25

Fekk 1,4 millionar skattekroner til spelutvikling. No er dei konkurs

Fire mistar jobben når den norske utviklaren blir slått konkurs. Gründeren håpar at dei kan fortsette prosjektet ein gong i framtida.

Anansi

– Det er frykteleg surt. Ein del av meg er sta nok til å tenkje at eg kanskje kan plukke dette opp av skuffa igjen seinare, at det har livets rett, men berre ikkje passa no, seier Steffen Oftedal.

Han er dagleg leiar i utviklarselskapet Anansi AS, som blei slått konkurs 3. september.

Anansi AS står bak spela Oslo 2084 og Bergtatt.

Oftedal og tre kollegaer har dei siste åra jobba med å realisere Bergtatt, eit psykologisk horrorspel inspirert av norsk svartmetall, okkulte tema og heidensk overtru.

Spelet har fått i underkant av 1,2 millionar kroner frå Norsk filminstitutt (NFI) og 170.000 kroner frå Viken filmsenter.

Klarte ikkje kome gjennom nålauget

Å realisere spelet har vore den store lidenskapen deira.

I vår konkurrerte Anansi om vidare finansiering gjennom NFI, men sjølv om dei fann investorinteresse, klarte dei ikkje sikre ein utgivar.

Då blei det vanskeleg å drive vidare.

– Me fekk gode tilbakemeldingar, og prosjektet ser feitt ut, men me har ikkje heilt klart å bevise kva me skulle lage. Og kanskje var me ikkje sjølv heilt sikre på korleis me skulle kome dit, seier Oftedal.

Anansi omtalar som eit «immersive occult folk-horror adventure» i ARPG-drakt.

Han fortel at Bergtatt har vore gjennom mange endringar.

Oftedal er grunnleggaren av selskapet og har vore med frå start. Med bakgrunn som fotograf hadde han klare tankar om korleis stemninga, lyset og bilda skulle vere, men sjølve spelmekanismane var dei usikre på korleis dei skulle løyse.

– Me starta med å lage skalet på løken i staden for å starte med innmaten, seier han.

Dei hadde tru på at spelet kunne treffe ei nerve. Både med tanke på stilen og at det kom 30 år etter svartmetallbølga.

Eir Vatn Strøm og bandet Ulver sto for musikken.

– Me jobba lenge med å få spelet til å fungere, men til slutt såg me at me ikkje klarte å lande, seier Oftedal.

Fekk rom til å eksperimentere

Hadde det ikkje vore for støtta frå NFI, hadde prosjektet neppe kome i gang i det heile, meiner han.

– Det gav oss rom til å tilsette eit par og dra på. Utan støtta hadde me ikkje ein gong fått prøve, seier han.

Eit troll var den store nemesisen til hovudfiguren i .

Oftedal vurderte å gå tilbake til den seine framgangen som soloutviklar, men la det frå seg. I staden blei det skifteretten.

– Eg har hatt eit stort ønske om at dette ikkje skulle gå utover andre. Det gjer det alltid, og me måtte permitterte tidleg. Det er kjipt. Du føler at du har feila.

Eit håp

Målet var å hente rundt fem millionar kroner frå ein utgivar.

I første pitch foreslo dei eit budsjett på 350.000 kroner i månaden over 24 månadar, og planla ei lansering i siste kvartal av 2026.

Det var med eit team på seks personar. Gjengen hadde erfaring med spel som Mosaic, Fruitbus og Sumerian Six.

Dei måtte selje 40.000 eksemplar for å gå i null.

Spelet skulle utviklast for PC, Steam Deck og konsoll, og henta inspirasjon frå blant anna Diablo 2, Scorn, Alien: Isolation og Resident Evil.

Oftedal har eit lite håp om at han ein gong får gjere ferdig prosjektet.

Advokat Jacob Sverdrup Bjønness-Jacobsen er utnemnd som bustyrar for konkursen.

Siste fra forsiden