FØRSTEINNTRYKK: Lovande start for zombiedrama

Førsteinntrykk The Walking Dead: A New Frontier

(Bilde: Telltale Games)

Lovande start for zombiedrama

Telltale Games leverer ei gripande forteljing, men når ikkje heilt opp til tidlegare bragder.

The Walking Dead-universet handlar mykje om å vise kva menneske er i stand til å gjere under visse omstende, kor langt me er villige til å gå for å verne dei som er nær oss, eller ta vare på oss sjølv. I spela viser dette seg som eit val mellom å vere egoistisk for å sikre eigne interesser, eller å ta ein altruistisk veg som potensielt går ut over ein sjølv. Telltale Games har vist at dei kan skildre desse vala på eit meisterleg vis i dei tidlegare sesongane av The Walking Dead.

The Walking Dead: A New Frontier er eit tappert forsøk på å helde fram med denne tradisjonen, til tross for nokre tvilsame avgjerder.

Gjensyn med gamle vener

Fire år med drap og elendigheit har ein viss verknad på humøret.
Fire år med drap og elendigheit har ein viss verknad på humøret. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er to år sidan me fekk oppleve den nervepirrande og sorgtunge slutten til The Walking Dead: Season Two. A New Frontier byrjar med eit tilbakeblikk til starten av zombieutbrotet med familien til den nye hovudpersonen, Javier. Me får ein djuptgripande introduksjon til den dramatiske hendinga, vist fram på eit så velregissert vis at det verkar som eg spelar eit Naughty Dog-spel.

Etter introduksjonen hoppar me fire år fram i tid, til ein jordnær sekvens om Javiers slitne familie. Eg blir imponert over det bunnsolide stemmeskodespelet. Det er ein flyt i samtalane mellom karakterane som ikkje har vore der før, noko som får spelet til å verke mykje meir truverdig og realistisk. I spel kan ofte interaksjonar mellom personar verke konstruerte, men her er det ein openberr kjemi mellom stemmeskodespelarane. Dette er eit inntrykk som eg har satt igjen med gjennom begge dei første episodane.

Stemmeskodespelet og filmsekvensane er faktisk så bra at det kjennest ut som eg ser på ein interaktiv film. Filmsekvensane er mykje hyppigare enn før, men det gjer meg ikkje noko. Dei er så godt gjennomførte at eg kan lene meg tilbake i godstolen med kontrolleren og nyte forteljinga. Dette er særs god underhaldning.

Det er sikkert ikkje så dumt...
Det er sikkert ikkje så dumt... Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Clementine møter oss ei stund uti første episode, med ei SPAS-12-hagle og eit hardt uttrykk. All barnleg uskuld er tilsynelatande vekke, og ho verkar mykje meir vaksen, sjølv om ho berre er to år eldre. Dei gode ansiktsanimasjonane gir meg nokre hint om at det er ei maske, men det er mogleg eg leser litt vel mykje inn i dette.

Billige verkemiddel

The Walking Dead-serien har ein tendens til å bruke ungar i valdelege situasjonar som verkemiddel for å skape sjokkeffekt. Eg har ikkje hatt noko problem dette før, for det har blitt brukt på eit relativt smakfullt vis i dei tidlegare sesongane. I A New Frontier derimot, er det spesielt ei hending som verkar som eit billig grep for å halde konsentrasjonen vår. Dette er knytt til ei hending i fyrste episode som fungerer som motivasjon for fleire av karakterane framover, som øydela delar av historia for meg. Eg merka at eg blei ukomfortabel og fråkopla frå handlinga etter dette skjedde. Ekstrem vald er ikkje noko problem i spel, så lenge ein handterer det på rett vis. Der har Telltale bomma denne sesongen. Sjølv om det berre er snakk om ei enkelt hending, klarte eg ikkje å leve meg like godt inn i spelet etter det. Eg tenkte heile tida på om det kom til å kome fleire billige triks.

Likevel, Telltale-oppskrifta er for det meste intakt. Dei er framleis gode til å byggje komplekse karakterar, men det er hovudsakleg heltane i forteljinga som verkar truverdige. Skurkane me møter framstår som litt overflatiske og manglar sympatiske sider, som er essensielle for å skape ein god motstandar til helten i forteljinga. Akkurat dette er eg ikkje nemneverdig bekymra for, då det verkar som me berre skrapar på oversida av historia i dei to fyrste episodane. Dette er nok litt av grunnen til at dei slapp to episodar på ein gong, i staden for ein og ein. 

