Anmeldelse

Jak II: Renegade

Ein del innslag av humor eksisterar fortsatt, men det er ein betydeleg mørkare tone som pregar del to i sagaen om Jak og Daxter. Denne gangen er Jak sint, noko som kanskje ikkje er så rart når ein har vore torturert, og pumpa full av den giftige substansen Dark Eco, i to veldig lange år.

Ei mørkare historie
På slutten av Jak & Daxter: The Precursor Legacy, fant dei to turtelduene ein portal. Det er denne heile spelet byrjar med. Jak og Daxter hoppar inn i portalen, landar i ein ukjend by, og blir arrestert. Daxter greier å stikke av, men Jak endar opp i fangenskap hos den erkevonde Baron Praxis. Etter at dei to lange åra er kome til ein slutt, greier Daxter å finne Jak, befri han, og informere han om kvar dei er. Daxter er overlykkeleg over å ha funne sin ven igjen, men Jak har kun ein ting i hovudet, hemn.

Jak II er ei blanding av kanskje litt for mange sjangrar, putta saman i ei diger suppe. Det spelet som tydelegast har påverka utviklingsprosessen til Jak II, er Grand Theft Auto 3. I Jak II har du ein stor by som utgangspunkt, og frå denne vil du finne diverse kontaktpersonar du får oppdrag frå. Du er fri til å bestemme om du vil gjere alt etter tur, eller om du vil fokusere det som passar deg best. Dette er eit smart val frå Naughty Dogs side. Om du ikkje føler for å gjere eit spesifikt oppdrag med ein gong, er det ikkje så farleg. Det kan og hjelpe som ei god avkobling når eit oppdrag blir for vanskeleg. Nokre av oppdraga du får, blandt anna dei som du har kort tid på, kan vere utilgiveleg vanskelege. Det finnest kun ein måte å løyse desse på, noko som er litt svakt.

Når du spring rundt i byen vil du raskt legge merke til at sivile spaserar gjennom gatene, eller køyrer over deg i flygande bilar. Om du skulle ønske det, kan du slå dei, sparke dei, skyte dei, eller ta køyretøya deira for å kome deg raskare framover. Hadde det ikkje vore for at desse køyretøya er like vinglete som ein bil med sommardekk på glattis, kunne dette vore ei fornøyeleg oppleving. Dessverre er det ikkje så. I tillegg til den håplause manøvreringa av køyretøya, vil byens politi jage deg som hundar med rabies om du skulle gjere ein liten feil, og feil er det lett å begå. Å køyre sakte gjennom byen er like festeleg som å sitje fast i ettermiddagsrushet, logisk nok vil ein då gjerne ha litt fart på doningen. Problemet med fart er at byen er bygd opp med mange svingar, motgåande køyretøy, og andre forstyrrande element, som kanonar i gatene. Greier du å køyre fort gjennom byens mindre manøvrerbare lokale, er du flink, om du greier det utan å køyre ned folk, eller krasje inn andre køyretøy er du enda flinkare. Om du derimot ikkje er fullt så flink, må du reikne med at politiet skyter ned både bilen din, sivile, og deg.

Dette er noko som sannsynlegvis vil prege store delar av den tida du spelar Jak II, først om fremst den første tida du spelar. Etter kvart vil du til ei viss grad lære deg å manøvrere kjerra di på ein nokonlunde fornuftig måte, men det betyr berre at eit av mange hinder er beseira. Av og til får du oppdrag der du skal køyre eit bestemt køyretøy frå A til B, eller plukke opp ting før tida går ut. Då kan du springe rundt i gatene så lenge du vil, utan bråk og anna trøbbel, men så snart du set deg på ditt henviste køyretøy er politiet etter deg som dei hundane eg snakka om tidlegare. At du nettopp gikk forbi vaktene, eller dansa rundt dei i ring medan du sang Imagine, av John Lennon, har dei tydelegvis ikkje registrert. Poenget er åpenbart at du kan gjere absolutt kva du vil så lenge dei ikkje ser det, men prøvar du å gjere eit oppdrag som inneheld køyring, då skal du døy. Politiet er så besatt av tanken på å kverke deg at dei gladeleg køyrer sine eigne køyretøy rett inn i deg, med døden til følge.

Oppdraga som utspelar seg utanfor bykjerna har ein litt meir fredeleg natur. Her er du utanfor politiets område, og du veit kva du har å forhalde deg til. Forskjellige beist i ulike fasongar, og litt presisjonshopping er dei største utfordringane dine her. Dei forskjellige oppdraga du får kan variere mellom å stenge av sikkerheitsartilleriet i kloakken, til å skru på vannforsyninga til byens trengande befolkning. Visse innslag av taktikk viser seg av og til, men hovudsakleg består oppdraga dine i å hoppe, slå, sparke og skyte deg veg til neste post. Hoppedelen kan av og til bli ein frustrerande prosess. Til tider må du hoppe nedover ei rekke platå for å kome deg vidare. Problemet er at kameraet i slike situasjonar gjerne er låst bak deg, noko som medfører at du ikkje ser platåa. Bommar du på målet ditt, er sjansen stor for at du elegant landar i døden. Dårlege kameravinklar er ikkje eit stort problem i Jak II, men når dei først viser seg, er det på tåpelege plassar der dei lett burde ha vore unngått.

Jak II: Renegade PS2 PS2 PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 17. oktober 2003
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: SCEE
  • Utvikler: Naughty Dog

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen