25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer »

Har du Intel-skjermkort? Då ventar det ein skikkeleg nedtur i Crimson Desert

Pearl Abyss har ikkje implementert støtte for Intel Arc-skjermkort.

Pearl Abyss

Crimson Desert er den store snakkisen i spelverda denne veka, men nokre spelarar har fått ei kjedeleg overrasking.

Spelet støttar nemleg ikkje datamaskinar med Intel Arc-skjermkort. Dersom du prøver å starte spelet med eit slikt skjermkort, får du ei feilmelding om at skjermkortet ikkje er støtta.

Intel bekreftar overfor Wccftech at spelet ikkje startar på slike konfigurasjonar. Produsenten har vore i kontakt med utviklaren om dette mange gongar i løpet av åra, hevdar dei.

Intel viser til utviklar Pearl Abyss for detaljar om kvifor spelet ikkje støttar skjermkorta ved lansering.

– Me er klare til hjelpe Pearl Abyss, skriv Intel til Wccftech.

Utviklaren har foreløpig ikkje kommentert saka. Det står derimot på nettsida deira at spelarar med Intel-skjermkort kan be om å få pengane tilbake.

Nvidia og AMD dominerer marknaden for skjermkort, men Intel har prøvd å etablere seg med Arc-serien i nokre år no.

Foreløpig har dei ikkje hatt all verda med suksess.

Intel har tatt nokre små marknadsandelar i det siste, men dei er enno ein vesleputt i grafikkmarknaden samanlikna med konkurrentane.

Siste fra forsiden