Feature

Skjermkortprisar i 2021

Dette er status for skjermkort i Noreg

Me undersøker om det er blitt enklare og billigare å kjøpe gamingskjermkort for norske forbrukarar.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sinnssjuk etterspurnad, høge kryptoprisar og mangel på halvleiarar har ført til at prisen på skjermkort har eksplodert. Lagerhyllene har stort sett vore skåltomme sidan AMD og Nvidia lanserte sine nye generasjonar spelkort i fjor haust.

Prisnivået tok fullstendig av rundt nyttår, og tilsynelatande er prisane framleis langt, langt over det Nvidia og AMD lova at skjermkorta skulle koste.

I dag er det betydeleg fleire skjermkort på lager enn tidlegare i år, og pristrenden ser ut til å vere søkkande. Tilsynelatande er det lys i enden av tunnelen. Samstundes er kryptovalutakursane på veg oppover igjen, og mangelen på halvleiarar kan sjå ut til å vare lenger enn mange hadde håpa på.

Me i Gamer har difor snakka med nokre av nettbutikkane om korleis situasjonen faktisk er.

Liten nedgang

Statistikk frå Prisjakt.no viser at prisnivået nådde ein topp i juni, og at det har blitt noko redusert sidan då. Tala er basert på gjennomsnitt frå både Nvidia og AMD.

Are Vittersø, noregssjef i Prisjakt, fortel at skiftet starta ved den første nedstenginga.

KRAFTIG PRISAUKE: Prisane på skjermkort nådde ein topp i juni, men har gått ned nokre få prosent sidan då.
Prisjakt

– Prisane var heilt stabile då Noreg stengde ned i mars i fjor. Me ser at omtrent på dagen 12. mars byrja prisane å stige 20 prosent mot slutten av mars, før dei gjekk noko ned igjen fram mot jul, seier Vittersø.

Prisane er heilt annleis i dag enn ved lanseringa. Til dømes lanserte RTX 3080-kortet frå Asus som me testa ved lanseringa til rundt 8000 kroner. I dag kostar mange av RTX 3080-korta over dobbelt så mykje.

– Prisane sat fart igjen etter nyttår. No i august 2021, er prisane opp 50 prosent samanlikna med 1. januar 2020, seier Vittersø.

Trur ikkje på normale prisar

Vittersø meiner at mindre heimekontor og færre restriksjonar i 2022 vil minske etterspurnaden noko, men han har ikkje tru på noko full retur til normale prisar.

Are Vittersø i Prisjakt.no.
Trygve Indrelid
Les også
Test: ASUS ROG STRIX G713QR

– Sidan skjermkorta allereie no har etablert seg på eit ekstremt høgt nivå, så skal me nok ikkje tilbake til 2019-prisane. Men at prisane går ned frå dagens nivå trur eg nok me kan rekne med, seier han.

AMD og Nvidia lanserte som kjend ein ny generasjon skjermkort i september, oktober og november i fjor. Prisjakt noterte seg ein oppgang i søkefrekvens på 134 prosent frå førre generasjon lanserte i september 2018. Interessa for skjermkort gjekk visstnok opp med heile 760 prosent frå september 2019 til september 2020.

Ifølgje Prisjakt er det Nvidia som er klart mest populært her i Noreg.

– Nvidia er den soleklare vinnaren hos oss. Sidan det er så mange merke som tilbyr begge delar er det litt utfordrande å få korrekt statistikk på dette, men med det blotte auget ser det ut som det er 90 prosent Nvidia, kanskje til og med meir. Eg finn ikkje mange AMD-kort på topplista, verken no eller dei siste åra, seier Vittersø.

Tala til Prisjakt viser at Asus, MSI og Gigabyte sine Nvidia-kort er mest populære.

Interessa på veg opp igjen

USIKRE TIDER: Kommunikasjonsrådgjevar Sebina Stegavik i Elkjøp fortel at dei ikkje veit om prisane blir betre.
Elkjøp

Etterspurnaden etter skjermkort gjekk litt ned i sommar, men er på veg oppover igjen no i august. Hos Elkjøp nådde dei toppen i første og andre kvartal.

