25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer »

HP har gøymt ein PC inni dette tastaturet

Produsenten kjem med ein datamaskin av det spesielle slaget.

HP

I april lanserer HP ein datamaskin innebygd i eit membrantastatur.

EliteBoard Keyboard PC er bygd i Commodore 64-ånd, og er basert på ein nevralprosessor frå AMD.

Den heller pussige maskinen kjem i fleire ulike konfigurasjonar, der innstegsmodellen EliteBoard 8 vil koste 7140 kroner i Noreg.

HP

EliteBoard G1a lanserer med ein AMD Ryzen AI 300-prosessor med opptil 50 TOPs KI-yting, og ein grafikkbrikke frå AMD Radeon 800-serien.

Maskinen er først og fremst rekna for kontorbruk. Den kjem også med eit valfritt batteri, slik at brukaren kan flytte maskinen til ein annan pult utan å slå den av.

Maskinen får opptil 64GB DDR5 SODIMM-RAM, opptil 2 TB lagring på ein NVMe-SSD og veg rundt 750 gram.

Siste fra forsiden