Gears of War går tilbake til røtene

Xbox-sjef meiner serien enda opp med å parodiere seg sjølv.

Tidlegare i år kjøpte Microsoft rettane til Gears of War-serien frå utviklarane hos Epic. Med det fekk dei total kontroll over serien, og står fritt til å ta den dit dei vil. Det nye utviklarstudioet Black Tusk står for utviklinga vidare, og Xbox-sjef Phil Spencer har i ein podkast hos IGN vore ganske klar på kvar han meiner serien bør gå:

«For meg var det den storslagne skalaen på ting som gjorde dei tidlege Gears of War-spela bra. Historia og settinga var meir sjelfull, og kanskje litt mørk. Eg og Rod Fergusson har snakka om dette. Eg trur serien over tid blei nesten som ein parodi på seg sjølv. Det var ingen fæle grunnar til det, det er ein vanskeleg serie å handtere.»

Gears of War imponerte stort då det blei lansert i 2006.

Rod Fergusson var produsent for Gears of War-trilogien, og jobbar no hos Black Tusk for å sørgje for at kontinuiteten haldast ved like. Spencer er fullt klar over at Gears of War: Judgement ikkje var det spelet mange ville ha, men han meiner likevel at serien har stort potensiale.

«Det personane i Gears of War måtte gjennom betydde mykje for kva spelet handla om. Vi må finne tilbake til det, kjenslene til dei individa», fortel Spencer.

Ikkje alltid like bra

Dei første spela i Gears of War-serien fekk svært god mottaking her hos oss, men då Epic gav over utviklaransvaret til Bulletstorm-utviklarane hos polske People Can Fly, forsvann noko av magien, og vi var ikkje imponerte i vår dom:

«Jaget etter å samle stjerner og medaljar virkar viktigare enn å presentere ei solid speloppleving, og det er veldig synd. For er det éin spelserie som har gitt meg gode opplevingar på denne konsollgenerasjonen, så er det Gears of War.»

Epic Games enda opp med å kjøpe People Can Fly, og gav dei det nye namnet Epic Games Poland. Fleire av utviklarane frå det studioet enda opp med å starte det nye studioet The Astronauts, der dei laga det vakre eventyrspelet The Vanishing of Ethan Carter.

Siste fra forsiden