Anmeldelse

Game Builder Garage

Koding for kids i alle aldrar

Game Builder Garage er ein enkel, lettfatteleg og svært visuell introduksjon til koding.

Nintendo er på mange måtar eit kontrastfylt selskap, synst eg. På ein del område verkar dei ekstremt bakstrevarske, nærmast forbrukarfiendtlege, i sin streben etter fullstendig praktisk og juridisk kontroll over sitt og sine. Samtidig er spela dei lager ofte imponerande kreative, framsynte og nyskapande, gjerne ispedd både lettbeint humor og oppbyggjeleg moral.

Med Super Mario Maker-serien kasta dei seg òg ut i den pedagogiske sandkassen, der dei let kreative sjeler få prøva seg på å laga sine eigne brett i den bartekledte røyrleggjaren sitt univers.

Tannhjula bak spel-teppet

Nå går dei endå eit steg lenger, med Game Builder Garage, der dei ønsker å ta oss med bak teppet, til sjølve tannhjula, maskineriet og verktøykassa som gjer at Mario kan springa og hoppa, og at Bowser kan skyte eldkuler.

Eg seier ikkje at det er space aliens, men det er definitivt tunfisk!

I Game Builder Garage blir du tidleg møtt av den vesle blå prikken Bob, som susar rundt på skjermen i full fart, engasjert og ivrig etter å læra deg å laga spel. Til den oppgåva er Bob godt hjulpen av ei rekke ulike nodar, eller Nodons, som Nintendo kallar nodefigurane sine.

Det er på mange måtar her Nintendo-magien blir synleg, både på godt og vondt: Gjengen med Nodons, altså i praksis dei ulike nodene som utgjer sjølve skjelettet i spelprogrammeringa vår, har alle kvar sin personlegdom som dei likar å uttrykka kvar gong dei bistår deg i programmeringa. Game Screen Nodon er oppteken av det visuelle og skal visa alle frå sine beste sider, veit du, darling! Counter Nodon er EIN VELDIG GOD KALKULATOR! Og NOT Nodon er aldri ikkje oppteken av å visa kor lite dårleg han er på doble nektingar. Og så vidare, og så bortetter.

Sjølv synst eg stort sett dette har sin sjarm, men så klart: alt med måte. Ikkje overraskande viser det seg nemleg at programmering av ulike spel tar i bruk mange av dei same nodane, og gjerne veldig mange gongar. Nodane får dermed veldig mange høve til å få uttrykt sine personlege trekk, og eg kan forstå om nokon etter kvart går lei av å trykka seg gjennom snakkeboblane deira.

Good Dot, Bad Dot

Tutorial-delen består av sju ulike spel som introduserer deg for alle funksjonane.

Ganske snart blir du òg introdusert for motstykket til litt overivrige Bob, nemleg den meir avbalanserte, undersøkjande lyseraude prikken Alice. For der Bob er veldig rett på sak og seier nøyaktig kva du skal gjera for å laga dei ulike tutorial-spela, så er Alice meir oppteken av kunnskapen som ligg bak det heile. Ho involverer seg ikkje i sjølve spelprogrammeringa, men vil sjekka om du faktisk har lært deg dei funksjonane Bob har fått deg til å bruka.

Måten det skjer på, er at Alice går gjennom ei rekke repetisjonsøvingar, etterfølgd av konkrete problem du skal løysa, undervegs og etter at du har laga ferdig eit tutorial-spel. Eg var først bekymra for at dette skulle bli ein litt unødvendig og overforklarande repetisjon av det Bob og nodegjengen nettopp hadde mata meg med teskei fem gongar, men det blei fort meir interessant enn som så.

For Alice går ikkje berre laus på akkurat det du nettopp har vore gjennom, ho går djupare i materien: Ho sjekkar at du faktisk har forstått det du gjer, og ho viser deg kva andre alternativ som finst litt under programmeringsoverflata der. Kort sagt så kan ein summera det opp slik: Bob lærer deg kva du skal gjera, mens Alice lærer deg korfor du skal gjera det.

Rom for personalisering

Eg trur Counter-noden har eit kalkuleringskompleks.

Det visuelle aspektet ved spelet er, som ein kanskje kan forventa, både nokså enkelt og veldig generelt. Det finst dog ein node som lar deg teikna dine eigne grafiske sprites, med eit enkelt teikneverktøy utan allverda til ekstrafunksjonar utover og farge - men det er vel ofte dét ein har behov for. Det finst òg ein node for bakgrunnsmusikk, som lar deg velja mellom ulike tema og forskjellige instrument innanfor kvart tema. Så sjølv om det stilmessige utgangspunktet er veldig generisk, finst det ein del høve her for personalisering av spela ein lagar.

Det kan vera verdt å få med her at eg kan minimalt om koding frå før, og det trur eg strengt tatt berre er ein fordel om ein skal ha det moro med dette verktøyet, fordi ein då stillar utan spesifikke forventingar til korleis det heile skal fungera. Reint pedagogisk synst eg Game Builder Garage fungerer godt, eg føler at eg lærer noko nytt for kvart nye trinn. Kor overførbar denne kunnskapen er til faktisk koding, kan eg ikkje seia noko sikkert om, sidan eg ikkje har drive med koding på noko anna nivå – men eg har inntrykk av at den reint logiske oppbygginga er nokolunde lik.

Ikkje så spennande spelbibliotek

Okei, la oss ta det HEILT frå starten av.

Når du har programmert deg gjennom det første tutorial-spelet, kan du slå deg laus med fri programmering utan bistand frå Bob og Alice, og du kan prøva spel som andre har programmert og delt med verda. Det er dog ikkje så enkelt som at du kan velja og vraka i spel på nokon enkel og liketil måte - det er jo diverre ikkje noko nytt at Nintendo ikkje alltid jobbar for ei enkel brukaroppleving når deling over internett er involvert. Spelkoder må ein søkja seg fram til på andre måtar, altså utanfor sjølve spelet. Eg fann ein Twitter-brukar, @GameBuilderCode, som hadde samla ein del koder, og nokre spelnettstader som Kotaku og liknande har artiklar der dei samlar ein del av spela dei synst har utmerka seg.

Førebels har eg meir enn noko anna funne forsøksvise etterlikningar av velkjente spel som Super Mario Bros, Flappy Bird, F-Zero og, naturlegvis, P.T. Nokre av dei fungerer etter forholda bra, men det er kanskje meir teoretisk interessant at det går an å laga dei i dette verktøyet, enn det er faktisk moro å spela dei. Sånn sett er det for så vidt ikkje så rart at me ikkje er blitt utstyrt med noka form for spel-browser eller søkjefunksjon. Det er kanskje ikkje anna å forventa av eit slikt verktøy, som jo trass i alt hovudsakleg er laga for å introdusera nye folk for koding, men eg kan altså (iallfall førebels) ikkje anbefala å kjøpa Game Builder Garage om det du først og fremst vil, er å spela andre kreative sjelar sine spel.

Konklusjon

Game Builder Garage er meint som ein enkel, lettfatteleg og svært visuell introduksjon til koding, og til det formålet fungerer det veldig godt. Du skal ikkje programmera mange spel før kompleksiteten er heva med fleire hakk, men kyndig guiding frå Bob og ryddig repetisjon med Alice gjer at det aldri blir overveldande. Nintendo meistrar den skjøre kunsten det er å faktisk læra meg noko nytt heile tida, men utan at det blir for mykje å ta inn og utan at det blir for keisamt og repetitivt. Det synst eg er eit imponerande stykke arbeid. Eg har diverre ikkje hatt anledning til å testa kor handgripeleg det heile er for barn, men eg vil tru at så lenge engelskkunnskapen er god nok til å forstå instruksjonane, så vil Game Builder Garage kunna fungera ypperleg som ei innføring til maskineriet bak spelteppet, både for dei og for interesserte foreldre.

8
/10
Game Builder Garage
Ein lettfatteleg og svært visuell introduksjon til koding.

Siste fra forsiden