Feature

Grafikkanalyse av Dark Souls Remastered på PC

Den beste versjonen av Dark Souls, men neppe verdt pengane på PC

Dark Souls Remastered er mest for dei som er interesserte i fleirspelaren.

Bandai Namco

SoulsBorne-serien har hatt eit noko vaklande forhold med PC. Verken Demon’s Souls eller Bloodborne har funne vegen til PC, og den første porten i serien, Dark Souls, var rett og slett heilt elendig. Eg har framleis flashbacks til Games for Windows Live. Makan til søppel-«DRM» skal du leite lenge etter.

Games for Windows Live var ikkje ein gong det verste. Biletefrekvensen var faktisk låst til 30. På PC. Det er rett og slett ubehageleg å spele Dark Souls i originalformatet no. Og samarbeid med andre eller å invadere fiendar? Etter over hundre timar i spelet har eg endå ikkje opplevd det ein einaste gong. Serversystemet er heilt håplaust.

Då FromSoftware annonserte ein remaster av Dark Souls var eg difor optimistisk. Både andre og tredje innslag i serien har vore av akseptabel kvalitet på PC. Men det blei fort klart at utviklar QLOC ikkje har lagt seg så veldig hardt i selen her. Forskjellane på konsoll er kanskje store, men samanliknar ein Dark Souls Remaster med Prepare to Die-utgåva på PC med DSFix-modifikasjonen, er ikkje dei visuelle forskjellane så mykje å rope hurra for.

Lite for pengane

Samanlikna med originalversjonen lar Dark Souls Remastered deg sjå litt fleire detaljar på dei eføykledde veggane i Undead Burg, og treverket i dei mange gjerda og stolpane er ikkje like uklart og gummiliknande lengre. Forskjellen er definitivt merkbar, men det er heller ikkje spesielt overraskande med tanke på kor låg oppløysinga var på mange av desse teksturane frå før. Nokre av overflatene i spelet strakk seg heilt ned i 480p.

1 original 4k 1 remaster 4k
Dark Souls (2011) til venstre i 4K, Dark Souls Remastered til høgre (4k).

Dei utvaska fargane frå 2011-utgåva har fått meir liv, noko ein ser spesielt i flammeteksturane og magien. Elden i Firelink Shrine-bålet spyr ut partikkelfylt røyk og ein djup oransje-raud farge, ein stor kontrast til originalens papirbål. Kombiner dette med implementering av Temporal Anti-Aliasing så har ein ei respektabel oppgradering over Prepare to Die-edition. Låsen på biletefrekvensen er flytta til 60, og ein kan spele med oppløysingar over 1920x1080. Eg hatt ein del timar i 4K, og kan melde om at sjølv Blighttown ligg på 60 med min rigg (1080Ti/8700k). Så då er det vel berre å hive pengane inn på Steam og kjøpe? Tja. Modifikasjonen DSFix endrar ein del av det same som Remastered-versjonen gjer ved hjelp av ei fil på nokre få kilobyte, og det utan å forlange ei krone. Hiv på ein HD-teksturpakke som Dark Souls HD Texture Pack, så blir forskjellane endå mindre (sjå det nest siste samanlikningsbiletet). Optimaliseringa er betre i den nye versjonen, men dei aller fleste med eit skjermkort frå dei siste åra vil ikkje merke noko til det. FromSoftware har til og med fjerna Games from Windows Live frå originalen.

Det er vanskeleg å ikkje bli litt skuffa av Dark Souls Remastered på PC. Visuelt sett er forskjellane til originalen langt mindre enn det me venta, då det er mest snakk om nokre oppgraderingar av oppløysing på teksturar, djupneskarpleik, litt fleire partiklar, volumetrisk lys/skodde og ein ny form for kantutjamning. Eg meiner det er naturleg å trekkje ein parallell til remaster av spel som BioShock og The Elder Scrolls V: Skyrim, og desse kom gratis til dei som eigde spelet frå før.

2 original 1080p 2 remaster 1080p
Dark Souls (2011) til venstre i 1080p, Dark Souls Remastered til høgre (1080p).

