Far Cry 4-utviding byr på permanent død

Det blir ikkje lett å kome heilskinna gjennom Escape from Durgesh Prison.

Om den enorme verda i Fary Cry 4 ikkje bydde på nok utfordringar for deg, har Ubisoft meir i vente. 13. januar vil Ubisoft sleppe ut ei dose ekstrainnhald i form av Escape from Durgesh Prison. I denne utvidinga må du rømme frå eit fengsel, men dette blir lettare sagt enn gjort.

I tillegg til å kjempe mot klokka for å sikre deg ein plass på poengtavla, vil fiendane du møter vere hakket farlegare enn før. Om du først går i bakken er du død, og må starte på nytt. For å gjere vondt verre startar du utan våpen, og må bruke list og litt kjapp tenking for å finne den beste vegen mot fridom.

Skulle du først døy vil du starte på ny med all den kunnskap og dei eigenskapane du skulle ha låst opp på forsøka dine så langt. I tillegg kan du spele gjennom utvidinga saman med ein ven.

Fleire utvidingar på veg

Far Cry 4-utviding tvingar deg til å kjempe for livet.

Escape from Durgesh Prison er den andre utvidinga til Far Cry 4. Dei som har kjøpt spelets sesongpass har allereie fått tilgang på ei utviding der spelaren aleine eller saman med ein ven må hindre ei farleg oppskrift frå å hamne i nevane på slemme Pagan Min.

I framtida vil vi få ytterlegare utvidingar som både byr på samarbeid, kampar mot andre spelarar, og ikkje minst livsfarlege møte med yetiar.

Vi var svært nøgde med lanseringa av Far Cry 4, og klinka til med 9 poeng for det vi meinte var eit vakkert spel som verkeleg vekte utforskaren i deg:

«I løpet av dei snaue 15 timane det tok meg å kome gjennom historia har eg knapt skrapa overflata, så det seier sitt om kor enormt og omfattande spelet er. Du kan gå kvar du vil nesten frå starten av, og det er ei fantastisk kjensle å bli slept fri i eit vilt og vakkert land der eventyr ventar kvar enn du snur deg».

Alle var derimot ikkje like positive til spelet. Ei rekke spelarar tok kort tid etter lansering til Twitter for å klage over manglande grafikkinnstillingar. Ubisoft kunne på si side melde at dette var innstillingar du berre mangla om du hadde piratkopiert spelet.

Siste fra forsiden