– Det har vore ein kamp frå månad til månad, seier Gøran Myrland.
I fjor møtte Gamer.no Myrland og teamet i Misc Games på kontoret i Vestre Svanholmen på Forus, midt i smørauget av oljemekkaet som står for ein stor andel av verdiskapinga i Noreg.
Før jul flytta spelutviklarane vekk frå de formuedes rekkjer og inn på heimekontor.
– Me har ikkje hatt ferie enno, og har jobba steinhardt, døgnet rundt, sidan september, seier Myrland.
Blei naboar
Norske Misc Games har ein ambisjon om å bli verdas beste på sin nisje. Dei utviklar simulatorspel sentrert rundt fisking og livet på havet, og har seld rundt 800.000 spel sidan 2018.
Ships At Sea er det nyaste spelet deira. Det kom ut i Early Access for eit år sidan og blir fullansert i 2026.
Det har vore ein del skjær i sjøen.

– Me hadde ei restrukturering i fjor haust, og måtte seie opp tre stykk for å spare kostnadar. Då flytta me heim, seier Myrland.
Det var kollega Mikael Fossum som først kjøpte hus i Hellvik i Eigersund kommune, og då flytta like greitt Myrland og partnar Yasemin Hamurcu inn i «nabolaget».
LES OGSÅ: Norsk spelutviklar siktar mot stjernene »
Rekordomsetning
Misc Games følgjer same rekneskapsår som utgivar Embracer, frå april til april, og har nettopp runda av rekneskapen for 2024.
Den viser ei omsetning på 17 millionar kroner.
Det er det beste året dei har hatt omsetningsmessig, men dei tente ikkje noko særleg med pengar.
– Me går omtrent akkurat i null. Det er lanseringa av Ships At Sea som løftar omsetninga vår, forklarar Myrland.

Sjøsettinga av Ships At Sea gjekk ikkje som planlagd.
– Me har brukt det siste året på å bygge spelet opp frå botnen av. Det var veldig mange «bugs», seier han.
Eit heilt år med syting
Fleirspelaren fungerte ikkje som den skulle, og Misc Games har hatt ein drøss med tekniske utfordringar.
Dei har seld 70.000 eksemplar av Ships At Sea. Spelarane var ikkje spesielt nøgde med lanseringa.
– Det har vore eit tøft år. Me har hatt ei rekkje problem, og tilbakemeldingane har vore klaging på ting som ikkje fungerer. Me har heldt på med desse klagene i eitt år no, seier Myrland.

Han er ein smule oppgitt, men prøver å ta det med eit smil.
Heldigvis har dei vind i segla no.
– Me har endeleg klart å snu skuta. Meldingane på Steam er oppe på «stort sett positive», og det ser ut som jobben me har lagt ned ber frukt, seier Myrland.
Erfarne og flinke folk
Misc Games er i dag fem utviklarar i Noreg. Dei brukar faste frilansarar verda rundt, og totalt er det 18 personar som jobbar for dei.
I restruktureringa har dei bygd opp eit nytt team.
Dei har henta frilansarar som har lang erfaring på ulike AAA-spel.

På Steam har dei presentert ei ambisiøs liste over funksjonar dei skal utvikle til Ships At Sea, og Myrland står fast på at dei skal vere best i bransjen.
– Me har fått ein utruleg dyktig gjeng. Fleire av dei har jobba på skikkelege simulatorar som brukast til trening, og me har også lyst til at vårt spel skal brukast slik.
Fishing: Barents Sea og Fishing: North Atlantic har blitt brukt i undervisning på skular. Ships At Sea har Misc Games betydeleg større ambisjonar for.
LES OGSÅ: Rogalands einaste utviklar i sluttspurt »
Infernalsk travelt
– Me har mykje på gang. Det er mange teknisk utfordrande funksjonar me skal få på plass, seier Myrland.
Han ramsar opp ei såpass lang liste av ulike båtar, ting ein kan gjere på dei, teknologiar som skal på plass og nye stadar å utforske, at journalisten dett av.
– Har de tatt på dykk for mykje, trur du? Blir det «crunch»?
– Me unngår «crunch». Det er klart at det blir jobbing i helger og på kveldar, men det er ikkje noko me tvingar folk til. Folk bidrar. Me elskar det me driv med, det er det som gjer det kult og kjekt, seier Myrland.

Han er takksam for å ha støttande medarbeidarar i ryggen.
– Me er her for kvarandre, sjølv når det er vanskeleg. Det betyr mykje, seier han.
Det er likviditeten, altså å ha nok pengar, som er den aller største utfordringa for å halde selskapet flytande.
– Det er ein stadig kamp. Me tener akkurat litt meir enn det me har i utgifter. Så langt er det Fishing: North Atlantic som heldt oss oppe, men sala der har minska litt. Eg håper me får snudd situasjonen, slik at Ships At Sea sel mest, seier han.
Spelbransjen, både nasjonalt og internasjonalt, er som kjend i ureine farvatn.
– Me ser korleis studio rundt oss i Embracer blir avvikla. Det er ikkje kjekt, seier han.
Ships At Sea kjem ut til PC, Xbox og PlayStation i 2026. Det er tilgjengeleg i Early Access på Steam.