TEST: HyperX Alloy FPS RGB
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Kompakt gamingtastatur til grei pris

HyperX byr på ypparlege Kailh-brytarar og flott RGB.

HyperX har skapt eit namn for seg sjølv som ein av dei fremste leverandørane av gaminglyd og RAM over dei siste åra. I fjor tok dei for alvor steget inn på resten av gamingmarknaden med satsing på mus, tastatur, musematter og mykje anna.

Dei store suksessane har glimta med fråværet sitt, men dei fleste produkta har vore solide. Sist ut i rekkja av produkta deira er tastaturet HyperX Alloy FPS RGB. Dette er eit mekanisk tastatur i mellomklassen til i underkant av 1100 kroner, med rikeleg av RGB, kjappe brytarar og eit kompakt design. HyperX annonserte nyleg at dei vil lansere eit nytt tastatur i haust med eigenproduserte brytarar, som vil koste det same som dette. 

Design og komfort

Dette er i praksis ein nedgradert versjon av storebror HyperX Alloy Elite, som me testa i fjor. Alloy FPS RGB pressar tastane saman til å ta opp så lite plass som mogleg. Det følgjer ikkje med handleddstøtte til denne, men HyperX har laga ei som seljast separat til rundt 200 kroner. Denne er langt betre enn den fjorårets versjon kom med.

Av ekstrafunksjonar er det eigentleg berre ein USB Passthrough på baksida som er verd å nemne, elles er Alloy FPS RGB ganske spartansk. Det er verken rullehjul for volum eller dedikerte medieknappar, sjølv om nokre av F-tastane har fått eigne kommandoar via Fn-snarvegar. Alloy FPS RGB har også ein snarveg for «gamingmodus» slik at Windows-knappen ikkje vil minimere spel, men dette har vore standard på omtrent alle tastatur me har fått testa så langt.

Tastaturet er kompakt og tar opp lite plass. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Undersida har nokre antiskli-belegg, samt brettbare føter for å løfte opp baksida av tastaturet. Desse er særs korte, og verkar å vere laga først og fremst til bruk med den separate handleddstøtta. Denne er nemleg for høg for tastaturet viss ein ikkje løftar det opp med føtene.

HyperX har vald å gå vekk frå dei teksturerte tastehettene dei brukte på fjorårets LED-modell. Tastehettene her er behagelege å kvile fingrane på med ein liten boge ned mot midten, og ei glatt overflate som har akkurat nok grep til at fingrane ikkje glir. Dei er òg ganske stive, slik at det skal mykje til for at dei vaklar fram og tilbake.

Brytarar

Det som mest skil HyperX Alloy FPS RGB med andre tastatur i same prisklasse er valet av brytar. Mens dei aller fleste gamingtastatur går for Cherry MX-brytarar, er dette utstyrt med Speed Silver-brytaren til Kailh. Desse brytarane er lineære, og er laga for å kunne gjere halvt nedtrykk fortast mogleg. Dette gjer dei spesielt veleigna til å spamme tastar fortast mogleg. Med berre 1.1 millimeter for halvt nedtrykk er desse endå kjappare enn Cherry MX Speed Silver, men samstundes har desse 0.1 millimeter lengre reisedistanse for fullt nedtrykk. Akkurat dette kjem ein sjølvsagt ikkje til å merke noko til.

Tastaturet kjem med Passthrough for USB, men kunne trengt nokre fleire funksjonar. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den største forskjellen mellom Kailh og Cherry MX her er nedtrykkskrafta. Kailh sine er på heile 70 gram, mens Cherry-versjonen treng 45 gram kraft. Dette gjer at Kailh-brytaren har meir motstand, som kombinert med stive tastar gjer at desse er betre å skrive på for min del. Likevel vil ein taktil brytar vere overlegen til skriving, for det skjer oftare at ein aktuerer feil tast når ein har lineære brytarar.

Desse brytarane kan sjåast på som eit midtpunkt mellom taktil og lineær slik sett, sjølv om val av brytar i stor del handlar om personleg preferanse. Her må ein berre prøve litt ulike tastatur og sjå kva ein likar best. Etter ei vekes tid med testing syns eg desse er overlegne Cherry MX-konkurrentane. Det er rett og slett nokre ypparlege brytarar. 

Kailh Speed Silver lagar litt meir lyd enn Cherry MX-motparten, men med ein meir romsleg klang enn det skarpe klikket til Cherry.

RGB og programvare

HyperX NGenuity er programvaren for gamingprodukta til HyperX, som er eit veldig enkelt og funksjonsfattig program. Anna enn nokre skreddarsydde RGB-profilar for enkelte spel er det lite å hente her. Ein kan like godt bruke hurtigtastar for å rullere mellom dei ulike RGB-innstillingane, slik at programvaren er noko meiningslaus. Det er eit pluss at ein ikkje treng den, men eg syns dei kunne lagt seg litt i selen for å inkludere makrooppsett og slike ting.

HyperX Wrist Rest kjem som ekstrautstyr, men den er til gjengjeld så sabla behageleg at det er verd investeringa. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Av RGB-profilar får me eit standard statisk lys i nokre ulike fargar, samt ein regnbogeeffekt. Sjølv om dei fleste sikkert kjem til å bruke regnbogeeffekten kunne HyperX gjort meir her òg, for RGB skal jo vere eit av seljepunkta til dette tastaturet.

Konklusjon

HyperX Alloy FPS RGB er eit middels dyrt mekanisk speltastatur, og manglar ein del funksjonar for å kunne konkurrere heilt i toppen. Kailh-brytarane er gode å skrive på og er samstundes kjappe til speling, men eg saknar det vesle ekstra.

Sjølv om det ikkje er noko galt med dei funksjonane me får, er det like greitt å investere i noko som byr på ei handleddstøtte og nokre dedikerte media/makroknappar viss ein først er i gang. Til dømes vil Corsair K68 vere eit god kjøp til same pris som denne, og då får du med både handleddstøtte og medieknappar. Eventuelt kan du i skrivande stund plukke opp det glimrande Logitech G513 til berre ein tusenlapp på Elkjøp, som er eit langt betre kjøp viss du ikkje treng medieknappar. 

Programvara er òg i overkant spartansk. Tastaturet er eit godt produkt slik det er, men eg ville heller brukt pengane på noko med litt meir kjøt på beinet. Likevel skal HyperX ha eit pluss i boka for prisen her, for det er få andre mekaniske tastatur frå dei store gamingprodusentane som har lansert til såpass låg pris. Dette har allereie vore nede på 800 kroner på sal, og då er det vanskeleg å slå HyperX på pris. Slik sett er dette eit smart kjøp for dei som berre vil ha noko minimalt og kompakt til å spele Counter-Strike eller liknande. Men igjen, viss ein først skal bla opp ein tusing for eit tastatur, er det like greitt å gå for eit produkt som gir deg nokre ekstrafunksjonar å leike med.

Lyst til å lese fleire testar? Her ser du oversikten over alle datautstyr-testane våre »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Vurdering

"Eit solid tastatur, men det kunne hatt godt av nokre ekstra funksjonar. "

Pluss

  • Kjappe brytarar
  • Behagelege tastehetter
  • Lågt støynivå
  • Kompakt
  • Solid konstruksjon utan fleks
  • Låg pris

Minus

  • Ingen dedikerte media/makroknappar
  • Ingen handleddstøtte
  • Svak programvare

Kommentarer (0)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen