Sniktitt

Lost Planet 2

Jungelhelvete

Når isen omsider smeltar passar det godt med ein tur gjennom skog og mygg.

Lost Planet hadde noko veldig unikt som få andre spel kan konkurrere mot. Teknisk sett var det ikkje det mest originale eller nyskapande spelet, og det var strengt tatt ikkje meir enn eit godt gjennomført actionspel. Det som framleis skil Lost Planet frå konkurrentane, er fargen. I motsetning til alle spela som skal kaste deg inn i ruinar og brune eller grå område, var alt kvitt. Det var som eit intenst actionspel på nordpolen, der det var deg mot kulda og ein bøling sinte beist. Dette gav spelet ei stemning som både var og er ganske unik.

Etter å ha spola fram nokre år endar vi opp med ein oppfølgjar som måtte kome. Alt er ved det gamle, men med to svært merkbare unntak: Isen har smelta, og du spelar ikkje lenger aleine.

«Hent boremaskina karar!»

Den namnlause

I staden for ein meir eller mindre velutvikla hovudperson er det ingenting som får deg til å knyte band til den avataren du tek i bruk i Lost Planet 2. I typisk fleirspelar-stil kan du velje korleis du skal sjå ut. Kor mange val du får akkurat her kan eg ikkje seie mykje om, sidan denne funksjonen praktisk talt var slått av i vårt testeksemplar, men den er no der, og om Capcom er flinke får du lov til å skreddarsy deg sjølv.

I staden for å spele ein person, spelar du ein identitetslaus figur. Han er ein snøpirat, og saman med opp til tre andre snøpiratar må han inn i jungelen for å skyte beist. Historia ser ut til å vere fullstendig gløymt i Lost Planet 2, og alt eg eigentleg har forstått etter nokre timar er at vi no er i ein jungel i staden for på ein enorm isbre. Kvifor vi er her, kva vi skal gjere her, og til kva formål anar eg ikkje. Det er mogleg den håplause dialogen har gått inn det eine øyret før det galant ropte «Geronimo» og hoppa ut det andre, men om så er tilfelle er det eigentleg berre eit døme på at historia så langt ikkje har makta å gripe tak i meg.

Den einaste funksjonen historia har er å kaste deg inn i det eine møtet med store fiendar etter det andre. Spelet nyttar ein stram oppdragsstruktur der du med jamne mellomrom møter ein skjerm som fortel deg om du har vore flink eller ikkje. Dei fleste av desse skjermane stoggar berre moroa litt før du får halde fram der du slutta, medan andre igjen fungerer som ei oppsummering når du har fullført eit kapittel.

Krage er siste skrik i Milano.

Saman er vi ... bytte

Fokuset er i aller høgste grad på kamp, og om du likte Lost Planet kjem du til å like oppfølgjaren. Kontrollane er for det meste dei same, og gripekroken er like viktig som før. Denne let deg nå område høgre oppe, eller dra deg kjapt mot ting. Det heile fungerer godt, er robust, og spelet har ei veldig god våpenkjensle. Du kan kjenne krafta i våpna i dette spelet, og det er – som ein skjeggete fyr i skyene ein gong sa – godt. Det heile er litt seigt, men dette understrekar berre tyngda i både kropp og utstyr. Her og der får du i tillegg setje deg inn i svære kamprobotar, noko som gjer kort prosess på det meste av fiendar.

Kampane fungerer for det meste veldig godt, og adrenalinet pumpar i takt med bølgjene av insektliknande beist eller topptrente soldatar som strøymer mot deg. Det kjem likevel inn eit problem som slektar på det eg har nemnt om historia. Eg veit ikkje heilt kva eg driv med, eller kvifor. Eg blir berre kasta frå den eine tingen etter den andre, og det heile er så pass forvirrande og uoversiktleg at eg ikkje er heilt sikker på om det er meininga at eg skal vere veldig engasjert eller ikkje.

