Anmeldelse

Orcs Must Die! Deathtrap

Orkeslakt for heile familien

Orcs Must Die! endrar formelen og legg fokuset på samarbeid.

Key+Art+Banner

Orkeslaktserien Orcs Must Die! er tilbake, og denne gong prøvar utviklarane å gjere noko litt nytt. Det er framleis feller og masseslakt av orkar som står i sentrum, men i staden for å by på ei laus historie om korleis krigsmagikarar kjempar mot endelause bølgjer av orkar sendt av slemme trollmenn og slikt, blir vi dytta rett inn i eit forklaringslaust scenario der målet først og fremst er at opp til fire spelarar skal samarbeide om å massakrere orkar.

Endringa i fokus merkast umiddelbart. Dei nye banene er alle større, opnare og fulle av moglegheiter som tvingar fram heilt nye strategiar. Det fungerer rett og slett ikkje å ture fram som før, du får ikkje lov.

Utviklarane likar å poengtere at du kan spele dette solo, men det bør du ikkje. Meir enn noko anna spel i serien har dette spelet frustrert meg endelaust, spesielt når eg har spelt solo.

Her går alt etter planen.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ta ein ork og la den vandre

Grunnprinsippa i Orcs Must Die! Deathtrap er dei same som alltid. Du spelar ein krigsmagikar, og di rolle er å plassere ut feller for å ta knekken på orkar og anna vandrande eller flygande søppel. Du startar på ei bane, orienterer deg og prøvar å finne ut korleis du best skal gjere dette til orkanes aller siste dag. Dei kjem i totalt seks bølgjer, og mellom kvar bølgje får du velje eitt av tre tilfeldig utvalde kort som gir deg ein bonus. Dette kan vere fleire barrikadar å sluse fiendane med, sterkare våpen eller diverse bonusar til dei mange felletypane.

Du får ikkje velje nøyaktig kva bane du vil spele. I staden får ein valet mellom tre tilfeldige baner, der kvar kjem med ein tilfeldig og gjerne negativ effekt. Ein sjeldan gong er det noko artig som tilfeldig utvalde feller som tvingar deg til å tenkje kreativt, men som regel er det kjipe ting som nokre ekstra sterke fiendar som dukkar opp ved kvar bølgje, feller som ikkje kan seljast, feller som kostar meir, fiendar som blir sterkare og tek fleire poeng frå portalen du prøvar å halde dei unna, samt fleire andre ting du verkeleg ikkje treng.

Målet er å spele gjennom tre eller fire baner der den siste byr på ein av fleire sjefar. Den første bana er som regel temmeleg enkel, og du kan stoppe der om du er nøgd med å sitje igjen med for lite hovudskallar – spelets ressurs for å oppgradere både figurar og feller – til å gjere noko som helst. Difor bør du gamble, donere halvparten av skallane dine i håp om å sitje igjen med mykje meir, og ta ei bane til. Neste bane får ein ny effekt som legg seg ved sidan av den førre, men den får òg sterkare fiendar som bryr seg mindre om alle fellene eller våpna dine.

Ein vil sjølvsagt nå siste bane, og dusten som ventar der, men det er noko som med mindre ein har litt flaks, sjeldan er oppnåeleg aleine. Utfordringa er skrudd for fleire spelarar samtidig, men sjølv med dette har eg møtt på problem. Spelet er tidkrevjande, å gå gjennom fire slike baner tek for lang tid, og folk har droppa ut undervegs, og då sit du der mutters aleine ovanfor ei utfordring designa for fire spelarar.

Å spele dette spelet aleine er uhyre frustrerande. Utviklarane har stappa inn mange hinder for å gjere livet surt for deg. Berre det å skulle oppgradere figurar og feller med eit system der kvar ting du kjøper gjer den neste tingen dyrare får det heile til å framstå som eit uendeleg tidkrevjande prosjekt.

Barrikadar er nyttige når du vil tvinge orkane gjennom ein dødsboks.
Øystein Furevik/Gamer.no

Jo meire vi er saman

Orcs Must Die! Deathtrap er i sitt rette element først og fremst når ein er fire spelarar. Kvar bane i dette spelet har fire inngangar der orkehordene fossar inn. Det er verkeleg til stor hjelp å ha nokon til å passe kvar vinkel. Når alle har sitt område å halde styr på, er sjansen for at noko usett kryp inn i portalen bak deg mykje mindre. Ein er òg mykje friare til å kunne samle seg der det er viktig, og hamle opp med fiendar som blir for mykje aleine.

Den største utfordringa er kommunikasjon. Eg har ikkje vore heldig nok til å ha eit dedikert lag eg kan prate med medan eg spelar, men utvikalrane har gjort ein god jobb i å gjere kommunikasjon mogleg, sjølv utan mikrofon. Du kan hente fram eit hjul der du vel kjappe beskjedar. Du kan be om hjelp, instruere om å byggje feller på gitt stad, selje feller og diverse andre nyttige kommandoar. Spelar du med folk som ikkje er kjende med ei bane kan det vere greitt å dele sin kunnskap, og då er det å kunne fortelje kvar det er lurt å setje til dømes barrikadar heilt essensielt.

