Flodbølge av skjermkortlekkasjar

Stadig meir tydar på at Nvidia lanserer Super-serien over nyttår.

Gigabyte RTX 4070 Ti blei lansert for rundt eit år sidan. På nyåret kjem ein kraftigare versjon.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er framleis håplaust å få tak i nye skjermkort til ein grei pris, men det stoppar ikkje produsentane frå å fyre ut nye produkt.

Rykta om at Nvidia skal lansere ein oppdatering av RTX 4000-serien, har versert sidan i sommar. Dei siste vekene har det kome nyheiter som i praksis stadfestar at det skjer.

Både RTX 4070, RTX 4070 Ti og RTX 4080 ligg an til å få litt kraftigare versjonar tidleg i 2024.

Videocardz kunne nyleg melde at Gigabyte har levert inn produktdata for ulike utgåver av modellane over. RTX 4080 Super og RTX 4070 Ti Super får visstnok 16 GB med videominne. RTX 4070 Super får 12 GB.

Lekkasjen stadfestar òg at det kan bli lansering av eit RTX 3050 med 6 GB videominne.

Nettbutikken Dustin la ut Asus Tuf RTX 4070 Super for sal for nokre dagar sidan, og det har vore lekkasjar av produktbileta til det same skjermkortet før jul.

Nvidia skal demonstrere siste nytt i løpet av andre veke av januar, ved CES.

Siste fra forsiden