Anmeldelse

King Kong

Når ein skal byrje å snakke om Xbox 360-versjonen av King Kong er det kun ein ting ein verkeleg bryr seg om; grafikken. For å seie det med ein gong, alt er identisk. Det er absolutt ingen forskjellar mellom dette og dei andre spela, bortsett frå grafikken. Om nokon hadde håpa på fleire brett, fleire utfordringar, eller ekstra godsaker på Xbox 360, vil dei bli skuffa. Det er også godt mogleg folk vil bli skuffa uansett, for om du ikkje har høyrt om eit stort problem denne versjonen av spelet har, skal du få høyre no. Om du har eit heilt normalt CRT-fjernsyn, er det ein god sjanse for at spelet blir veldig mørkt. Har du ein HD-TV, kan du derimot vere trygg på at du kjem til å kunne kose deg med eit av dei vakraste spela så langt til Xbox 360.

King Kong frå Ubisoft er eit ganske dristig spel for å vere basert på ein film. Om vi skal følge tradisjonen, er eit filmbasert spel gjerne eit uinspirert action-eventyr som set karakterane frå filmen inn i situasjonar filmen aldri ville gått god for. Slik er det av og til med King Kong og, men på ein ganske anna måte. I staden for å levere eit tullespel som ikkje har noko med filmen å gjere, får vi det vi kan kalle spelversjonen av historia om King Kong. Stranda på Skull Island trer du inn i rolla som Jack Driscoll, og må redde Ann Darrow frå den gigantiske gorillaen. Kjensla av å vere ein liten og ubetydeleg makk i eit farleg og brutalt miljø er veldig godt framstilt, men blir med jamne mellomrom avbrote ved at du får leike deg litt som øyas udiskutable konge; King Kong.

Ein mann, få kuler
Som Jack Driscoll opplever du ganske enkelt kampen om tilværet. Du må spare på ammunisjon, for slikt finn du ikkje mykje av på ei isolert øy. Det du finn, blir sluppe ned til deg frå fly, men det betyr likevel ikkje at du kan brase på som du vil. Er du veldig lett på avtrekkaren går du raskt tom for ammunisjon, og endar opp med å måtte bruke det naturen tilbyr for å overleve. Naturen er sjølvsagt generøs, og du finn spyd og knoklar ganske ofte. Desse har opptil fleire bruksområde. Du kan sjølvsagt bruke desse som våpen, men det er ikkje alt. Til dømes kan du spidde fisk og forvoksne insekt, som du igjen kan kaste mot aggressive udyr. På denne måten kan du avlede merksemda deira, og snike deg forbi.

Her og der finn du også urner med åpen ild. Ved å tenne på spydet ditt, kan du brenne ned krattskog du elles ikkje kan gå gjennom. Om ein dinosaur eller andre kryp blir fanga i flammane, døyr dei kjapt. Det same gjeld om du kastar eit brennande spyd på dei. Kast eit ordinært spyd, og du endar opp med å springe rundt i ring, gøyme deg, plukke opp nye spyd, og gjenta inntil beistet fell om. Med ild døyr dei ofte umiddelbart. Sjølv om det er fleire måtar å gå fram på, hindrar ikkje dette spelet i å vere skrekkeleg lineært. Du har sjeldan eit val om å brenne ned krattskog, det er noko du er nødt til å gjere for å kome vidare. Og det same gjeld med å lokke vekk udyra. Ved første inntrykk tenker du kanskje "jøss, tøft, dette likar vi", men snart har du fått servert alt spelet har å by på, og du innser at du ikkje står så fritt som du først får inntrykket av.

Verst av alt er den uendelege repeteringa av så og seie alt. Spelet pøsar på med alt det tilbyr i høgt tempo, og etter det er det ikkje fleire overraskingar å hente. Ein innser kjapt at spelet held seg gåande berre ved å pøse på fleire dinosaurar der du i starten møtte kun ein. I tillegg har vi det uendelege antalet med portar du må åpne. Gong på gong finn du ei dør, og for å åpne denne må du finne små kjeppar som du set inn i stolpar foran døra slik at du kan rotere desse. Dette gjentar seg gjennom heile spelet, kjeppane blir berre vanskelegare å finne. Det er underleg at eit så pass kreativt team som står bak dette spelet skulle nøye seg med ei så pass banal løysning. Spesielt ille er dette sidan spelet ikkje er så veldig langt heller.

Stortromme i høggir
Avbrekka kjem i form av gorillaen vi alle kjenner veldig godt; King kong. Når du spelar som Kong endrar spelet seg til å foregå i tredjeperson, og brått er du sjefen sjølv i staden for ei lita pingle med eit svakt håp om å overleve. Som Kong er det eigentleg ingenting som er direkte farleg, om du spelar relativt bra. Du spring rundt, slår ned det som står i vegen, kastar dinosaurar som pinneved, og endar av og til opp i konfrontasjonar med fryktingytande V-rexar. Kong har eit veldig simplifisert kontrollsystem. Du brukar to knappar til å slå og kaste med, og det er eigentleg alt du gjer.

På same måte som når du spring rundt som Jack Driscoll blir det også her raskt einsformig. Det tar ikkje lange tida før du gjentar deg sjølv. Å gå berserk med Kong sitt veldig enkle kontrollsystem er moro i starten, men viser sine manglar etter kvart. Det er litt for enkelt, det er absolutt moro, og du kjem ikkje til å kjede deg, men suget etter noko meir er definitivt til stade. Og akkurat som med Jack får du ikkje servert nye ting, men fleire ting. Om du først møter ein V-rex, møter du seinare to, og så vidare. Igjen, du kjedar deg ikkje, du har det definitivt moro, men det hadde ikkje skada å få større og større ting gradvis, i staden for meir av det du har sett før.

Uovertruffen atmosfære
Det som hevar King Kong godt over andre spelmatiseringar, er stemninga. Den er det absolutt ingenting å utsetje på. Utan å umiddelbart gå inn på grafikken, er spelet bygd opp på ein interessant og nyskapande måte som verkeleg dreg deg inn i historia. For det første finn du absolutt ingen forstyrrande element på skjermen. Her er inga helselinje, ammunisjon eller sikte. All informasjon du treng får du servert frå andre instansar, og på ein måte som fungerar heilt utmerka. Som Jack, held han deg kontinuerleg oppdatert om kor mykje ammunisjon du har. Både som Kong og Jack, vil din nært foreståande død bli varsla av at skjermen blir raud, og salig musikk siv inn over deg. Du skjønar kjapt at det er på tida å ta nokre steg tilbake.

Det som skiljer Xbox 360-versjonen av King Kong frå dei andre versjonane er sjølvsagt grafikken. Og for å seie det enkelt, King Kong er vakkert. Spelet presenterar sylskarpe teksturar og blendande vakre lyseffekter. Har du fått skaffa deg ein Xbox 360, og gjerne ein HD-TV (både grunna høgare oppløsning og problema med mørke skjermar på eldre apparat) bør du gjere deg klar for noko vakkert. Om vi ser bort frå dei tekniske prestasjonane, har King Kong veldig god design. Områda er varierte og truverdige i sin gjengivelse av eit mørkt og farleg jungellandskap, og det er lett å forsvinne inn i verda Ubisoft og Peter Jackson presenterar.

Enda eit ledd i å bringe verda til live kjem i form av flott og stemningsfull musikk, og noko av det beste stemmeskodespelet i seinare tid. Av alle karakterane frå filmen som er med i spelet, gjentar skodespelarane sine roller, og dei leverer eksemplarisk arbeid. Her og der vil du nok oppleve at karakterane gjentar seg sjølv, og dette kan bli småleg irriterande, men det er ikkje noko som overskuggar den heilheitlege kvaliteten. Om vi legg til svært god lyd på alt frå våpen til dinosaurar, har vi ein vinnar. Det er alt dette som verkeleg er det beste med King Kong. Måten spelet dreg deg vidare på trass av sine manglar, gjennom ei velfortalt historie.

Konklusjon
Peter Jackson’s King Kong er eit blendande vakkert og interessant spel. Det tøyer grensene for kva ein er vand med i spel generelt. Dette i seg sjølv gjer det til ein tittel verd å få med seg, sidan nyskapingane i spelet fungerar akkurat som dei skal. Eigentleg fungerar det meste i dette spelet veldig bra, og blir kun øydelagt av den skuffande mengda med repetisjon. Det er synd at ein så lovande tittel ikkje er meir enn kva den er. For all del, spelet er eit veldig solid stykke underhaldning, men det er lett å sjå kvar ting absolutt kunne ha vore betre. Om ikkje alle utfordringane kom på ein gong, men gradvis blei større og farlegare, kunne spelet ha klatra enda høgre opp på rangstigen. Litt færre dører hadde heller ikkje gjort noko. Alt i alt er King Kong eit veldig underhaldande spel, men kunne vi kanskje ha fått litt meir?

Peter Jackson's King Kong X360 X360 7/10 Windows Xbox 7/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 18. november 2005
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Ubisoft Entertainment
  • Utvikler: Ubisoft Montreal

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen