Feature

Sjå korleis dei oppussa BioShock-spela er på PC samanlikna med dei gamle versjonane

BioShock: The Collection ser flott ut, men taklar ikkje dei verkelege problema.

BioShock-serien har gått inn i historien som ei av dei sterkaste forteljingane innan spelmediet. Det var difor ikkje spesielt overraskande at me fekk få ein ny versjon av spela i ei tid der dette har blitt populært. Konsollversjonane av spela har dårleg oppløysing og biletefrekvens. PC-versjonane har derimot holdt seg greitt. Utviklaren har til og med vald å ikkje pusse opp BioShock: Infinite grunna at det ser særs godt ut på PC fra før av.

Me har sett på PC-versjonane BioShock og BioShock 2, og har samanlikna dei med nyutgåvene.

BioShock får nytt liv

BS1ReChain BS1Chain
Veggane i den oppussa versjonen (venstre) har fått eit strøk.

Sjølv om det er ni år sidan BioShock kom ut ser det framleis bra ut. Ein kan diskutere om det var naudsynt med ein ny versjon på PC, men no er den her og den er gratis om du eigar spelet fra før.

Det fyrste som slår meg er at mange av teksturane har blitt laga på nytt. Gulv, veggar og tak ser annleis ut ikkje berre med tanke på kvalitet, men dei har og fått nokre nye mønster og malingsstrøk. I visse rom er nesten alle teksturane endra, som ein ser i toppvideoen rundt 0:20.

Dei blasse fargane i originalversjonen har fått meir liv.

BS1ReBal BS1bal
Oppussa versjon til venstre.

Som ein ser på bileta er det mange fleire detaljar i den oppussa versjonen. Teksturane er meir definerte, det er mange fleire sprekkar i veggane. Me har til og med fått eit teppe på golvet. Det er lagt til mykje rot rundt om i heile spelet, for å byggje opp om det kaotiske biletet av Rapture. Det er også blitt mindre røyk. Skodde og røyk blir ofte brukt som eit grep for å skjule dårlege teksturar i spel.

Synsvinkelen er også litt betre i den nye versjonen, men me har framleis ingen glidebrytar for å skreddarsy den.

Bs1ReStatue BS1Statue
Originalversjon til høgre.

Eit sentralt problem i den nye versjonen er lastinga av teksturar. Nokre områder tar det lang tid før spelet ser ut som meir enn ein samling av fargeklattar, mens på visse stadar er det slik permanent. Statuen på biletet ser heilt fin ut viss eg går ein meter nærare med karakteren min, men på denne ganske korte avstanden klarar ikkje spelet å teikne teksturen skikkeleg. Eg kom borti fleire slik tilfelle. Resten av biletet er mykje meir detaljert enn originalversjonen, men det er vanskeleg å fokusere på det akkurat her.

Bs1ReRom BS1Rom
Remaster til venstre.

Nokre plassar virkar det òg som BioShock Remastered tar nokre steg tilbake samanlikna med originalen. Ved å leggje til litt for mykje fargar går det utover det dystre og vridde miljøet som BioShock skapar. Det er ein essensiell del av spelopplevinga, så her har grafikarane gått litt for langt.

Bs1ReBolt BS1Bolt
BioShock Remastered til venstre.

Alle skjermbileta brukt her er i 1920x1080 (Full HD), men eg merka at forskjellane mellom original og oppussa versjon er mykje mindre i 3840x2160 (4K Ultra-HD). I videoen ser ein færre forskjellar mellom kvaliteten på teksturane, det er meir retta mot dei nye teksturane.

BioShock 2 Remastered ser vesentleg betre ut

Bs2ReDod BS2Dod
Oppussa versjon til venstre.

BioShock 2 har fått ein liknande behandling som det fyrste spelet. Teksturane er mykje skarpare, ljossettinga er forbetra og grensesnittet har fått ei overhaling. Originalspelet har til tider særs dårlege teksturar, så det skal ikkje så mykje til for å forbetre spelet. Eg har ikkje sett problem med teikning av teksturar i denne versjonen, som eg gjorde i BioShock Remastered.

Utvidinga til BioShock 2, Minerva's Den er òg blitt pussa opp på same vis.

BS2REHallway BS2Hallway
Den oppussa versjonen (venstre) har klart betre vassteksturar.

Det verkar ikkje å vere like mange nye teksturar i BioShock 2 Remastered som i det fyrste spelet. Utviklaren har skifta ut nokre fargar her og der, men det er mest oppgradering av eksisterande teksturar. Dette er ikkje noko problem for den saks skuld, då BioShock 2 har eit flott miljø.

Til dømes ser drillen vesentleg betre ut, og teksturane til vatn har eit mykje meir livleg preg. Mens originalen slit med uklare teksturar med låg oppløysing, gjer den nye versjonen ein god jobb med å finpusse dei.

Det same gamle styret

Bs2ReLamb BS2Lamb
BioShock 2 Remastered til venstre.

Det store problemet med dei nye BioShock-versjonane på PC er ikkje grafikken. Sjølv originalane ser framleis imponerande ut, og dei blir gjort enno betre med Remastered-versjonane. Problemet er det tekniske.

Dei fleste forventa at dei nye versjonane ville fjerne dei feila som finst på PC-versjonane. BioShock: Infinite er godt lagd for PC, men det er ikkje tilfellet med dei to fyrste spela. Blant anna er det mange småfeil, det er dårleg synsvinkel, akselerasjon på mus, dårleg skalering på grensesnitt i høg oppløysing, mykje krasjing og så vidare. Då dei nye versjonane kom ut blei mange skuffa, for dei aller fleste av feila er framleis til stades.

Det er mogleg å fikse fleire av problema sjølv, ved å tukle med konfigurasjonsfilene til spela, men ein skulle tru at utviklaren ville ha fiksa dette.

Sjølv om dette kjem som ei gratis oppdatering til dei som allereie eig spela, burde ein kunne forvente at utviklaren tok seg av det aller viktigaste. Grafikken i originalane på PC er utdatert, men framleis heilt grei. Det me trengte var ein versjon utan store tekniske problem. Grafikken får heller vere eit pluss.

Me sit igjen med nokre oppussa versjonar som berre er litt betre enn originalane.

Vår anmeldar kalla det siste BioShock-spelet for ein himmelsk speloppleving.

Siste fra forsiden