MSI slo på stortromma og viste måndag fram det som skal vere verdas kraftigaste gamingskjermkort.
Den nye vasskjølte versjonen deira av Nvidia RTX 5090 har allereie sett fleire verdsrekordar i overklokking, og kan dra både 800 og 1000 watt frå veggen i to ulike modusar.
Til samanlikning brukar Founder's Edition av RTX 5090 575 watt. MSI anbefalar ei straumforsyning på minst 1600 watt for komande GeForce RTX 5090 32G LIGHTNING Z.
Ut av eska kjem kortet med vasskjøling og ein 8-tommar skjerm på sjølve kjølaren. For å få nok straum krev kortet to straumkontaktar med 16 pinnar.
Med ein skreddarsydd BIOS, og ikkje minst det rette utstyrt og inngåande kunnskap om overklokking, kan skjermkortet dra heile 2500 watt. Videocardz.com skreiv i helga om korleis overklokkarar har klart å få 3.75 GHz ut av skjermkortet, då sannsynlegvis ved hjelp av kjøling med flytande nitrogen.
MSI har ikkje sagt noko om pris eller lanseringsdato, men det blir sannsynlegvis ein kostbar affære.
Det blir laga 1300 eksemplar av skjermkortet.