Hagekrigen nærmar seg

Plants vs. Zombies: Garden Warfare har fått dato.

Blant dei mest spesielle spela som blei kunngjorde under årets E3-messe i Los Angeles stod EAs Xbox 360- og Xbox One-spel Plants vs. Zombies: Garden Warfare høgt på lista. I dette spelet får vi ta turen til Plants vs. Zombies-universet på ein heilt ny måte.

I staden for å plante diverse blomar og frø i hagen for å jage unna zombie-hordane, byr Garden Warfare på krigføring inspirert av moderne skytespel som Battlefield og Call of Duty.

Plants vs. Zombies: Garden Warfare brukar same grafikkmotor som Battlefield 4.

I ei pressemelding i dag fortel EA at både Xbox 360- og Xbox One-versjonane av Plants vs. Zombies: Garden Warfare vil bli lansert 20. februar. For vår del gjeld dette sannsynlegvis berre for Xbox 360-versjonen sidan vi enno ikkje har fått nokon konkret dato på når Xbox One vil dukke opp her til lands.

Kraftig grafikkmotor

Garden Warfare blir bygd på svenske DICEs imponerande Forsbite 3-grafikkmotor. Det vi fekk sjå under E3-messa imponerte stort på den visuelle fronten, og spelet er blant dei spela som så langt kjem nærast kvaliteten vi ser i animasjonsfilmar frå til dømes Pixar.

Spelet vil by på det meste ein kan forvente seg frå eit skytespel. To lag på til saman 24 spelarar kan til dømes gå til krig mot kvarandre, eller du kan rotte deg saman med nokre vener for å sigre over bølgjer av zombier.

Om Plants vs. Zombies: Garden Warfare har det som skal til for å bli den neste skytespelsuksessen til EA finn vi ut i februar.

Siste fra forsiden