Samtidig kjem spelet med ei lite positiv utfordring gjennom den nye estetikken. Islandskapet i det første Lost Planet-spelet var lett å navigere. Den tjukke snøtåka gjor riktig nok sikta tidvis svært dårleg, men du såg når eit beist kom mot deg. I Lost Planet 2 ser Capcom ut til å ville ivareta dårleg sikt, men på ein heilt annan måte. Som ein skikkeleg jungel, er jungelen i Lost Planet 2 tett og tilgrodd. Av og til blir det direkte vanskeleg å sjå noko som helst. Midt i ein kamp mot fleire av dei mindre fiendane i spelet har synsfeltet blitt fullstendig øydelagt av at eit blad eller eit grasstrå har kome hakket for nære kameraet. Jungelen er fin og stemningsfull og alt det der, men det er ein fordel at uheldige detaljar ikkje kjem i vegen for auga dine.

Storleiken tel meir enn noko ann i Lost Planet 2

For å gjere vondt verre har fiendane og skogfloraen så lik farge at det kan bli veldig vanskeleg å sjå dei. Som om det ikkje var nok, har nokre fiendar ein lei tendens til å brått dukke opp med eit våpen som drep deg med eitt enkelt skot eller slag. Dette som hadde vore forferdeleg irriterande om det ikkje hadde vore for alle dei små stasjonane du kan låse opp her og der. Om du døyr er det ikkje verre enn å kome tilbake gjennom ein av dei.

Les også
Anmeldelse: Lost Planet 2

Kunstig dårskap

Heile poenget med Lost Planet 2 er at du skal spele saman med tre vener, noko eg gjennom testeksemplaret ikkje har fått sjansen til. Om du ikkje vil spele spelet slik det er meint å spelast, kan du velje å spele aleine, eller saman med opp mot tre partnerar styrte av ein heller dårleg kunstig intelligens. Dine digitale kompanjongar gjer veldig lite fornuftig utanom å skyte i retning fienden, og dette gjer ikkje mykje for å byggje opp engasjementet. Både utfordringar og sjefkampar i spelet er bygd opp rundt samarbeid, og utan denne vitale ingrediensen fell mykje saman.

Termoenergien du får frå døde fiendar er til dømes svært viktig i spelet. I det første spelet måtte du konstant samle den inn for å halde varme i skrotten din. Dette er ikkje nødvendig å tenkje på i ein jungel, men om du skulle ta skade er den nødvendig for å få helsa på tå hev igjen. Spelar du saman med dataidiotane får du det heile og fulle ansvar for å plukke opp denne energien ein fiende døyr. Dine allierte bryr seg ikkje, og sjølv om dei skulle gå rett over den viktige energien blir den ikkje plukka opp.

«Hei, Wesker, pssst, trur du Marcus veit om oss?» «Nei, eg er som vinden»

Når du spelar aleine blir dette ganske håplaust, men når vi omsider får spele saman med tenkjande – og om vi er heldige – intelligente menneske kan ting raskt endre seg. Ein ny funksjon i spelet let deg skyte energi på ein alliert for å slå eit slag helsa hans. Dette er ein smart funksjon som nok vil bli viktig i fleire av dei hardaste kampane i spelet.

Konklusjon

Å spele eit fleirspelar-spel aleine er aldri ein god idé, og av den grunn bør du på lik linje med meg ta det meste eg seier her med ei klype salt. Alt kan endre seg så snart ein har nokre motiverte folk rundt seg. Å spele med hjernedaude datafigurar kjem ein ikkje langt med uansett korleis ein snur og vender på det.

Skal du spele dette spelet, bør du gjere det saman med andre. Om det er det ingen tvil. Spelet er på alle punkt bygd opp rundt samarbeid, og dette er noko du vil sjå i både utforming av område, og korleis ein sjefskamp er bygd opp. Det er mykje potensiale i det Capcom har bygd opp, og eg er håpefull. Spelet er lekkert, våpna sit godt, og møtet med fienden er engasjerande. Med eit godt lag i ryggen kan dette bli riktig artig, sjølv om du ikkje alltid vil vere i stand til å sjå skogen for alle trea.

Lost Planet 2 kjem i sal 18.mai, for Xbox 360 (testa) og PlayStation 3.

Siste fra forsiden