Feature

Desse spela gler vi oss til i april

Det skal ikkje bli noko problem å finne noko å setje tenna i denne månaden.

Montasje Gamer.no

Vi har nett lagt bak oss ein uhyre spanande månad. Mars har vore overlessa med dramatikk både i og utanfor skjermen, og spelverda har både kansellert den eine markeringa etter den andre, samt dytta ut ei rekke spel i varierande kvalitet.

Vi har fått nokre skikkelege perler denne månaden, der Animal Crossing: New Horizons og Doom Eternal herjar på toppen av pallen. Ori and the Will of the Wisps var også eit fantastisk spel, men så herja med bugs og ustabilitet i vår testversjon at vi ikkje kunne setje karakter. Dette var derimot ikkje den einaste kjipe opplevinga, sidan Pokémon Mystery Dungeon: Rescue Team DX skuffa stort.

No skal vi derimot sjå framover, og i desse tider med sosial isolasjon og meir avstand mellom folk enn nokon sinne, passar det særs godt at nokre av årets aller mest etterlengta spel er rett rundt hjørnet.

Resident Evil 3

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 3. april

Jill har ein frykteleg dårleg dag på jobben.
Capcom

Capcom har vore på ein real oppsving dei siste åra, og har levert den eine kassasuksessen etter den andre. Slik var det òg med nyversjonen av Resident Evil 2 som kom i fjor. Knapt eit år seinare er det altså klart for nyversjonen av det neste spelet i serien, sånn berre for å demonstrere at Capcom kan diske ut storspel på løpande band og kort tid.

I Resident Evil 3 følgjer vi Jill Valentine som må prøve å kome seg ut av Raccoon City etter at T-viruset har gjort folk om til zombier. Som om det ikkje er nok blir ho jaga av den massive zombieduden Nemesis som gjer alt han kan for å gjere slutt på Jill. Nyversjonen av Resident evil 3 vil by på store doser nifs action der vi må kome oss heilskinna gjennom ein by som går fullstendig av hengslene. Skulle du likevel vere i tvil har vi allereie testa det, og var frå oss av begeistring.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Resident Evil 3

Final Fantasy VII Remake

Plattform: PlayStation 4
Ute: 10. april

Cloud og Barret er omtrent så klare som det går an å bli.
Square Enix

Spelet ei nesten samla spelverda har venta på lengre enn mange av oss har levd, er endeleg her. Nyversjonen av Final Fantasy VII har oppnådd nesten mytologisk status. Cloud, Barret, Aerith og dei andre har inntatt ein plass i folk sine hjarte, og Sephiroth har opp gjennom åra blitt biletet på den ultimate bad guy. Å skulle fortelje denne historia på ny kan framstå som i nærast umogleg oppgåve, og det er vel kanskje difor det har tatt ei stund å kome hit. Her er vi, likevel, og om vi skal døme etter kva vi har fått teste av spelet, er det grunn til å glede seg:

«Det var noko unikt ved å spele Final Fantasy VII i oppussa stil. Grafikken er aldeles vakker, lydsporet eineståande gjenskapt, og kampsystemet virkar som noko vi kan like. No gjenstår det berre å få opplevd forteljinga enda en gong og sjå kva storbyen Midgard har å by på, så blir dette ordentlege saker. Vi kryssar fingrane for at Square Enix veit kva dei gjer.»

Les også
Anmeldelse: Trials of Mana

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Final Fantasy VII Remake

Trials of Mana

Plattform: PlayStation 4, Switch, Windows
Ute: 24. april

SNES-spelet gjenoppstår i ny drakt.
Square Enix

Square Enix har ikkje berre ei, men heile to nyversjonar å by på denne månaden. Trials of Mana er ei flunkande ny tolking av Seiken Densetsu 3, eit spel som ikkje blei lansert i Europa før det landa på Switch i fjor med den nye tittelen Trials of Mana. Dette er den etterlengta oppfølgjaren til klassikaren Secret of Mana, men alle oss som venta fortvila på å få spele perla på Super Nintendo rundt midten av 90-talet blei til slutt veldig skuffa.

Med denne nye tolkinga har Square Enix gjort grep for å ikkje berre modernisere og fikse medan dei tek vare på essensen av originalspelet, men dei har òg gått inn for å gjere ein hakket meir ambisiøs jobb enn dei gjorde med nyversjonen av Secret of Mana for nokre år sidan. Her kan vi vente oss endringar på omtrent alle plan, med ei betre fortalt historie og eit kampsystem som gjev spelaren fleire nye verkty å leike seg med.

