Spillexpo Stavanger

Gaming samla Stavanger til folkefest

Spillexpo er kome til Vestlandet.

Mikkjell Lønning

– Dette er veldig gøy. Eg måtte nesten ta turen, for eg var så nysgjerrig på kva dette faktisk var for noko, seier Ole Kristian Ouff (33).

Fredag er han, Ida Wibber (34) og Thomas Eide (21) på sitt første Spillexpo. Denne helga gjer arrangementet nemleg debut i Stavanger.

– Det var mykje større enn eg trudde. Eg er overraska, seier Eide.

Trioen bur her lokalt, og set pris på at Rogaland og Vestlandet får eit liknande tilbod som Oslo.

– Det å bygge lego er høgdepunktet så langt, seier Ouff.

– Ja, eg elskar at det er så mykje å leike med her, seier Wibber.

I minus

– Me har seld 2500 billettar, og eg tippar me når 5000, seier Julius Solheim, gründeren bak Spillexpo.

Målet var i utgangspunktet å selje 10 000 billettar, men han er nøgd så langt. Dei går uansett i minus det første året.

– Eg trur nok ikkje folk skjønner heilt kva det er før dei har prøvd det. Spillexpo er stort i Oslo, men me er ikkje verdskjende. Noko stoppar jo i fjella.

Julius Solheim er primus motor bak Spillexpo. Ideen fekk han då han kom over ei spelmesse i Finland for mange år sidan.
Mikkjell Lønning

Spillexpo runda 20 000 besøkande for første gong i fjor, og Solheim har tru på at dei kan nå 15 000 i Stavanger etter kvart.

Framover er tanken å køyre to rundar med Spillexpo i året. Først på våren i Stavanger, så på Austlandet om hausten. I år går neste runde av stabelen 17. november.

Solheim meiner det er mangfaldet på Spillexpo som gjer dei attraktive.

– Det er film, musikk, cosplay, brettspel, teikneseriar, influensarar, youtube-profilar, e-sport og meir. Me jobbar med alle.

Tidleg Zelda

Spillexpo ser ut til å vere ein hit blant siddisane så langt.

– Det er på tide at det kom hit. Stavanger treng noko slikt her, og eg trur det blir spanande for regionen, seier Trine Riise (24).

Trine Riise syns at å engasjere seg som frivillig var ein fin måte å få med seg messa på. Solheim fortel at det har vore enkelt å finne frivillige.
Mikkjell Lønning

Riise er på messa som frivillig. Ho står vakt ved standen der ein kan spele The Legend of Zelda: Tears of the Kingdom, og innrømmer at det er noko distraherande å sjå på at alle koser seg med det rykande ferske storspelet.

– Eg speler på Switch sjølv, men har ikkje fått prøvd det enno. Det blir moro å spele etterpå, seier ho.

Woweffekt

På standen til den lokale spelutviklaren Okto Technologies er ni år gamle Trym Lukas Bøeng i sving med dansespelet Okto Dance.

– Dette var gøy, seier niåringen medan far Chris Aannevik følger med på sidelinja.

Trym Lukas Bøeng (9) fekk bryne seg på Okto Dance.
Mikkjell Lønning

Senior har vore spelar sidan han var tolv, og skulle gjerne ønske han hadde hatt eit tilbod som Spillexpo då han var ung.

Ole Martin Ølmheim og Okto Technologies har gjort om konseptet på spelet sitt sidan Gamer.no besøkte dei i fjor.
Mikkjell Lønning

– Eg syns det er ganske kult at me har fått noko slikt som dette. Trym Lukas var heilt «wow» då han kom inn i hallen her, seier Aannevik.

Ole Martin Ølmheim, dagleg leiar i Okto Technologies, fortel at dei jobbar med ei lansering av spelet til hausten. Det er allereie mogleg å laste ned ein demo på App Store.

– Me får 50–200 nye spelarar kvar dag, og ser at dei kjem tilbake. Det lovar godt, seier Ølmheim.

Paul Sayo (24) og Joachim Sudnik (24) hadde det moro med ein bilsimulator. Dei syns kanskje arrangøren burde vore betre på å informere om kven som stod på stand.
Mikkjell Lønning

Siste fra forsiden