit volum på klikka som ikkje får deg jaga ut av stova av eventuelle tilhøyrarar.  

Sjølv om Cherry MX Red er knakande god til både gaming og skriving i utgangspunktet, er det nokre avvik med dei brytarane som sit i Alloy Elite. For det første produserer store tastar som mellomrom og enter ein lyd som får meg til å tenke på byråkratar i stramme dressar, som smell avslagsstempla sine ned på ymse dokument med rå kraft. Akkurat det venner ein seg til, men problem nummer to er kanskje litt verre. Viss ein trykkjer ned tastane seint, høyrest det nemleg ut som ei knirkande dør med eit desperat behov for litt god, gamaldags WD-40. Du vil ikkje legge merke til det ofte, men problemet er der. Spesielt i situasjonar der du skriv tilfeldige setningar mens sjefen går forbi, og så trykker seint på backspace-tasten når du går tom for idear om kva du skal skrive, så vil du høyre klirring i fjørene. Det verkar som problemet oppstår når ein trykkjer ned tastane på skrå. Fjøra i brytaren bøyer seg. Lyden er ganske skjerande, så det er vanskeleg å ikkje legge merke til den. Det er spesielt ille med numpad-tastane. Igjen; det er ikkje ofte du høyrer dette, men i ny og ne bommar du halvvegs på ein tast, og då kjem lyden.

Det følgjer med ekstra tastehetter for WASD- og 1234-tastane. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Oppå brytarane finn me nokre glatte, men behagelege tastehetter. Anna enn at fingrane har ein tendens til å skli litt meir enn eg vil, er det ikkje mykje å peike på der. Ein får til og med nokre ekstra, sølvfarga tastehetter for «gamingtastane» med i pakken, som har det same industrimetall-mønsteret som handleddstøtta.

Konklusjon

Mekaniske gamingtastatur med såpass mange funksjonar og byggekvalitet på dette nivået har ein tendens til å koste skjorta. Skal ein ha RGB òg, så må ein fort opp i 1700-1800 kroner. Her får ein dei viktigaste funksjonane til 1200 kroner. Eg kan innrømme at eg er litt sånn skapfan av RGB, men det raude lyset er eigentleg like givande å sjå på. 

Det er definitivt fleire ting som kunne vore betre med Alloy Elite Red LED, spesielt konstruksjon av handleddstøtta. Likevel er prisen såpass låg at ein kan ignorere dei fleste feila. Personleg ville eg venta til neste års modell slik at produsenten får tid til å fikse ulyden i brytarane, men ein får god valuta for pengane uansett. 

Er du interessert i nokre kvalitetstastatur med RGB?
Ta en titt på Logitech G513 Carbon eller Asus ROG Strix Flare

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Vurdering

"Alloy Elite byr på det du treng til ein grei pris, men treng litt polering. "

Pluss

  • Lyssterk LED
  • Dedikerte medieknappar
  • Praktisk rullehjul for volum
  • Kjappe brytarar
  • Stålramma tåler ein støyt
  • Kul lysstripe
  • Solid oppgradering over forgjengar Alloy Elite FPS

Minus

  • Behageleg handleddstøtte, men den er alt for glatt
  • Ulydar i brytarane
  • Cherry MX Blue/Brown ikkje tilgjengeleg i Noreg

HyperX Alloy Elite   Les mer »

Beste priser

På lager 1 209,-
Forventet lagerdato 1 288,-
På lager 1 289,-
På lager 1 289,-

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen