Kommentar

Bakoverkompatibilitet

Sony burde skamme seg

Skal vi berre godta at fortida blir ignorert, og gløymt?

Sony ønsker ikke å hedre sine eldre spillserier.
Sony, Wikimedia, MobyGames, kollasj Gamer.no

Eg elskar gamle spel. Å gjenoppleve gamle eventyr er som ei tidsreise. Brått er både kropp og sjel transportert tilbake til ei svunnen tid, og der eg sit og styrer ein kanskje noko firkanta figur gjennom eit lavoppløyseleg miljø, dukkar det opp ulike minne knyta til den tida då eg først spelte akkurat det spelet. Eit spel kan gjere meg til barn igjen, tenåring, ung vaksen, ulike periodar av livet kjem tilbake saman med spela som prega dei.

Det er mange grunnar til å like gamle spel. Nokre gongar er det ei tidsreise, andre gongar for å sjå korleis ting har utvikla seg opp gjennom åra, eller kanskje vil du berre spele noko enkelt. Noko lettfatteleg, noko som ikkje prøvar å finne opp alt krutet i verda på ny.

Eg skal ikkje påstå eg er ein såkalla «hoarder» som aldri kastar noko, men eg tek vare på konsollar. For meg er dei klenodium, samleobjekt, og eg likar å ha dei, om så berre for å kunne spele eit av mine eldre favorittspel. Men det er tungvindt. Veldig tungvindt. Flatskjermen min har ikkje scart-inngang, så eg må til med overgangar, og det skal og litt til å ha plass til alle konsollane, så dei blir stua bort, og eg har skaffa meg ein gammal, sliten CRT-TV for å kose meg med spela slik dei skal vere, men den er svær, tek mykje plass. Tungvindt.

Fable 3 i 4K er som eit nytt spel.
Øystein Furevik/Gamer.no

Når eg ser på kor lettvindt det no er å berre slå på ein konsoll som er i gong i løpet av sekund, og hoppe inn i eit spel på like kort tid, blir det ikkje mindre tungvindt.

Det hadde vore veldig kjekt å kunne ta med seg dei herlege, gamle opplevingane frå svunne tider inn i den nye generasjonen med konsollar, hadde det ikkje?

Microsoft meiner i alle fall det, og har gjennom ei årrekke gjort fleire og fleire gamle spel tilgjengelege på dagens konsollar. Det byrja med ein haug Xbox 360-spel på Xbox One, men etter kvart kom ein liten bunke originale Xbox-titlar òg. Til no kan ein spele fleire hundre bakoverkompatible spel på Xbox One og Xbox Series, men det stoppar heller ikkje der. Spel køyrer betre, lastetidene er kutta ned, betre biletefrekvens, høgre oppløysing på mange titlar, og mange gamle spel får brått eit heilt nytt liv. Eg spelte gjennom heile Final Fantasy XIII-trilogien på Xbox etter at dei fekk 4K-oppdatering, og det var som tre heilt nye spel.

Det Microsoft har gjort fortener all honnør. Klart dei gjer det fordi dei satsar på at det vil bety mykje godvilje til konsollen, men resultatet er det same. Vi får samle spela våre på ein konsoll. Med Game Pass kan du no sjekke ut ein haug med eldre spel du elles kanskje aldri ville tatt sjansen på. Utan at det kostar deg ei øre ekstra.

Så kva gjer Sony til svar? Stikk tomlane i jorda og satsar på det går over, ser det ut til.

LES OGSÅ: Slik erobret Sony spillverdenen med PlayStation »

Men Sony då?

Så var det Sony då. Giganten sjølv. Selskapet som sidan starten har gått frå å vere ein samarbeidspartnar for Nintendo, til den dominerande konsollplattforma gjennom fleire tiår.

Dei er sjefen, kongen, og har så uhorveleg mange spelperler bak seg, at det nesten er svimlande. Nokre av tidenes største klassikarar har dukka opp på PlayStation-konsollar, eller har vore eksklusive til dei, og det er direkte pinleg korleis dei handterer si eiga historie. For å sitere PlayStation-sjef Jim Ryan: «Kvifor vil nokon spele dette?»

Er det greit at ikoniske opplevingar som ICO berre skal forsvinne?
Sony
Les også
Test: PlayStation 5

Tja, for å få med seg litt spelhistorie kanskje? For å kunne trekke fram igjen eit gammalt spel frå barndomen? For å få tilgang på det ein trass alt har brukt mykje pengar på opp gjennom åra? Tenk om vi skulle forfekte dei same haldningane innan andre medium?

Kvifor lese gamle bøker? Desse nye er langt meir moderne og har eit kjappare språk. Homer, Shakespeare, Lovercraft, Tolkien og mykje meir, kven bryr seg?

Kva med musikkverda? Gløym Beatles, Led Zeppelin og Michael Jackson, vi har Kygo og Cardi B.

Eller film? Kven treng vel Spartacus, Star Wars, Apocalypse Now og Jurassic Park så lenge vi har tredve nye Marvel-filmar kvart år?

Vår felles kulturarv er viktig. Den er verd å ta vare på, og den er full av store, mektige og minneverdige opplevingar som er verd å eksponere nye generasjonar for. Super Mario World er framleis eit av dei beste spela eg har spelt. ICO er ei fantastisk oppleving kvar gong eg dreg det fram, men om eg skal dra det fram må eg enten grave fram ein gammal konsoll, eller abonnere på PlayStation Now. Sistnemnde er eit dårleg alternativ der eg har til gode å oppleve noko anna enn hakkete og dårleg strømmekvalitet.

Sony burde skamme seg over korleis dei handterer si eiga historie. På deira plattformer har vi fått fleire av dei mektigaste og beste opplevingane gjennom spelhistoria, men om du vil spele dei kan du like godt berre gje opp. Har du ikkje ein gammal konsoll, må du investere i ein.

No ser det òg ut til å bli enda vanskelegare, sidan Sony berre for å vise fingeren til alle som likar eldre spel stenger nettbutikkane til PlayStation 3, PlayStation Vita og PlayStation Portable. Du får laste ned dine gamle spel, men alt anna blir borte. Din einaste utveg då blir bruktbutikkar og eBay, der prisane for stadig sjeldnare spel garantert vil gå berre ein veg; oppover.

LES OGSÅ: Vi har spilt på verdens sjeldneste spillkonsoll. Dette er historien om Nintendo PlayStation »

Ein trasig snuoperasjon

Første gong eg spelte Final Fantasy IX var det på ein PlayStation 2-konsoll med grafikkaksellerasjonen på.
Square Enix

Det blir ekstra ille med tanke på kor flinke Sony var før. PlayStation 2 var bakoverkompatibel med PlayStation 1, og gav oss til og med nokre grafiske oppdateringar. PlayStation 3 var i utgangspunktet bakoverkompatibel med det meste av spel frå dei føregåande generasjonane, men så droppa Sony heile greia, og har knapt sett seg tilbake. At PlayStation 5 er bakoverkompatibel med PlayStation 4 framstår mest som ei nødvendigheit dei ikkje kunne tillate seg å droppe sidan Microsoft har køyrt hardt på bakoverkompatibilitet, og dei fleste no har ei solid historie med digital handel bak seg, samt ein konto full av spel dei gjerne vil ha med seg.

Men det har vi hatt lenge. Eg har ein haug med spel til PlayStation 3, PSP og PS Vita som er knyta til ein og same spelarkonto, men ligg låst til andre konsollar. Ideelt sett hadde samtlege vore tilgjengelege på PlayStation 5. Og ja, eg veit at lisensar og opphavsrettar kan kaste kjeppar i hjula her, men alt er betre enn ingenting.

Denne gamle PS2-klassikaren har ikkje ein gong fått lov til å ha namnet sitt i fred.
Sony

PlayStation Now både burde, og kunne ha vore løysinga på dette. Men det er ei løysing som framstår mest som ein ettertanke. Nokre spel kan lastast ned for å nyte dei slik meininga er, men det meste må straumast over nettet, og å spele ei gammal perle med elendig biletefrekvens er ikkje særleg koseleg. I tillegg er utvalet snevert og ber preg av å vere nokre få gullkorn i ei bøtte med kol. Dessutan får du ingenting til odel og eige. Eg eig God of War-samlinga, men skal eg få spele den på min nyaste konsoll må eg abonnere på ei teneste eg ikkje er interessert i.

Microsoft tillet deg òg å abonnere på ei teneste for å få tilgang til spel, men det er inga tvang. Dei gøymer ikkje ein haug med spel bak ein betalingsmur og tvingar deg til å oppleve dei på ein tidvis kjip måte. Du får velje sjølv om du vil abonnere eller kjøpe til odel og eige. I tillegg vel du sjølv om du vil spele med eller utan grafiske forbetringar.

Når eg ser på samlinga mi med spel er det spesielt ein ting som stikk seg ut. Den kvite ryggen til PlayStation 2-boksane har dominert mang ei bokhylle i min heim, men dei byrjar å forsvinne no. Eg kan ikkje ha fem generasjonar med konsollar frå diverse selskap stå framme til ei kvar tid. Dei blir rydda vekk, og med dei ryddar eg vekk spela. No og då pakkar eg dei eg ser på som minst viktige ned i kassar for å gi dei bort til noko som skulle ha interesse. Og med det forsvinn dei.

Om du spelar på konsoll, er Game Pass no den mest lettvindte løysinga for å utforske gamle spel.
Microsoft

Det er litt trist. Eg likar å ta var på fortida, men det blir vanskelegare og vanskelegare. Nintendo byter format nesten kvar gong dei lanserer ein ny konsoll, og eg har gjeve opp å håpe på ei fornuftig haldning til fortida for lenge sidan. Sony er derimot i ein unik posisjon. Dei har nytta diskar sidan starten, har digitale kjøp knytt opp mot konto, og via emulering burde det teknisk sett vere mogleg å tilby noko for alle generasjonar. Kanskje PlayStation 3 hadde bydd på ei utfordring med tanke på sin tekniske natur, men er det ein grunn til å la PlayStation 1 og 2 gå i gløymeboka?

Ved sidan av PC er det i PlayStation-økosystemet eg har brukt mest tid i løpet av livet mitt. Det har endra seg dei siste åra. Microsoft sitt arbeid for å la meg spele gamle spel, ikkje berre som dei var, men med betre oppløysing, betre biletefrekvens, og betre lastetider, har gjort Xbox til den beste og mest lettvindte staden å fokusere samlinga mi, og dei siste åra har speletida mi vore prega av bakoverkompatible spel i større og større grad.

Det er noko dei har fått til fordi Sony ikkje bryr seg. Om dei får ut fingeren og tar si eiga historie på alvor, er det ingen som har noko å stille opp med.

Siste fra forsiden