Her er første glimt av Shadow of the Tomb Raider i aksjon

Lara Croft kjempar for verdas skjebne i Mayariket.

Etter at Tomb Raider-serien fekk ein ny start i 2013, har Eidos Interactive og Crystal Dynamics byggja ein stor tilhengarskare. No er dei klare for siste innslag i trilogien, som skal kome 14. september på Xbox One, PC og PlayStation 4.

Måndag morgon fekk Microsoft gleda av å duke av Shadow of the Tomb Raiders flunkande nye trailer. Spelet tar oss på tur med Lara Croft til mayaindianaranes rike, på jakt etter ein artefakt som kan endre verda. Me får sjå Jonah med ein heilt ny look, og Lara Croft med ein stil som liknar meir på Camilla Luddington enn i dei tidlegare spela.

Kamp mot Trinity i Peru og Mexico

Lara Croft er ein effektiv drapsmaskin i Shadow of the Tomb Raider.
Square Enix

Traileren gir glimt av både puslespel og gravrøving, som utviklaren har sagt får ei større rolle enn før. Det klassiske undervannsnivået er sjølvsagt på plass, der Lara tar opp kampen mot ein ål. Ein får òg sjå Trinity-skurken i spelet rasere ein søramerikansk by, og ei flodbølgje som følgjer deretter. Grafikken er av noko varierande kvalitet i dei ulike scenane, så det ser ikkje ut som alt er heilt på plass heilt endå.

Haustens spel vil antakeleg presentere nokre vanskeleg val. Utviklaren skriv på Twitter at spelet skal framstille Lara Crofts «definerande» figuraugeblikk.

Me får meir informasjon om spelet på Square Enix sin konferanse kl. 19:00 tysdag.

Få med deg alt alt om E3 2018 hos Gamer.no »

Siste fra forsiden