Kickstarter har samla inn over fire milliardar kroner til spel

Folkefinansiering har gitt nye moglegheiter til både små og store utviklarar.

Dreamfall Chapters er et av spillene som har lykkes på Kickstarter.
Skjermbilde av Dreamfall Chapters' Kickstarter

I løpet av 1. juni passerte Kickstarters spelinnsamling ein halv milliard dollar, rundt 4,2 milliardar norske kroner. Totalt har over 2,2 millionar brukarar støtta spelrelaterte prosjekt, og nesten 8000 prosjekt har blitt finansiert.

Statistikk frå Kickstarter.
Kickstarter

Kickstarter blei etablert i 2009, og har blitt den fremste sida for folkefinansiering av alt frå potetsalat til videospel. Mange av oss har nok fylgt interessert med på eit eller anna prosjekt, i vente på at ein får noko ut av investeringa si.

I fylgje Kickstarter sine statistikkar blir bare ein tredjedel av spelprosjekta finansiert, og Kickstarter har ein praksis om at alle prosjekt må bli fullfinansiert for å få utbetaling, i motsetning til andre folkefinansieringssider. Likevel har sida samla inn enorme summar til spelnæringa.

Brett- og kortspel står for den største potten, med rundt 2,2 milliardar kroner. Cards Against Humanity blir trekt fram av Kickstarter som det definerande prosjektet deira, mens kortspelet Exploding Kittens er det mest støtta med i overkant av 70 millionar kroner.

Rundt 1,5 milliardar kroner har gått til videospel. Mange vellukka spel har kome ut av Kickstarter, som Pillars of Eternity, Elite Dangerous, The Banner Saga, norske Dreamfall Chapters og Among the Sleep.

Folkefinansiering

Spelindustrien verkar å ha latt folkefinansieringa kome inn i varmen. Det er heile tida nye spanande prosjekt som kjem fram, som for eksempel Battalion 1944. Folkefinansieringa har opna opp marknaden for indieutviklarar, og det er no mykje enklare å få midlar til spelutvikling for omtrent kven som helst.

Totalt har Kickstarter samla inn over 20 milliardar kroner, og veks stadig. Det er nok trygt å seie at me vil sjå mange fleire interessante prosjekt knytt til spel i tida framover.

Slik forholder Kickstarter seg til spill og spillskapere.
– Uten risikoen hadde vi bare hatt den vanlige investormodellen »

Siste fra forsiden