Noko av det beste med desse spela har vore kunsten å sluse fiendane inn i ein drapsboks; eit område der du har plassert feller på golv, veggar og tak for maksimal destruksjon. Fiendane vassar gjennom lava, blir forgifta av planter, kryp gjennom tornekratt som sprer seg utover desto meir skade dei utfører, og blir pepra med piler, forgifta av gass, bombaderte med eksplosive fotballar og til slutt kverna i verdas største kjøtkvern.

Orcs Must Die! Deathtrap snur mykje på dette. Du må framleis putte ut så mange feller du kan, men vi finn færre openbere lokasjonar for drapsboksar, og du må gjerne strekke dei ut over større område. Banene er store, inngangane mange og ressursane så tynnslitne at ein må vere mobil og stadig farte rundt for å plukke ned fiendar. Diverre er det òg mykje som kjem i vegen for moroa. Kvar grensa mellom utfordring og underhaldningsdrepande tull går, er høgst subjektivt, men eg synest dette spelet tøyer strikken.

No og då dekker svart gugge store delar av kartet og gjer det vanskelegare å sluse fiendar. Kanskje regnar det i tillegg, og H20-monster dukkar sporadisk opp overalt på bana. Eventuelt opnar det seg portalar som slepp inn nye monster på område du ikkje hadde planlagt noko, og når du går for å rydde opp kjem to flygande krek og skyt forsteinande gugge på deg. Alt du kan gjere er å sjå på medan sekundane går, og alt arbeidet ditt går i vasken. Ein av desse? OK, men ofte skjer alt på ei og same tid.

Tornebuska som sprer seg kan bli nyttig på store område.
Øystein Furevik/Gamer.no

Orkeslaktvisa

I Orcs Must Die! Deathtrap må du vere mykje meir aktiv med figuren du spelar enn i tidlegare spel, og spelet er i mykje større grad ein tredjepersonsskytar. Vi får heile sju karakterar å velje mellom no. I tillegg til den gamle travaren Maximillian som er alltid like underhaldande, får vi ein gjeng med flate og uinspirerte figurar eg har lite til overs for.

Ein stor del av moroa i desse spela er humoren. Ikkje berre frå orkar som døyr, men frå hovudpersonen Max, ein hjernedaud tulling som er uvanleg god til å drepe orkar. I toaren dukka Gabriella opp, eit perfekt sarkastisk motstykke, men etter det har Robot Entertainment rota seg lenger og lenger ut i ei myr av dårleg skrivne pappfigurar framført av folk utan eit milligram av den komediske timinga dei originale skodespelarane har. Det er litt som med Borderlands-serien. Det var veldig moro ein gong, men no er det for det meste tørt og gammalt.

Heldigvis er dei fleste av dei artige å spele. Du har ein god del å rutte med, og der du før kunne velje våpen og ringar som gav deg spesielle eigenskapar, er alt dette no låst til dei ulike figurane. Max har armbrøstet sitt, kan svimeslå fiendar eller skyte granatar rundt seg. Hans nesten namnebror Mac kan sikte inn på fiendar langt unna, medan Bjørnen slår rundt seg, og kan ta eit saftig hoppangrep.

Dei fleste er artige å spele som, men eg skulle verkeleg ynskje dei såg og høyrdest betre ut. Eg forstår ikkje heilt korleis dette var det beste utviklarane kunne få til. Det er litt som med ferdigmat som skal passe for alle, men endar opp med å smake ingenting.

Her får du ikkje plassert mange feller.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

På sitt beste er Orcs Must Die! Deathtrap absolutt på høgde med alt det beste serien har bydd på. Å sjå fiendane kollapse under presset frå alle fellene dine er og blir veldig moro. Diverre har utviklarane endra fokus. Eg får ikkje lage dei drapsboksane eg tørstar etter. Eg må springe fram og tilbake og sjå til at alt er OK frå ein av dei mange vegane fiendane kan valse inn. For å sitere Bilbo; det er som for lite smør smurt over for mykje brød.

Finn du gode folk å spele med kan det vere skikkeleg moro, men òg frustrerande. Å gjere det godt i eit slikt spel krev samarbeid, planlegging og utføring. Det er ikkje alltid like lett, men når det klaffar sit det skikkeleg.

Orcs Must Die! Deathtrap er mest sannsynleg eit spel du enten vil elske eller hate. Har du folk å spele med som veit kva dei driv med er det stor moro, men det er ikkje noko å satse på om du likar å spele aleine. Då er dei tidlegare spela i serien mykje betre alternativ.

Orcs Must Die! Deathtrap kjem i sal for Xbox Series S/X (testa) og Windows 28. januar.

6
/10
Orcs Must Die! Deathtrap
På sitt beste er det god moro, men frustrasjonen set inn for ofte.
Ledige stillinger

Siste fra forsiden