Som far vil eg berre det beste for ungen min, og det inkluderer at eg vil ho skal spele dei beste spela. Eg vil ho skal få gode opplevingar. Opplevingar ho kan vakse på, lære av, hugse som fantastiske minne når ho ein dag blir eldre, og i verste fall blir vaksen. Eg vil ho skal minnast brandomens spel slik eg minnest Mario og Zelda, samt Doom, i skjul bak lukka dør med fettern som vakt i tilfelle foreldre skulle kome for nær.
Når eit spel som Tamagotchi Plaza dukkar opp, er det lett å tenkje at dette er noko eg må gi ein sjanse. Ho elskar jo alt søtt. Alt som er rosa, alt som er koseleg, alt som lar ho skifte hår, kjole, og alt det der. Ho elskar Hello Kitty og heile Sanrio-familien. Tamagotchi burde difor vere heilt bankers. Eg hugsar dei så vidt sjølv, desse banale små kreka som levde i si eiga digitale verda og måtte ha konstant tilsyn. Kanskje Tamagotchi Plaza kan vere noko liknande, for ein ny generasjon?
Så feil kan ein ta
Jentungen elskar det, men pappa hatar det. Eg kjenner eg nesten blir sint. Irrasjonelt sint, men sint likevel. Dette er eit kynisk dritspel laga av folk som veit veldig godt korleis ein skal hekte ein lite unge. Oppskrifta her er å bruke minimalt med innsats, og forme ei tom, meiningslaus oppleving blotta for meining.
Det er vel omlag slik vi kan oppsummere Tamagotchi Plaza. Det er eit beint fram hjernedaudt spel eg skulle ynskje ikkje var laga. Den beste samanlikninga eg kan kome med er desse tåpelege nettbrettspela der alt du skal gjere er å flytte rett ting på rett plass. Det minnar om eit kynisk mobilspel som er laga for å låse ungen til skjermen med stadig nye fargerike ting, og gjerne eit lass med ting foreldre skal kjøpe.
Tamagotchi Plaza er heldigvis ikkje fullt så ille, er til dømes heilt blotta for kyniske mikrotransaksjonar. Det er eit trygt spel. Du veit kva du får, og det er ingen ekle overraskingar som ventar om ungen får sitje aleine med det ei stund.
Det Tamagotchi Plaza er, er ei samling banale minispel. Utgangspunktet er at du, saman med ein tamagotchi, skal gjere Tamagotchi Plaza klar for ei stor hending. Ein fest, trur eg det var. For å få til det må du ta turen innom mange verksemder, bygge dei opp ved å jobbe der, samle inn pengar, og så bygge opp utearealet som ligg i midten av ein sirkel av forretningar.
Det er heile spelet, og det er like spinkelt som det høyrest ut. Noko av det første dottera mi sa etter å ha spelt i ein halvtime er at det er ingenting å gjere her, og det hadde ho heilt rett i. Dette er eit veldig magert spel med ein veldig spesifikk funksjon. Diverre enda jentungen opp med å like det likevel, for det er lett å bli hekta på banale minispel når ein er for ung til å vite betre.
Rett på sak
I Tamagotchi Plaza må du reise frå butikk til butikk. Der utfører du ein dags arbeid, og ventar på at den lokale prinsen kjem for å sjå korleis det står til. Er han nøgd vil du få oppgradert butikken, og når det er gjort kan du berre halde fram med å gjere den same banale jobben om att i det uendelege. Det er ingen endestasjon her. Det er berre gjentaking. Uendeleg repetisjon. Det er så tomt for framdrift at vi byrja å lure på om noko var feil med spelet. Er arbeidsdagen nokon gong over? Får vi aldri pause? Kor mange syklar finnest eigentleg i denne byen.
Jobbane er derimot varierte. Ein stad skal du reparere nemnde syklar. Då får du ei kø av kundar som alle har ulike ynskje. Den eine vil berre få luft i dekka, vaska av skiten, og kanskje få rattet skrudd fast. Ein annan vil ha ny farge, ny ramme, og nye dekk. Andre butikkar byr på andre oppgåver.
Nokre av dei er umoglege. Blant dei verste butikkane ei mangasjappe der du ut frå svært vage skildringar skal setje saman eit par sider i ein manga. Nesten uforståeleg for meg, umogleg for ungen. Spesielt sidan du får beskjed om å inkludere namngjevne Tamagotchi, og dei finnest det hundrevis av. Eg veit no søren kven Paintochi eller Miraitchi er?
Vidare har vi nokre jobbar som berre ikkje fungerer skikkeleg. Ta til dømes ninjasjappa som opnar opp etter litt arbeid andre stadar. Der skal du kaste ninjastjerner ved dra handa over musesensoren på joycon-kontrolleren. Ikkje berre er det eit sabla herk å få kontrollaren kobla om skikkeleg om du sit der med til dømes ein Pro-kontroller, og brått må byte midt i spelet, men sensoren fungerer ikkje optimalt, og resultatet er eit stykk frustert unge.
Konklusjon
Det finnest mange, gode spel for born der ute. Berre sjå kor stor i auga junior kan bli av å få spele litt Minecraft, eller få sose rundt i Animal Crossing, eller ved å kome først i mål etter ei runde Mario Kart. Det er mykje å ta av som byr på gode, gjennomtenkte opplevingar.
Tamagotchi Plaza er ikkje blant desse spela. Det er eit hult, meiningslaust produkt som tek ein haug med simple mobilspel som kunne ha vore laga i Flash for 20 år sidan, og stappar dei inn i ei kjend merkevare.
Ungen kan definitivt bli hekta på dette, men er det eit mål?
Det finnest oppturar her. Å spele saman med ungen er alltid moro, og å samarbeide om å løyse oppgåver får fram smil hos både den eine og den andre, men dette spelet er så uambisiøst at det nesten er ei skam. Alt dette spelet er, er ei lita samling minispel det blir forventa du skal gjere om igjen, og om igjen, og om igjen til du blir blå i trynet.
Det er inga historie her, ingen progressjon, null mål, null meining utover å fore ungane med Tamagotchi-figurar. Styr unna.
Tamagotchi Plaza er ute no på Nintendo Switch og Nintendo Switch 2 (testa).