Sniktitt

Aliens vs. Predator

Klar, ferdig, drep!

Det er snart tid for å avgjere kven den ultimate drapsmaskina er.

Møtet mellom Xenomorphane frå Alien-filmane og dei blodtørstige drapsmaskinene frå Predator-universet er absolutt ikkje noko nytt. Striden har herja i både spel, teikneseriar og film i fleire år, og det er lett å bli litt spent når ein endeleg skal tre inn i denne konflikta igjen.

I det nye Aliens vs. Predator-spelet får vi valet mellom dei to utanomjordiske rasane, i tillegg til nokre topptrena soldatar frå vår eigen til samanlikning spinkle rase. Det store spørsmålet blir sjølvsagt kven som er den sterkaste. Ut av det vi har sett av Aliens vs. Predator kan dette bli veldig vanskeleg å gi eit konkret svar på.

Vel din rase

Aliens vs. Predator let deg velje mellom tre forskjellige historier heilt frå starten. Dei er alle høgst forskjellige og tvingar deg til å gå fram på veldig forskjellige måtar. Menneska er lett gjenkjennelege, og byr tradisjonell skyting i førsteperson. Armert med heftige våpen må du dra skrotten din gjennom mørke gangar medan du konstant held eit auge med radaren din. Denne biten av spelet lovar veldig godt sidan den byggjer opp ei atmosfære like tjukk som størkna gjørme.

Tikkelyden frå radaren er litt irriterande, men den minnar deg på at du aldri er trygg, og så snart den skiftar lyd til ei dramatisk piping veit du at du er i trøbbel. I dei mørke og klaustrofobiske gangane er det lett å bli stressa, og du snur deg rundt og fyrer av eit skot i rein refleks av den minste lyd. Du veit aldri når ein xenomorph vil dukke opp, eller kvar den vil kome frå, og dette sørgjer for at du aldri heilt greier å slappe av.

Når du først møter ein fiende kan det lett bli eit panisk møte der du heile tida er smerteleg klar over at du raskt kan gå tom for ammunisjon. I staden for å fyre laus er det lett å byggje opp ein vane der du sparar på alle kulene dine, sjølv om du veit det kan setje livet ditt i fare. Om fienden skulle kome for nær, kan du blokkere angrep med våpenet ditt, før du slår tilbake. Dette er ein taktikk som lett kan minne om den vi finn i Left 4 Dead, og det kan sjå ut til at den beste metoden for å spare nok kuler til å halde seg i live er ved å risikere alt for å få inn eit solid slag før du plaffar laus.

Med nedd og klør

Nærkamp er likevel mykje viktigare for dei to blodtørstige og utanomjordiske rasane i spelet. Predatorane har sine ikoniske sagtakka knivblad på kvar arm, og med desse kan dei gjere svært stor skade. Dei har i tillegg eit skytevåpen, så det er berre Xenomorphane som fullt og heilt baserer seg på nærkamp. Dei svarte beista har derimot ein stor fordel på denne fronten. Dei er ekstremt raske, og kan klatre på alle overflater.

Mi beste kjensle av akkurat dette var eit stort lagerrom med hyller og bjelkar i alle retningar. Ved å snike deg mellom radene kan du lett plukke ned ein soldat bakfrå. I eit lynkjapt tempo spring du opp hyllene, og kastar deg ned mot ein fiende som ikkje har fått med seg at kompisen hans har fått eit stort hol i skallen.

Xenomorphane sitt aller sterkaste element er definitivt at dei kan klatre på alle flater. Det gjer det vanvittige lett å forsvinne i skuggane, og berre springe fram og tilbake i eit enormt tempo medan du skapar fullstendig kaos blant fiendane.

Som Predator blir du mykje meir dominerande, men ved å gjere deg usynleg kan du lett forsvinne før du sender inn nådestøytet. Predatorane kan i tillegg hoppe over lengre avstandar. Om du innser at det er for mange fiendar i eit område kan du berre finne deg ein solid avsats og ta eit spranghopp som sender deg i tryggleik. Herfrå kan du slå på det infraraude synet som fortel deg kvar alle menneske er.

Les også
Anmeldelse: Aliens vs. Predator

Ekstremt stemningsfullt

Med tre rasar byr Aliens vs. Predator på ein udiskutabel variasjon, men det gjennstår å sjå kor moro alt vil bli i lengda. Predatorane har sine definitive kvalitetar, men det er litt vanskeleg å riste vekk kjensla av at dei blir ein mellomting mellom Xenomorph og menneska. Menneska er definitivt best med skytevåpen, og Xenomorphane er best i nærkamp. Det er difor litt vanskeleg å få ei god kjensle av at Predatorane verkeleg har noko eige. Korleis dette vil utvikle seg i det ferdig spelet gjenstår å sjå.

Det som utan tvil treng mest arbeid er grafikken, sidan den er veldig ujamn. Sjølv om mange av dei tronge gangane er eksemplariske i å byggje opp ei klaustrofobisk stemning, og gir deg ei markant kjensle av å vere midtpunktet i ein Alien-film, er ikkje alle miljøa like lette å leve seg inn i. Spesielt vil ein tur til jungelen umiddelbart vere som å gå rett inn eit eldre spel som på ingen måte held det same nivået som resten. Forhåpentlegvis vil dette endre seg litt i det ferdige spelet.

Konklusjon

Aliens vs. Predator har absolutt potensiale til å kunne bli et verdig spel i den pågåande sagaen om romvesen og menneske. Det har ei herleg stemning, og det er lett å bli litt for lett på avtrekkjaren når du høyrer ein mistenksam lyd. Spelet gir deg samtidig ei veldig god kjensle av å både få vere offeret, og den som jaktar. Opplevinga endrar seg dramatisk mellom dei tre rasane, og så lenge kvar kampanje held høg kvalitet, kan dette bli eit av spelets sterkaste punkt.

Grafikken er for augeblikket litt ujamn, og vi har enno ikkje fått sett noko av fleirspelaren, men ut av dei første nivåa til kvar rase, ser det ut til at det absolutt er grunn til å sjå fram til jaktsesongen.

Alien vs. Predator kjem i sal 19. februar for Xbox 360 (testet), PlayStation 3 og PC.

Siste fra forsiden