25
Anmeldelse

Echoes of the End

Ein uslepen diamant

Nokre spel har enormt mykje meir potensiale enn evna til å gjennomføre.

Øystein Furevik
Spillredaktør

Vi er i ferd med å nå punktet det det knapt finnest grenser for kva som kan gjerast med små midlar. AAA-industerien blendar oss jamnleg med digre prosjekt med vanvittig grafikk, men brått kjem eit lite studio, nesten på indienivå etter dagens standard, og viser at dette kan dei òg få til.

Vi såg det i vår med det fantastiske rollespelet Clair Obsucr: Expedition 33, og no ser vi det igjen med Echoes of the End frå islandske Myrkur Games.

Echoes of the End er eit fantasieventyr som tek oss med til ein slags fantasiversjon av Island, full av magi, farlege beist, og massive, eldgamle ruinar. Det er eit spel som for berre få år sidan hadde vore umogleg å lage av andre enn berre dei største studioa.

Det kan bli riktig så pent, dette spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Sjekk den utsikta!

Om du ser berre eit tilfeldig utvalt bilete frå Echoes of the End hadde det ikkje overraska meg om du trudde det du såg på var Senua's Saga: Hellblade II. Det er til forveksling likt. Ikkje hovudpersonen kanskje, men verda du går rundt i er ei gråbrun og nesten kald verd med bygningar inspirert av vikingtida, og eit landskap som i praksis er Island. Det framstår uhyre autentisk, og tidvis fotorealistisk der du utforskar landskapet, tek inn utsikta med sine uendelege isbrear, og får fortalt ei overraskande historie, bit for bit.

Der spelet på sett og vis avslører seg sjølv, og viser at nei, dette er ikkje eit stort spel frå eit enda større studio, er gjennom optimalisering og finpuss. Echoes of the End er pent, ja, men det har sine utfordringar. Biletefrekvensen kan vere ustabil, animasjonar har ein tendens til å av og til gli over i kvarandre i rare rørsler der figurane glir inn i nye posisjonar, og figurane kan no og då flyte litt i staden for å vere i direkte kontakt med bakken under seg.

Det meste er små bagatellar, men over 15 timar legg ein merke til det. Desto nærare fotorealisme vi kjem, desto lettare blir det å sjå ting som er feil.

Vi ser dette tydelegast i animasjonen, spesielt når vi kjem nær folka. Når dei skal føle og kjenne. Skodespelarane leverer mykje meir enn animasjonen og mimikken på desse figurane er i stand til å formidle, og det merkast. Det er framleis bra, og betre enn mange andre, men spesielt samanlikna med den eineståande formidlinga av kjensler i Clair Obscur: Expedition 33, blir Echoes of the End litt stivt.

Historia blir fortalt på godt vis, med mange fine sekvensar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eit godt, gammaldags eventyr

Historia får stor plass i Echoes of the End. I hovudrolla møter vi Ryn, ei mektig kvinne med magiske evner som må ut på ei ferd for å ikkje berre redde bror sin, men etter kvart òg eit heilt rike. Det er i stor grad ho som ber spelet, og ho er portrettert av ei knakande god skodespelarinne. Jamnt over er skodespelet i spelet veldig godt, og interessant, sidan så godt som alle skodespelarane er islandske, noko som gjev det heile ein særeigen lyd som får meg til å lure på kvifor ikkje fleire gjer dette.

Historia stoppar aldri. Den blir fortalt med mange flotte filmsekvensar, men svært mykje gjennom dialog mellom Ryn, og ein partner som følgjer ho. Dette er godt krydder som fortel mykje om verda, sjølv om eg kunne klart meg unna ein og annan vits som fell litt vel flat mot fjorda. Akkurat dette er ein irritasjon som blir verre lengre ut i spelet, og i dei siste kapitla går det heile nesten litt i oppløysning. Der ein tidlegare har vore på ei spanande reise saman med interessante personar, siglar ein brått endelaust rundt i ei lita jolle medan ein høyrer på dialog der alt må vere ein vits.

Det framstår forferdeleg unødvendig, og trekk veldig ned. I byrjinga er humoren krydder her og der, og knapt merkbart, men til slutt er det alt du høyrer.

Tida utviklarane brukar på dårleg humor kunne blitt brukt betre. Til dømes på å forklare meir om kven Ryn er, og kvar ho kjem frå. Ho og bror hennar er dei einaste mørkhuda menneska i heile denne verda, men det får null fokus. Kvifor ikkje? Mykje tid kunne blitt brukt på å fortelje ei historie spelaren kunne hatt interesse av å høyre, men i staden får vi dårleg pappahumor.

Å navgiere seg gjennom verda er moro, og med stadig nye triks.
Øystein Furevik/Gamer.no

Når jobben er ein leik

Echoes of the End er eit vaskekte eventyr, og legg seg ein stad mellom God of War, Tomb Raider, og kanskje ein liten dash med Dark Souls.

Det som kanskje vil overraske mest er kor stort fokuset er på å utforske, og å løyse praktiske gåter. Her skal ein klatre, hoppe, dobbelthoppe, bykse gjennom lufta, og det gjerne med ganske nøye presisjon. Ofte må ein bruke kreftene til Ryn for å dra ut avsastar som kjapt sig tilbake, og flytte på større maskineri for å finne nye vegar. Det er mange praktiske gåter og utfordringar i spelet, og dei byr på stor variasjon.

Ei spesielt fin utfordringa var då eg måtte gå på usynlege vegar medan eg lytta til veiledning frå partneren min. Det var skikkeleg moro. og annleis. Eg måtte bruke hovudet litt. Nye former for hjernetrim dukkar opp stadig, og du rekk eigentleg knapt bli ferdig med ein type før noko nytt dukkar opp, blandar seg inn, og byr på ny, spanande variasjon.

Strengt tatt er det dette som tek opp det meste av spelet. Enten flyttar du på plattformer og slår på brytarar for å finne vegen, eller så skyt du deg mellom krystallar og portalar i lufta som om du spelte Donkey Kong. Utviklarane har dytta eit vell av variasjon inn i dette spelet, og for det meste er det skikkeleg moro.

Eg skulle likevel ynskje at utviklarane hadde kommunisert hakket betre korleis enkelte nye krefter og teknikkar fungerer. Eg fann alt for seint ut at spelets formbare sand kan klatrast på, og at du ikkje lage plattformer med den. Greit å vite før ein riv ut alt håret. Kontrollsystemet kan òg bli noko upresist, og eg har for mange gongar erfart å falle i døden fordi spelet ikkje skjønte at det tauet eg hoppa mot var nøyaktig der det måtte vere.

Kampane er ofte best dei gongane du møter noko anna enn kanonføde.
Øystein Furevik/Gamer.no

Tydeleg inspirasjonskjelde

Echoes of the End har eitt diger problem, og det er mangel på eigen identitet. Det prøvar å vere alt på ein gong, og ikkje alle forsøk er like vellukka. Kven sin idè var det å kopiere den dårlegaste ideen i God of War, og putte ein treg båt i spelet, og la den bli eit fokus gjennom dei siste timane?

Og er det mogleg å lage eit actionspel, actionrollespel, eller berre eit godt gammaldags eventyr utan å tru From Software oppfann digitale kampar, tok patent på dei, og no tvingar alle til å følgje same formel?

Eg veit Souls og alt som følgjer med framleis er uhyre populært, men eg er så lei. Må eg spele eitt spel til der du mistar halve helsa om du ikkje parrerer eller bykser unna med presisjon på nanonivå, tek eg næraste konsoll ut i skauen og skyt den. Det er ikkje det at det ikkje kan vere moro, men det er nok no. Alt treng ikkje vere slik, det blir einsformig, keisamt, og seigt.

Echoes of the End byr riktignok på val av vanskegrad, men alt du oppnår ved å skru ned er å gjere kampane dørgande keisame. Dei blir då for enkle, så vi skrur i staden opp igjen, og må snorke oss gjennom enda eit spel som skulle ynskje det var Souls. Det heile blir forverra av at ein strengt tatt går gjennom den same kampen heile spelet. Sjølv om utvalet av fiendar gradvis endrar seg, møter du stort sett i prqksis den same gjengen med fiendar kvar gong.

Spelet byr likevel på ein del artige former for magi som piffar opp kampane litt. Med kreftene til Ryn kan du dytte fiendar, kaste sverdet ditt gjennom fiendar langt unna, og skape elektriske sjokk, for å nemne noko. Det er mange gode idear her, men det er vanskeleg å sleppe tanken på at dei hadde passa betre inn i eit annleis kamprammeverk.

I nokre gåter må du ta tida til hjelp.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Echoes of the End er eit spel eg eigentleg har veldig lyst til å anbefale. Det har mange svært gode kavlitetar. Det har ei god historie med interessante rollefigurar, i ei verd som er genuint interessant. Det er god forteljarteknikk på plass her, og det er imponerande å sjå kva små team kan få til med dagens teknologi. Det er verkeleg berre fantasien som set grenser.

Der spelet skortar er i dei små tinga. Kampane inspirerer ikkje, og kontrollsystemet er av og til keitete, upresist, og ting som burde gå, går gale. Det er eit enormt problem i eit spel med mykje klatring, balansering og presisjonshopping.

Samstundes fell spelet litt frå kvarandre mot slutten. Den gode historia er der, men blir kunstig utvida med ein kjip robåt som tek for mykje tid, og alt for mange one-liners i eit spel som ikkje kler dei. Likevel er det mykje positivt her, og om du har lyst til å spele noko som slektar meir på eventyrspela frå nokre konsollgenerasjonar sidan, kan du finne mykje å kose deg med her.

Echoes of the End er ute på PlayStation 5, Xbox Series X og Windows.

0
Echoes of the End
Det er eit mykje betre spel her som skrik om å få kome ut.

Siste fra forsiden