Sjå bilete, les artiklar, og finn beste pris på Trials of Mana

Gears Tactics

Plattform: Windows
Ute: 28.april

Turbaserte kampar er inga hindring for mykje action.
Microsoft

Gears of War-serien som nyleg runda av til å berre kalle seg Gears, er mest kjend for intens og blodig action med eit bittelite snev av taktikk der du må søke dekning bak diverse veggar og kassar for å søke ly frå kulene. Med Gears Tactics har The Coalition like godt satsa hardt på rein taktikk, og serverer oss eit turbasert skytespel der du må posisjonere krigarar ikkje ulikt den kjende og poulære XCOM-serien.

I likskap med XCOM vil du også i Gears Tactics måtte gjere mykje av arbeidet både før og etter kvar kamp. Eit solid lag skal skruast saman, våpen skal oppgraderast og ein spelestil skal formast. Gears Tactics satsar på å bli eit turbasert spel som pressar grensene for kor mykje action du kan få inn i sjangeren, og eit solid fokus på seriens blodige «executions» lovar å gjere sitt for å oppnå akkurat det.

SJå bilete, les artiklar og finn beste pris på Gears Tactics

Minecraft Dungeons

Plattform: PlayStation 4, Switch, Xbox One, Windows
Ute: April Utsatt til 26. mai

Om Diablo blir hakket for mørkt og dystert er dette kanskje spelet for deg.
Microsoft

Lenge før Microsoft slo kloa i svenske Mojang var Minecraft eit verdsomfattande fenomen. Ikkje rart, spelet blanda skikkeleg forelda grafikk med ein fridom til å byggje nesten kva som helst. Med Minecraft Dungeons får vi noko heilte anna. Eit Diablo-inspirert actioneventyr der du skal grave deg gjennom fiendar for å finne store skattar. Vi tok ein kikk på det i fjor, og likte det vi såg:

«Vi er som sagt spente, og positivt overraska over det vi fekk sjå. At spelet ikkje berre kan spelast aleine og online med andre – men også lokalt med andre – er gode nyhende, og viser at Mojang ynskjer å skape spelet i Minecrafts ånd, til tross for at spelet tilbyr ei ganske anna oppleving enn moderspelet. Eig du ein Xbox-konsoll eller ein PC, vil du for øvrig kunne spele saman med andre som spelar på ei av desse plattformene.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Minecraft Dungeons

Innekos

Det er berre å hive seg i det.
Focus Home Interactive

Om du sit fast i karantene akkurat no og ikkje får lov til å gå utanfor døra, er det i det minste lov å late som. Du kan til dømes skaffe deg det snodige spelet Moving Out, der du skal prøve deg i eit flyttebyrå der den største utfordringa ser ut til å vere å stable møblane skikkeleg. Eventuelt kan du prøve deg som føraren av ein budbil i det neonfarga eventyret Cloudpunk.

Blir dette for fjernt frå røynda kan du eventuelt prøvde deg på Snowrunner, eit spel der du skal bak rattet på massive truckar og lastebilar og må kome deg fordi naturens verste snøkledde hindringar. Mindre snø blir det i MotoGP 20 der alt handlar om å vere klar for neste sving.

Om ikkje ser noko poeng i å late som, og du heller vil innhalere apokalypsen kan det kanskje passe med Endzone: A World Apart, her skal du byggje by og samfunn etter apokalypsen, noko fleire i desse dagar kanskje berre vil sjå på som langtidsplanlegging. Mindre fokus på samfunn, og meir på å redde seg sjølv blir det i Disaster Report 4 Plus: Summer Memories, eit spel vi trudde skulle kome i mars, men som viser seg å kome i april i staden.

Treng du utløp for litt aggresjon sidan paintball-bana er stengd kan du vurdere å prøve deg på Predator: Hunting Grounds. Her skal eit lag jakte ein predator. Eller var det omvendt?

Verre blir det. I Hellpoint skal du spyle monster og demonar ut av ein romstasjon, medan den psykologiske thrilleren Someday You'll Return satsar på å setje ein støkk i deg medan du leitar etter dottera di. Litt saktare tempo får vi tru det blir i The Flower Collectors, eit detektivspel der du skal løyse eit mord.

For å snu kursen mot noko heilt anna. Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 4 - Road to Boruto kjem til Switch i april, medan det japanske rollespelet Sakura Wars kjem til PlayStation 4.

Det var alt for no, god speling.

Siste fra forsiden