Fotografisk grøssarserie vender tilbake

Det neste Project Zero-spelet blir Wii U-eksklusivt.

Om du tørstar etter skrekk og gru har japanarane stort sett levert varene. Før serien fekk eit stort actionfokus var til dømes Resident Evil-serien kjend for å setje ein støkk i mang ei sart sjel. Sonys Siren-serie har òg gjort det godt med å levere iskald og langsam grøss.

Tecmo Koei har òg hatt stor suksess på grøssarfronten. Deira kritikarrosa Project Zero-serie har bydd på ei noko anna tilnærming til skrekk og gru. I staden for å skyte og slå spøkjelse og levande døde må du i desse spela bruke eit fotoapparat for å ta bilete av skapningane som terroriserer folk frå limbo.

Nintendo + Tecmo Koei = Sant

Skjermbilete frå Project Zero 4 til Wii.

Det første spelet blei lansert på PlayStation 2 i 2001. Det fjerde spelet i serien blei lansert på Wii i 2008. I dag fortel Gematsu at Tecmo Koei saman med Nintendo har kunngjort eit heilt nytt Project Zero-spel i nyaste nummer av Famitsu.

Spelet vil bli utvikla eksklusivt for Wii U. Noko lanseringstidspunkt eller fullt namn for spelet er ikkje kunngjort. Det kan bli spanande å sjå korleis det fotobaserte gameplayet blir overført til Wii U-kontrollaren.

Samarbeidet med Nintendo kan sjå ut til å bli starten på eit nytt fokus på grøssarserien. I tillegg til det nye spelet har Tecmo Koei kunngjort at dei saman med selskapet Kadokawa vil produsere ein spelefilm, ein roman, samt ein mangaserie.

Kor vidt nokon av delane kjem til Europa er derimot eit ope spørsmål. Det førre spelet i serien kom seg aldri ut frå heimlandet. Dette er heller ikkje første gong Nintendo stiller opp for å hente fram populære spel. Dei vil til dømes gje ut Bayonetta 2, eit spel som sannsynlegvis aldri hadde fått livets rett utan Nintendos kapital. Det er difor verdt å krysse fingrane for at dei bringer dette spelet òg til Europa.

Om du gler deg over eit nytt Project Zero-spel, og generelt er ein skrekkentusiast bør du få med deg vår feature om grøssarspelas historie. Du bør i tillegg få med deg kva som skjedde då Jens Erik, redaksjonens pyse, prøvde seg på skrekkspel.

Siste fra forsiden