Endeleg eit Telltale-spel som ikkje krasjar

Denne karen har nok sett betre dagar.
Denne karen har nok sett betre dagar. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er lenge sidan eg har spelt eit Telltale-spel som har fungert på PC utan noko problem. The Wolf Among Us frå 2013 – det desidert beste spelet til Telltale Games  – er det einaste spelet eg har kome gjennom utan tekniske problem, men no har A New Frontier lagt seg inn på denne lista. Batman – A Telltale Series, utviklarens nyaste komplette spel, hadde ei rekkje tekniske problem på tvers av alle plattformene, og dette har vore norma med utviklarens andre spel dei siste åra. Det er kjekt å endeleg kunne spele eit Telltale-spel som ikkje krasjar. Grenselaust irriterande problem knytt til oppløysing over 1920x1080 er viska vekk, og ein kan saumlaust bytte mellom kontroller og tastatur. 

Spelmekanikkane er for det meste identiske med The Walking Dead: Michonne. I Batman-spelet har det særs lite å seie kva knappar ein trykkjer på i kamp, då Batman stort sett bankar fiendane uansett. Her er det ikkje slik, og eit enkelt feiltrykk vil ende med eit zombiebitt i nakken. Sjølv om det er blitt litt vanskelegare, er knappane ein må trykke på etter ein døyr akkurat dei same som før, slik at det skal godt gjerast å døy meir enn ein gong på den same staden. Det byrjar å bli litt keisamt med den same gamle visa i kvart einaste spel frå utviklaren. I det minste kunne me ha forventa å hatt tilfeldige knappar for kvar kamp, men slik er det altså ikkje. 

Konklusjon

Teikneseriegrafikken er mykje betre enn i sesong to. .
Teikneseriegrafikken er mykje betre enn i sesong to. . Bilde: Telltale Games

Dei to fyrste episodane varer rundt ein og ein halv time kvar, og bydde på nok spaning til å halde meg klistra til skjermen i tre strake timar. Telltale Games har alltid vore flinke til å fortelje ein god historie, og det er dei framleis. Likevel er det nokre problem med The Walking Dead: A New Frontier.

Dei klarer ikkje vise oss den same djupna som i dei fyrste sesongane, men det er enno tidleg. Frå det eg har erfart, har dei fyrste episodane i Telltale-seriane ofte vore ei rein oppbygging til ein grandios finale, og A New Frontier gir inntrykket av å vere slik.

Sjølv med nokre problem her og der, ligg mykje til rette for nok ein glimrande sesong av The Walking Dead frå Telltale Games. Det er berre å vente i spaning på neste episode, for noko seier meg at sesongen vil bli betre og betre. 

Les også: Bruce Wayne er ein betre spelhelt enn Batman »

Dei to fyrste episodane av The Walking Dead: A New Frontier er i salg for Android, iOS, Windows (testa), Mac, Xbox One og PlayStation 4. Gamer.no gir ikkje karakter på enkeltståande kapitel i episodebaserte spel. Vi publiserer eit førsteinntrykk, og kjem tilbake med ei anmelding av heile sesongen når alle episodane er ute.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

The Walking Dead: A New Frontier

The Walking Dead: A New Frontier

The Walking Dead: A New Frontier

The Walking Dead: A New Frontier

The Walking Dead: A New Frontier

The Walking Dead: A New Frontier

The Walking Dead: A New Frontier   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 128,-
Nedlasting 170,-
Nedlasting 219,-

The Walking Dead: A New Frontier   Les mer »

The Walking Dead: A New Frontier   Les mer »

The Walking Dead: A New Frontier   Les mer »

The Walking Dead: A New Frontier   Les mer »

Beste priser

På lager 99,-
På lager 178,-
På lager 179,-
Ikke på lager 299,-

The Walking Dead: A New Frontier   Les mer »

Beste priser

På lager 179,-
På lager 199,-
På lager 229,-
Forventet lagerdato 237,-

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen