Eg er del av ein generasjon som vaks opp med koko eventyrspel som skulle ha deg til å kombinere bisarre ting med uforståelege ting for å skape nye ting. Logikken var der, men den var ofte hinsides all fornuft, og spela kunne vere smarte, men på skikkeleg, skikkeleg dumme måtar.
Det var i tida før alle hadde nettilgang, og i staden for å berre søke opp løysinga på eit problem på nettet, sat vi og kombinerte alt, med alt. Såpe på slim, såpe på pels, såpe på kol, såpe på blyant «det der gir ikkje meining», seier spelfiguren før du til slutt klikkar såpe på nøkkel, og voila, der har du laga ei avstøyping av nøkkelen, no må du berre finne ut kva du skal helle i såpa, og kvar du skal bruke resultatet.
Nøkkelform på lys, nøkkelform på dam, nøkkelfom på bæsj. Du skjønar teikninga.
Slik var liva for ungdommen på midten av 90-talet, og vi elska det.
Ung, yngre, yngst
Simon the Sorcerer Origins gir meg harde Wet Hot American Summer-vibbar. Lik som denne filmen om tenåringar på sommarleir spelt av 30-åringar, fekk ein oppfølgjarserie ti år seinare om den første dagen på nemnde sommarleir, er Simon the Sorcerer Origins eit spel som tek oss med tilbake til eit par veker før det første spelet. Den originale Simon-skodespelaren Chris Barrie (no 65 år) er til og med tilbake i rolla som den unge over 50 år yngre guten Simon
Vi møter altså Simon, berre veker før han fyller tolv år. Han har problem på skulen, flyttar til ny heim, og vipps opnar ein portal seg og livet til Simon er forandra for all tid. Frå problemunge med alt for stor kjeft på liten kropp, blir han raskt ein trollmann i sitt eige univers som ikkje må forvekslast med Discworld, sjølv om spela er sterkt inspirerte av Terry Pratchetts univers.
Vi har tidlegare fått heile fem spel om Simon, men det er dei to første dette spelet hentar inspirasjon frå. Borte er grelle 3D-modellar i heslege miljø, og tilbake står vi med eit ufatteleg artig spel fullt av karakter, humor, og stil.
Dette er eit erketradisjonelt peik-og-klikk-eventyr, men bisarre gåter, mykje humor, og ei fantasifull verd å utforske
Akkurat det du vil ha
Eg vil seie Smallthing Studios har funne ein glimrande visuell stil for Simon the Sorcerer Origins. Den leikar seg i eit land mellom akvarell og pastellkrit og blandar nytt og gamalt på eventyrleg vis. Bakgrunnane er fulle av morosame detaljar som er i konstant endring.
Simon får til dømes tidleg eit kart han kan bruke for å reise kjapt til ulike område, og når han markerer ein ny stad på kartet, fell ein enorm teiknestift ned frå himmelen der han står. I det magiske akademiet bli denne etter kvart dekt med grafitti av dei uoppdragne studentane. Å studere kva studentane held på med i bakgrunnen kan òg bli ein leik i seg sjølv.
Det er personane som stel showet. Dei har umiddelbare og sterke silhuettar, som er noko av det viktigaste i karakterdesign, og detaljane som fyller dei ut er laga av nokon med ein herleg strek. Skodespellet som fyller ut personane er også jamt over eksemplarisk. Frå Red Dwarf-veteran Barrie i rolla som ein tolv år gammal gut, til ulike professorar, trollmenn og ikkje minst trollet som vaktar porten.
Simon the Sorcerer Origins er eit velskrive spel, og det brukar ikkje fleire ord enn det må. Utviklarane har skjønt at ein må vere kjapp, konsis, og ikkje seie meir enn nødvendig. Dialogen glir veldig godt, og er full av akkurat den same tørre humoren slike spel ein gong for lenge sidan blei kjende for.
Peik og klikk
Om det er eit gammaldags eventyr du vil ha, får du det i Simon the Sorcerer Origins. Her skal kvar scene studerast, alt skal sjekkast, og alle dialogval må utforskast. Vi får minimalt med hjelp. Alt du får av hint er at du kan trykke inn ein knapp for å sjå alt du kan gjere noko med. Kontrollsystemet er svært ukomplisert, og når du held peikaren over noko, får du sjå kva du kan gjere.
Som skikken er har du eit eige inventar fullt av alt skrotet du har samla, og dette ligg naturlegvis i hatten til Simon. I dette spelet stoppar det ikkje der. Simon er trollmann, og han lærer seg elementmagi i løpet av spelet, i tillegg til at han kan endre hatten sin til å utvise lys eller mørk magi, noko som kan endre nokre av gjenstandane i inventaret.
Utover det er det ingen overraskingar her. Dette er eit eventyr i klassisk stil. Du vandrar rundt, ser om du finn noko du kan sjekke eller plukke opp, du leitare etter nokon å snakke med, og metodisk går du til verks for å finne løysinga.
Det enkelte kanskje vil finne irriterande er at det er ikkje akkurat er innlysande kva som skal gjerast. Logikken er for det meste grei nok, men at tankane går dit av seg sjølv er ikkje alltid like sjølvsagt. At du skal bruke ismagi på eit avløpsrør for å klatre opp jokelen slik at du kan plukke ned ein pinne du så skal pruke for å plukke ned ein annan ting ein annan stad gir for så vidt meining. At du skal bruke ei fjøyr på ein forderva blekksprut for å forfalske ein gratiskupong slik at du kan få deg noko å drikke, er for så vidt også innanfor logisk forstand, men likevel eit stykke der ute.
Det eg prøvar å seie er at sjølv om dette spelet teknisk sett kan rundast på nokre få timar, vil du mest sannsynleg bruke over det dobbelte fordi du vil gå fram og tilbake og klikke og prøve og feile ein god del, men det er slik det skal vere. Det er ein del av moroa. Å brått innsjå logikken og sjå galskapen utspele seg er premien for innsatsen.
Ein del nyare eventyrspel har byrja med meir omfattande hjelpesystem. Eg er litt delt i kor vidt eg meiner det burde vere noko slikt her. Hjelpesystem kan fort misbrukast i så stor grad at dei øydelegg moroa. På den andre sida er det ikkje moro å sitje fast lenge heller, så det hadde kanskje ikkje gjort noko om utviklarane hadde bydd på litt i form av tips her og der. Noko du kan slå av eller på, som gir meir hjelp om du sit fast lenge. Eg kan sjå føre meg at eit spel som dette kan vere avskrekkande på peik-og-klikk-jomfruer.
Konklusjon
Eg skal innrømme at eg ikkje har spelt mange peik-og-klikk-eventyr dei siste åra. Det er ein sjanger som gar gått litt under jorda for meg. Det blir framleis laga ein haug med gode spel i sjangeren, men det som ein gong var blant mine favorittsjangrar, har no blitt litt nisje.
Det var difor svært gledeleg at Simon the Sorcerer Origins skulle bli det første heilt nye peik-og-klikk-eventyret eg har spelt på nokre år. Det er skikkeleg retro på heilt rett måte. Det har ein nydeleg presentasjon, med godt design, ein herleg stil og godt skodespel, og dette pakkar inn eit spel som i praksis, er skikkeleg gammaldags.
Her peikar du, og du klikkar, du høyrer på den fine musikken med dei nynnbare melodiane, du høyrer på kva galne professorar har å seie, lurer eit troll, lurer ei heks, sit litt fast, og tek det eit steg av gangen.
Dette er langsam underhaldning, og det hadde hjernen min veldig godt av akkurat no.
Simon the Sorcerer Origins er ute på PlayStation 4, PlayStation 5, Switch, Switch 2, Xbox One, Xbox Series S/X og Windows.