Dark Souls Remastered har ikkje ein gong fjerna dei mange småfeila som spelet har hatt frå før, slik at eg framleis må skifte skjermen min frå 240hz til 60hz for at spelet ikkje skal krasje når eg går inn på innstillingsmenyen. Totalt sett er det altså ein del som manglar ved dei tekniske sidene ved einspelaren. Viss du bryr deg mest om einspelaren ser eg difor liten grunn til å betale for oppgraderinga på PC. Tidlegare har eg skreve om remaster av både BioShock og Skyrim, begge desse gratis. Sjølv om eg kritiserte dei for å gjere for lite, får du visuelt sett endå mindre med denne remasteren, og det kostar deg heile 200 kroner (400 viss du ikkje har Prepare to Die).

Remaster for fleirspelarinteresserte

Heldigvis er det visse sider ved Dark Souls Remastered som kan gjere opp for den litt middelmåtige visuelle oppgraderinga, først og fremst for dei som er interesserte i fleirspelaren. Det einaste eg eigentleg har sakna med DSFix er skikkelege onlinetenester. Serverane til Dark Souls: Prepare to Die Edition er som sagt av det ubrukelege slaget. Du kan gløyme å prøve å spele gjennom heile med ein ven slik som i dei seinare spela. Det er omtrent umogleg. Sjølv med ekstramodifikasjonar som Dark Souls Connectivity Mod er onlinesystemet særs svakt.

Her har Dark Souls Remastered gjort mykje for å betre opplevinga. Det er null problem å finne nokon å spele saman med eller å invadere, og du kjem høgst sannsynleg til å få nokre uønskte besøk av Red Phantoms du òg. Berre vent til du får beskjeden om at eit eller anna nek har snike seg inn i spelet ditt når du nærmar deg det siste bålet i Sen’s Fortress. Då skal eg love deg at pulsen går i taket.

Det er ikkje berre serverane som har blitt pussa opp, men òg andre delar av fleirspelarsystemet. I originalen var det berre mogleg å ha fire spelarar i same verd. Dette er no endra til seks, slik som i Dark Souls 3. Helsegjenstandane har fått den same Dark Souls 3-behandlinga, der ein til dømes berre får halvparten så mange Estus-ladingar som før, og ein får tilbake full Estus viss ein tar knekken på dei som invaderer.

Les også
Anmeldelse:
Teksturkvaliteten har fått ein boost i Dark Souls Remastered (4K TAA).
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Passordmatching er òg introdusert, slik at ein enkelt kan finne fram til «fight clubs», eller berre sørge for at ein finn den rette samarbeidspartnaren. QLOC har til og med innført ein eigen kamparena, der ein kan enten spele som lag, eller i ein 6-mann «deathmatch», slik som i Dark Souls 3.

Dessverre er det eit relativt svært problem her òg, nemleg juksespelarar. Spelet er stappfullt av dei. Viss dei kjem seg inn i spelet ditt, er det ein risiko for at du kan bli utsatt for såkalla «softban», der du blir flytta frå den vanlege serveren til å berre bli matcha opp med folk som har den same statusen.

Dersom du blir innvadert av nokon som juksar, ver obs på at du ikkje plukkar opp gjenstandar som dei droppar. Desse er gjerne modifisert, og kan føre til at du får softban. Berre å ha ein juksespelar i verda di vil ikkje føre til utestenging aleine, men dei kan gjere litt ymse ugagn med figuren din, som å gi deg eit egghovud, øydeleggje rustninga din, eller gi deg «cursed»-status, som er vanskeleg å gjere noko med i byrjinga av spelet.

Konklusjon

Dette er den beste versjonen av Dark Souls. Men er det verdt prisen? Ikkje eigentleg. På konsoll er oppgraderinga såpass omfattande – frå biletefrekvens på 30 og 1280x720-oppløysing til 1080p60 – at ein godt kan opne lommeboka, men på PC er dette relativt poenglaust med mindre ein vil bruke tid på fleirspelaren. Berre last ned DSFix.

Personleg har eg alltid vore glad i kamp mot andre spelarar så eg plukka det med meg, men bryr du deg ikkje om samarbeid eller moglegheita til å invadere, ville eg haldt meg til Prepare to Die-utgåva. Elles er dette sikkert kjekt for dei som ikkje har prøvd Dark Souls før, da. I så fall; fyr på. Dark Souls er framleis ei aldeles fantastisk oppleving som alle spelinteresserte bør få med seg.

4 original 4k
Original (4K) til venstre, Remastered til høgre (4K).

3 4k original 3 4k remaster
Original (4K) til venstre, Remastered 4K til høgre.

Siste fra forsiden