Det blir stadig dårlegare forretning å selje komponentar til den vanlege forbrukaren, for KI-aktørane kan betale meir for den same maskinvara.
Mange har spekulert i at KI-bølga er grunnen til at Nvidia ikkje har sagt noko om ein kraftigare versjon av RTX 50-serien frå i fjor.
No stadfestar Nvidia at dei ikkje kjem til å vise nye skjermkort under elektronikkmessa CES denne veka. Det utelukkar ikkje ei lansering seinare i år, men gjer det usannsynleg på denne sida av sommaren.
Nvidia køyrer ein pressekonferanse grytidleg norsk tid. Dei skal snakke om speling, men ikkje om skjermkort.
OPPDATERING: Tysdag morgon gjennomførte Nvidia sin pressekonferanse, der dei blant anna viste fram ein ny versjon av DLSS og seksdobbel bildegenerering.
DLSS 4.5 er andre generasjon av Nvidia sin transformasjonsmodell, innført ved lanseringa av RTX 50-serien.