– Me ser at etterspurnaden igjen går oppover no på seinsommaren, seier Sebina Stegavik, kommunikasjonsrådgjevar i Elkjøp.

Ho meiner situasjonen rundt kryptoutvinning, sommaren i seg sjølv og innføring av skjermkort med utvinningssperre har gjort at me fekk ein mellombels nedgang.

Sjølv om det er ein del kort på lager rundt i norske nettbutikkar, har det ikkje vore noko stor endring hos Elkjøp, fortel Stegavik.

– Kva me får levert av kort har heldt seg relativt stabilt, og er framleis på eit lågare nivå enn kva me skulle ønskje det var. Spesielt på dei mest populære korta, slik som RTX 3080. Me ser fram til at prisbiletet og tilgjengelegheita blir betre, men me kan per i dag dessverre ikkje seie noko sikkert om når dette skjer, seier ho.

Usikkert hos Komplett

Komplett har hatt ei litt anna oppleving enn Elkjøp.

– Dei siste vekene har marknadssituasjonen for skjermkort endra seg frå ein veldig etterspurnad og redusert tilgjengelegheit, til litt mindre trykk på marknaden, skriv kommunikasjonssjef Kristin Hovland i ein e-post til Gamer.no.

Ho forklarar endringa med gjenopning av samfunnet og ein nedgang i kryptoprisane – som no altså er på veg oppover igjen.

– Når det gjeld kort frå Nvidia, og spesielt dei mest kraftige, er etterspurnaden framleis stor. Me ser at prisane flatar litt meir ut, men det er vanskeleg å seie noko om kva som skjer med prisane i tida framover, meiner Hovland.

Blar opp for brukte skjermkort

Bruktsalet for skjermkort har òg eksplodert i løpet av dei siste åra. Som med dei nye konsollane har ein kunne finne brukte skjermkort på Finn til heftige prisar – og folk har kjøpt dei likevel.

Adéle Cappelen Blystad, senior kommunikasjonsrådgjevar i Finn.no, skriv i ein e-post til Gamer.no at dei har observert eit svært byks i talet på annonsar.

Finn.no har ikkje moglegheit til å vise kor mange sal som blir gjort på Torget, men har merka at fleire la ut annonsar i 2020 og 2021 til trass for kor få som har fått kjøpe nye kort i forhold til etterspurnaden.

ÅrAnnonsekategoriTal på annonsar
2018«Nvidia»8698
2019«Nvidia»9442
2020«Nvidia»11851
2021«Nvidia»9187
2018«Skjermkort»11121
2019«Skjermkort»10513
2020«Skjermkort»13455
2021«Skjermkort»11745

Samstundes som fleire sel skjermkort på Finn.no, har det naturleg nok vore ei betydeleg auke i dei som søkjer etter dette på Torget. 2021 ser ut til å bli året med desidert flest søk.

Slik har utviklinga vore for søkeordet «skjermkort»:

ÅrSøkeordTal på søk
2018«Skjermkort»15430
2019«Skjermkort»28318
2020«Skjermkort»46228
2021«Skjermkort»44086

Manglar viktige komponentar

Låg produksjonskapasitet av halvleiarar har skapt ein massiv flaskehals for omtrent alle som driv med elektronikk. Denne veka kunne Bloomberg melde om at gjennomsnittleg ventetid for å få tak i halvleiarar no er på over 20 veker. Det er ei dobling på ventetida sidan starten av året.

Bilindustrien kjenner mest på dette, men det har òg stor påverknad for produksjonen til AMD og Nvidia. Skjermkortindustrien sjølv er ikkje spesielt optimistiske til at dette kjem til å bli betre gjennom 2021.

Det byrjar å bli ei stund sidan AMD eller Nvidia har kome med direkte utsegn om temaet, som neppe lovar spesielt godt.

Gamer.no har kontakta Nvidia for ein kommentar, men dei har ikkje svart på førespurnaden vår.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden