Anmeldelse

God of War III

Hemnen er søt

Det blir ikkje betre enn den bittersøte smaken av guddommeleg blod.

God of War III set ein ny standard. Det set ein ny standard for visuell presentasjon, det set ein ny standard for lyd og musikk, og det set ein ny standard for actionspel av alle format. Dette spelet er så fordømt gjennomført på absolutt alle punkt, at all konkurranse bleiknar i samanlikning. Til og med dei tidlegare spela i serien bleikar. Santa Monica Studio gjer på ingen måte noko nytt for å oppnå dette, men dei har perfeksjonert spelet så til dei grader, at sluttproduktet blir det ein utan å overdrive kan kalle ein rein draum å spele.

Klarer ikke laste video

Massivt

Du treng ikkje gjere meir enn å vere vitne til opningsekvensen for å skjøne omfanget dette spelet kjem til å ha. Enorme titanar klatrar oppover mot Olympus, og i spissen er Kratos, den mest usympatiske og motbydelege «helten» spelverda nokon gong har sett. Ein person så fullstendig blotta for samvit at han med glede riv ned alt og alle rundt seg fullstendig utan omtanke for konsekvensane. Han er ein person som gjerne riv ned heile verda for å få sin hemn, og det er akkurat det han no er i ferd med å gjere. Han er på veg for å drepe dei siste av dei greske gudane, og det skal bli eit inferno spelindustrien aldri før har sett maken til.

Gjennom grensesprengande proporsjonar klatrar og spring Kratos over Gaia, titanen du like godt kan kalle moder jord. Etter kvart som Gaia klatrar oppover Olympus kan du sjå korleis du kontinuerleg stig fleire og fleire meter over havet. Du kan sjå korleis kroppen er i rørsle. Ei stund spring du framover, ei anna klatrar du, og du er heile tida i kamp. Kvar du enn kastar blikket ser du noko nytt som omskriv regelboka for kva eit vakkert spel er.

Ikkje bry deg om dei flisete pinglene som står i vegen din, det er dei svære monstera som er God of War III sitt store høgdepunkt. Vi har sett slike før sjølvsagt, men ikkje på denne måten. God of War III når det heile nye høgder både fordi det er sinnssjukt vakkert, men samtidig fordi proporsjonane er av ei anna verd. Den første store kampen i God of War III er ein kamp du kjem til å hugse. Den kjem til å brenne seg fast så grundig at du aldri vil gløyme den. Det er ikkje fordi kampen i seg sjølv teknisk sett gjer noko nytt – akkurat det kjem seinare i spelet – det er fordi det er presentert på ein så vanvittig måte at den etterlet seg eit veldig varig inntrykk.

Det er faktisk så lekkert i aksjon.

Musikk, lyd, design, grafikk og scenografi er så unisont samansett at alt blir blanda saman til eitt enkelt, overveldande inntrykk du blir sugd inn i med full kraft.

Eit monster

Det finnest ikkje samanlikning. God of War III er det beste actionspelet eg nokon gong har spelt. Det er eit spel som tek alle element frå alle spel i sjangeren, og perfeksjonerer dei. Det er eit spel som ved første augekast ser heilt fullstendig typisk ut, men som etter minutt, timar, eller kva du no måtte trenge for å verkeleg kome inn i kontrollane, viser seg å vere for actionspel, det eit skrujern er for å skru inn ein skrue. Det finnest ingen alternativ. Skal eg skru inn den stjerneforma skruen, treng eg eit stjerneforma skrujern, og det er det einaste som vil fungere.

På same vis: Skal du spele eitt einaste actionspel i ditt liv, er ditt einaste alternativ God of War III.

Er det uten feil? Utan ei skramme? Nei, det er det ikkje. To eller tre gongar i løpet av omlag ti timar har kameraet gjort ein dum ting. Like mange gongar har eg erfart å måtte starte om igjen sidan spelet ikkje gjor ein heilt optimal jobb i å vise meg kvar eg skulle hoppe for å unngå den visse død. Totalt sett fire til seks gongar har eg erfart noko som har irritert meg. I løpet av ti timar.

Det er imponerande.

Sinnataggen.

Alle situasjonar kvar du som spelar skulle blir frustrert, irritert, eller kanskje til og med forbanna, er ikkje fordi spelet gjer noko feil. Spelet gir deg nøyaktig dei verktya du treng, og det er dine evner som avgjer resten. Du får til saman fire forskjellige våpen i løpet spelet, og du får gjenstandar for å løyse forskjellige problem her og der. Du får nøyaktig det du treng for å hamle opp med alle fiendar som gjerne mørbankar bakenden din med eitt metallrøyr.

Du kjem garantert til å bli forbanna. Motstanden er overveldande, og den er brutal. Du vil få så grundig bank at det vil freiste deg å takke ja når spelet tilbyr seg å skru ned vanskegrada. Har du noko til felles med meg, vil du nølande takke ja, berre for å angre deg i neste sekund, og starte om igjen spelet frå ei tidlegare lagring. Det går ikkje an å skru ned vanskegrada i God of War III. Sjølv om valet kjem til deg er det ikkje eit alternativ. Du har noko å bevise, og ditt verkty for å gjere akkurat det er ein veldig forbanna grekar, og ei endelaus rekke med mytologiske monster.

Finjusterte mekanikkar

Teknisk sett gjer Kratos akkurat det same som før, på akkurat same måte. Uavhengig av kva våpen han brukar, har han eitt i kvar hand. Alle våpen heng fast til kroppen hans via kjettingar, og han kastar dei rundt seg med rå kraft. Alle våpna er veldig like, og dei oppfører seg på nesten same måte, men dei har nok av forskjellar til at alle blir viktige verkty.

Kratos angrip fiendar slik han alltid har gjort, og alt han gjer, gjer han gjennom nokre få angrep som er enkle å utføre. I staden for å trykkje inn ei endelaus rekke med kombinasjonar av knappar, noko som lett kan bli vanskeleg å halde kontroll over i det lange løp, handlar det om å vite når du skal gjere kva.

Denne kentauren har ein veldig dårleg dag.

Det geniale med eit slikt system er at spelaren aldri blir ekskludert. Du vil aldri finne eit våpen du ikkje forstår, eller ikkje er komfortabel med, og difor aldri brukar. Alle våpna i spelet fungerer nesten på same måte, og du blir heile tida forklart kva som duger mot kva. Du lærer deg kva du skal bruke i ein gitt situasjon, og det heile er så saumlaust og flytande at det nesten går automatisk. Den største forskjellen på våpna er eigentleg kva spesialangrep dei utfører. Eitt våpen får jorda til å skjelve, medan eit anna vil hente fram eit spøkjelsesbeist for å angripe fienden. Ved å kombinere bruken av desse, og ved å lære seg kva dei forskjellige våpna er i stand til å gjere, vil du bli eit monster i kvar einaste kamp.

Kampsystemet er så enkelt å forstå, at ingen vil ha problem med å kome inn i spelet. Den store utfordringa kjem gjennom kva du vil gjere når du møter stadig fleire og større fiendar. Ei stor hjelp akkurat her som dei fleste kanskje ikkje vil tenkje over, er kameraet. Det gjer ein glimrande jobb i å alltid vise deg det du treng. Er det fiendar i nærleiken trekk det tilbake nok til at du får god oversikt. Er det mange fiendar på skjermen vil det vise heile kampområdet, og om du er i kamp mot berre ein fiende som kanskje er temmeleg svær, vil kameraet gå nærare inn slik at du har full kontroll på kva akkurat den fienden gjer.

Groteskt til det spekulative

Når du først har banka ein fiende godt nok vil sjølvsagt dei kjende og kjære avsluttingsangrepa gje deg ein god sjanse til å gjere dette på ein så blodig og makaber måte som mogleg. Nytt denne gongen er at ikona som viser kva knappar du skal trykke for å kome gjennom angrepet ikkje lenger ligg midt på skjermen. No er dei plassert i ytterkanten av skjermen i same retning som dei er plassert på kontrollaren. Innleiingsvis vil dette kanskje vere litt uvant, og du vil sikkert bomme ein og anna gong. Det som viser seg veldig kjapt, er derimot at det no er mykje lettare å halde auga på det som faktisk skjer på skjermen, i staden for å tenkje over kva knapp du skal trykke inn, og kvar den ligg på kontrollaren. Du registrerer kva retning knappen ligg i, og det er eigentleg all den informasjonen du treng.

Denne stakkaren har på si side sin siste dag.

Som vanleg glir desse avsluttingsangrepa veldig raskt over i det groteske. Det skal veldig mykje til for at eg skal kjenne ubehag over grafisk vald, men når Kratos riv negla av ein enorm skapning i God of War III, må eg innrømme at eg jamra meg.

God of War III bryt nye grenser på svært valdelege og blodige måtar. Det er så mange bestialske avrettingar i dette spelet at det er vanskeleg å halde latteren inne. Kratos sprett opp magen på ein kentaur og let innvolane renne utover bakken. Han brukar ein cyclops som ein improvisert mech-robot, før han endar beistet sine dagar ved å rive ut augeeplet.

Dette er berre små og «svake» smakebitar. Spelet byr på brutal vald i ein skala du aldri før har sett i eit spel. Den vanvittige grafikken, den knallharde, mørke og symfoniske musikken, og svært effektive kameravinklar samarbeider til det fulle for å servere deg bilete i eit så spekulativt og vulgært format at ein berre må applaudere for innsatsen. Det står nokre skudde folk bak dette spelet.

Konklusjon

Eg synest synd på deg som les dette akkurat no og enno ikkje har fått erfare den gleda det er å spele God of War III. Dette er det definitive actionspelet. Sjølvsagt veit eg at det eigentleg ikkje gjer noko nytt. Spelet berre pakkar inn gamle element frå andre spel, stiftar det fast på kroppen til ei kjempe, og fortel deg at dette er fett. Det er bere gamle ting i ny innpakning.

Spektakulære kampar.

Men veit du kva? Innpakninga tel. Ein anna ting som tel er at når ein kontinuerleg utviklar noko over fleire år, blir det betre. God of War III er resultatet av mange års arbeid utført av mange forskjellige utviklarar frå mange forskjellige land, i mange forskjellige selskap, som har laga mange forskjellige spel. Dette er eit spel som står på skuldrene til gigantar, og strekker seg enda litt til.

Den store forskjellige på Kratos og andre jyplingar som likar å stå på skuldrer, er at Kratos på brutalt, grafisk og veldig blodig vis riv ned gigantane ein etter ein, inntil han er den einaste som står igjen. Inntil Kratos er alt du hugsar, kjenner, og vil vedkjenne deg.

Kratos er kanskje eit rasshøl, men han er det mest uimotståelege rasshølet i verda.

God of War III kjem i sal onsdag 17. mars, kun for PlayStation 3.

Siste fra forsiden