Bye Sweet Carole er noko av det mest fortryllande eg har spelt på lang tid. Eg vaks opp med dei klassiske handteikna Disney-filmane, og dei har ein stor plass i hjartet mitt. Saknet etter slike filmar etter 3D tok over har vore stort. At fiksen skulle kome frå eit nokon lunde ukjent indiespel hadde eg verkeleg ikkje venta, men Bye Sweet Carole er nesten som å ta steget inn i ein handanimert film, der du sjølv styrer hovudrolla.
Det heile startar med at vi tek på oss rolla som hovudpersonen Lana. Vi leitar etter Carole, ei veninne som har forsvunne, og denne jakta sender oss gjennom marerittversjonen av Alice i Eventyrland, til ei verd fylt med kaniner frå helvete, og ei rasande ugle som prøvar å ta knekken på deg.
Meisterleg arbeid
Vi har sett mange sideskrollande eventyr i 2D, men ingen heilt som dette. Bye Sweet Carole er eit slags metroidvania-spel kryssa med tradisjonelle peik og klikk-eventyr. Vi reiser gjennom ei heilt nydeleg verd med vakre handmåla bakgrunnar, og todimensjonale og uttrykksfulle figurar der ting kan skjer i bakgrunnen, og spelet dreg deg inn og gjer meir enn ein trudde skulle vere mogleg med to dimensjonar.
Utviklarane er openbert inspirert av gamle Disney-filmar, og persondesignet minnar tidvis mykje om filmar som Den Lille Havfruen og Skjønnheten og Udyret. Dette er derimot ikkje ei lett, lystig og fargerik verd der hovudpersonane spontant byrjar å synge, men mørkt, ekkelt og dystert. Det er ein flott og stemningsfull kombinasjon der dei animerte figurane bryt ut av dei todimensjonale rammene, og fleire gongar skapar illusjonen av noko langt større.
Spreitt utover spelet finn vi òg fleire animerte sekvensar der spelet nesten fullt ut blir ein animasjonsfilm, og fortel dei store hendingane i si historie. Musikken er stemningsfull og dyster, og skodespelet for det meste sterkt og inspirert med nokre få uheldige unntak.
Mest av alt er Bye Sweet Carole veldig kreativt og fantasifullt, og det kjem heile tida nye element til som skapar variasjon. Nye farar, nye personar, nye ting du kan gjere, og nye hendingar som snur opp ned på forteljinga.
Livet for 100 år sidan
Bye Sweet Carole er sett til ein britisk barneheim for jenter ein gong på starten av 1900-talet. Heimen er mørk, dyster, falleferdig, og full av monster i skapet. Dei tidlege timane der ein ikkje skjønar kva som foregår er blant dei beste, og bygger opp ei stemning som gjer mykje for å drive spelaren vidare.
Etter kvart møter vi i små glimt dei som jobba og budde i barneheimen, og eg blei genuint interessert i å eigentleg finne ut kva som skjedde i denne heimen, og kva som skjer no. Nokre gongar får vi tilbakeblikk, andre gongar møter vi ein tidlegare mobbar som gretande gøymer seg på do.
Det er her dei små problema byrjar å vise seg. Bye Sweet Carole er ei veldig god personleg historie. Når den held seg til det finn eg den veldig engasjerande. Samspelet mellom personane er interessant, og ein kan relatere til det som skjer, sjølv om ein ikkje alltid forstår kva som skjer.
Jentene på denne barneheimen er her for å lære å bli gode, skaplege kvinner og husfruer. Vi høyrer snakk om kva jenter skal og ikkje skal vere, kva dei har lov til, og kva dei bør få lov til å drøyme om. Det er mange gode element her, men eg synest ikkje dei er handtert godt nok. Forteljinga klarar ikkje heilt å bygge bru mellom det personlege dramaet, og det politiske bakteppet.
Vi blir rett og slett ikkje godt nok kjende med dei innvolverte. Du spring gjennom eit skummelt hus, løyser oppgåver, dyttar på ting for å nå nye høgder, gøymer deg frå eit monster, og brått møter du ei jente som snakkar om likestilling. Det bør ho sjølvsagt få lov til, men kvar kom det i frå?
Spelet handterer nokre veldig komplekse tema på ein litt for enkel måte, og hadde vore betre om fokuset var auka, eller droppa.
For utrente auge
Bye Sweet Carole er først og fremst eit eventyrspel. Det handlar om å vere på ein stad der ein må finne ut korleis ein skal kome seg vidare. Det kan vere praktiske utfordringar som korleis ein skal kome seg opp på nivået ovanfor, korleis ein skal få opp ei dør, korleis ein skal få vekk kvistane som hindrar ein skal kome seg ut ei luke.
Om du først og fremst er på jakt etter ei utfordring for dei små grå, er ikkje dette spelet for deg. Det blir for enkelt. Du kan som regel tenke deg fram til kva du skal gjere veldig kjapt. Kanskje skjønar du kva du treng, og no berre må gå på jakt for å finne akkurat det.
Spelet er likevel skikkeleg fornøyeleg å spele. Med eit stort fokus på forteljinga blir det like mykje motivasjon for å kome seg vidare som noko anna, og dei aller fleste utfordringane du møter er godt fletta saman med historia. Det er for det meste historia som sender deg inn i ei utfordring.
Ei av spelets største styrker er den store variasjonen i kva du kan og må gjere. Lana kan dytte kassar, plukke opp ting, kombinere ting, og klatre i stigar. I tillegg kan ho kan gjere seg om til ein harepus, og då kan ho hoppe på veggar og kome seg inn stadar ho elles ikkje kjem seg fram. Seinare møter vi og ein diger raring som kan banke skrømt med paraplyen sin, eller berre rulle rundt som eit hovud som kan antennast om du treng å brenne noko ein stad.
Det er moro, variert, og kreativt, men her og der slår det sprekkar. Det kan vere spanande å gøyme deg i eit skap når eit skrømt kjem forbi, men det er ikkje like moro når spelet brått blir eit plattformspel der du må tenke kjapt med eit kontrollsystem som ikkje er presist nok for det. Det er òg ein del tekniske feil i spelet. Til dømes har kameraet nokre gongar låst seg fast på feil plass og tvinga meg til å avslutte spelet for å kome meg vidare. Dette er heldigvis få og sjeldne, men nemneverdige unntak.
Konklusjon
Bye Sweet Carole er ei av årets fine overraskingar. Det er eit heilt nydeleg og herleg stemningsfullt spel som tek oss med på ei magisk reise i sin marerittversjon av Alice i Eventyrland. Det er eit sideskrollande eventyr der vi i rolla som Lana utforskar ein gammal barneheim for jenter, og områda rundt, med ei bunke praktiske oppgåver og utfordringar som held oss okkuperte mellom nye innslag frå historia.
Spelet er på sitt beste når det held seg til Lanas personlege ferd. Ho kjempar mot både indre og ytre demonar, og dei er herleg skildra. Å stadig lære meir om kva som eigentleg har skjedd på denne barneheimen er definitivt blant dei best fortalde historiene dette året har bydd på.
Bye Sweet Carole er eit nydeleg og spanande evetyr som gjer mange spel til skamme i korleis det formidlar hovudpersonens reise.
Bye Sweet Carole er ute no på Switch, PlayStation 5, Xbox Series S/X og Steam.