Anmeldelse

Fable

Eg er i byrjinga av 20-åra, eg har to koner, tre hus, ein mannleg elskar og 33 jenter er forelska i meg. På fritida mi likar eg å å sparke høner og å trene på min skumle latter. Eg er ein helt.

Side 1
Side 2
Side 3

Det heile byrjar i den vesle hamnebyen Oakvale. Som liten gut får du springe rundt og gjere deg kjend med kontrollane, og får ditt første innblikk i korleis dine handlingar kan påvirke omverda. Ta til dømes den vesle guten som blir mobba av landsbyens lokale bølle. Vil du hjelpe han? Eller vil du heller ta sida til bølla og banke den vesle guten? Om du er snill vil du få pengar frå faren din for kvar gode gjerning du gjer, pengar du skal bruke på å kjøpe søstera di ei gåve. Sjølvsagt kan du utføre gode gjerningar for å få pengar utan å kjøpe noko gåve. Om du vil kan du gi totalt blanke i å vere snill, og berre springe rundt og stele frå husa for å finne ting som i alle fall er verdt meir enn dei lusne myntane faren din har.

Det ein først vil legge merke til med Fable er kor fantastisk imøtekomande det er. Du føler deg invitert til å spele, som om dei som har laga det ikkje kan sjå føre seg ei større glede enn at akkurat du sit og knugar kontrollen mellom fingrane. Det er ein veldig god følelse. Det er jo koselig å bli satt pris på. Med jamne mellomrom dukkar det også opp forskjellige råd og tips, sånn i tilfelle du skulle lure på noko. Alt i eit veldig behageleg tempo. Har du spelt eit spel før vil du ikkje ha nokon problem med å lære deg Fable. Du styrer deg sjølv med analogstikkene, og alle knappar på kontrollen har ein eller ann lett tilgjengeleg funksjon. Forskjellige former for magi og uttrykk kan og lagrast til piltastane eller kontrollerknappane, og eit trykk på R vil gi deg enda fleire val.

Når ein har fått sett seg litt rundt i byen brakar det laust. Bandittar angrip, husa brenn, og fortvila ser du familien din bli brutalt angripen. Medan du sit der som ein hjelpelaus snørrunge kjem ein stor skummel mann og tek deg med seg til din nye heim, heltelauget. Her får du grundig innføring i alt som har med kamp å gjere. Samtidig som du kan få enda ein smak på kva konsekvensar forskjellige handlingar kan ha. For å vere ærleg er ikkje denne fasen av spelet den mest interesante. Riktignok får du ei god innføring som gjer deg klar for resten av spelet, men du sit liksom der og ventar i spenning (ganske utolmodig) på å få gå ut og sparke kyllingar på forbigåande folk.

Møt framtida Sjå for deg følgande scenario: Du står ved inngangen til ein liten landsby, du joggar inn i eit behageleg tempo. Bak deg høyrer du ei grov stemme som kviskrar namnet ditt, ein anna seier det er best å halde seg utanfor vegen din. Brått ser du målet ditt, vertshuset. Du spring inn, ser deg rundt, og legg merke til at det meste som kan krype og gå er samla her for kvelden. Ei god anledning til å robbe hus utan at nokon ser deg. Når du kjem tilbake til vertshuset legg du merke til ei jente som tenner gatelykter. Jenta ser på deg, og sjølv om det høyrest ut som om ho har fått noko i halsen greier å få fram ein ting: Du er heit! Ved å gløtte bort på vertshuset møter synet av eit dusin små hjarte deg. Allereie no er du dagens samtaletema.

Kva følelsar vekker dette i deg? Noko som helst? Får du lyst til å oppleve det sjølv? Sanninga er at Fable er eit veldig spesielt spel. Det presterar på utruleg kort tid å få deg til å følest som noko heilt spesielt. Du er ikkje berre nokre tusen polygonar som spring rundt blandt andre polygon-kreasjonar. Du er ein helt, folk legg merke til deg, dei veit kven du er. Etter kvart vil dei hugse namnet ditt, og om det får folk til å helse høfleg, eller springe i panikk, kjem svært an på oppførselen din. Du er temmeleg fri til å gjere kva du vil, men innanfor visse rammer.

For å ha det heilt klart. Morrowind og Fable er så langt frå kvarandre at ei samanlikning blir meiningslaust. Fable, uansett korleis du snur og vender på det, er eit lineært spel. Ikkje like lineært som visse andre interaktive filmar, men like fullt. Du kan ikkje påvirke historia i spesielt stor grad. Visse oppdrag du får frå heltelauget kan du løyse på enten hederleg eller bestialsk vis, men det får sjeldan konsekvensar. Folk hugsar ikkje kva du har gjort, dei veit berre at du har gjort noko. Om du trur du skal få høyre folk snakke om den gangen du redda ei jomfru i nød, tek du feil. For å seie det slik, det er ikkje verda som forandrar seg, det er du, og korleis verda oppfattar deg.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden