Konami framleis skeptiske til PS3-pris

Sjølv om det for mange var ein gledens dag i går med priskutt på PlayStation 3, er ikkje Konami overbevist.

I går blei det kunngjort at prisen på PlayStation 3 vil gå ned frå 599 dollar, til 499 dollar i USA. Sjølv om mange har venta lenge på eit priskutt, og trass at 100 dollar er mykje pengar for mange, meiner Kazumi Kitaue – sjef for Konamis Amerikanske og Europeiske avdelingar – at dette sannsynlegvis ikkje er nok.

– Eg er usikker på om Sony kan vinne kundane tilbake med eit så lite kutt. Eg ser ikkje for meg at dette får stor betydning, du kan kjøpe ein PC for 500 dollar, fortel han til Reuters.

PlayStation 3 har ikkje hatt den beste starten på livstida si, og ligg eit solid stykke bak både Wii og Xbox 360 på salsbarometeret. Høg pris og mangelfullt utval av spel, samt få eksklusive spel, blir ofte trekt fram som grunnar for dei låge salstala. Om vi skal tru Kitaue, kan mangelen på eksklusive titlar bli større. Om det ikkje kjem fleire PlayStation 3-maskiner ut til forbrukarane, kan Konami sjå seg nødt til å gå multiplattform med Metal Gear Solid-serien i framtida.

– Sidan Metal Gear Solid var født for PlayStaion, vil vi gjerne behalde det som eit PlayStation-spel. Men vi må kanskje ta nokre grep, fortel han i intervjuet.

Grunnen til dette er dei høge produksjonskostnadane ein slik tittel fører med seg. For å få tilbake det dei invisterar, vil dei kanskje bli nødt til å tilby spela sine til eit større publikum.

Siste fra forsiden