I min jobb hender det titt og stadig at nokon sender meg ein mail for å få meg til å spele eit spel. Det er slikt som kan slite ut ein vaksen mann, spesielt når du har fått fem epostar om sære vektorbaserte spel laga av ein person i løpet av den siste timen. Kor mange bisarre indiespel er for mange? Når går du tom for energi? Når blir alle spel ei smørje det er vanskeleg å definere?
Svaret er ja. Det er for mange, men vi skal ikkje snakke om pikselgrafikk i dag. Vi skal snakke om eit to år gammalt PC-spel som denne sommaren blei lansert på konsoll. Vi skal snakke om gleda ved å ta ein sjanse.
Fare for regn
Against the Storm er ein dyster bybyggar kryssa med rougelite. Kva betyr det? Vel, vi bygger ein by som i bybyggarar flest der vi startar i det små med innsanking av vitale ressursar som tre, og mat. Deretter bygger vi hus folk kan bu i, dekorerer litt for å gjere det triveleg, og går laus på alle dei andre viktige gjeremåla ei befolkning må i gong med for å ikkje bli klin kokos av alt det fæle som skjer rundt dei.
Tvisten er at dette skjer under eit visst tidspress. Du er i teneste hos ei dronning, og ho blir utolmodig. Brukar du for lang tid feilar du, og då har du mista ein «run», og det er berre å starte på ny. Vi har to livslinjer vi må halde eit auge med. Den eine er raud, og fortel deg i grove trekk kor lenge du har igjen. Den andre er blå, og viser kor robust samfunnet ditt er. Løys oppdrag, utforsk verda, og denne veks.
Det er eit snodig spel der du gjer ditt beste for å bygge opp eit velfungerande samfunn, men så snart du byrjar å kjenne eimen av noko som minnar om stabilitet, må du starte på ny.
Det er eit genialt trekk. Enkelte bybyggarar kan bli litt vel komplekse, og i Against the Storm får vi halde oss til dei viktigaste tinga. Du må gjere nokre kritiske val her og der i form av kva produksjonslinjer du vil satse på, medan resten raskt må hamstrast inn gjennom handel.
Eg kan godt halde på i timesvis for å gjere ting så analt som mogleg, men eg likar å berre kose meg, slappe av, og ikkje ta livet og spela i det så alt for alvorleg. Against the Storm er perfekt for sånne som meg. Det sluttar før eg når punktet der eg byrjar å bli lei av repetisjon og pirking på små detaljar, og gir meg nye, blanke ark i staden. For å seie det slik, eg hadde mykje eg skulle gjere denne veka, mange planar som skulle setjast i verk, men Against the Storm påstår eg har spelt i fire dagar og 21 timar.
Den livsfarlege skogen
I Against the Storm er korleis skogen og verda rundt deg ei kjelde til utfordringar. Som alltid i ein bybyggar er det viktig å ta vare på befolkninga di. Dei består av fleire ulike artar, som menneske, bever og rev, og alle har ulike spesialitetar, og ulike behov. Beveren er ein kløppar på å hogge ved, firfislene er gode på jakt, medan revane er gode speiadarar. Dei har òg ulike behov, og ulike ynskje når det kjem til mat, klede og fasilitetar.
Å sjå til desse behova er veldig viktig når stormen kjem. Under ein storm er moralen i fritt fall, og om du på dette tidspunktet har forsømt folka dine ved å til dømes ikkje passe på at dei har rikeleg med mat, hus, eller brennstoff for å halde seg varme, reiser dei.
Ei anna kjelde til både utforsking, undring og uro er dei ulike lysningane i skogen. Dette er område du kan kome til ved å hogge ned skog, og dei kjem hovudsakleg i to ulike former. Den eine er ein rein ressursbonus der du får litt ope land å bygge på, samt kanskje nokre kjelder til alt frå mat til byggemateriale.
Dei andre er større, og farlegare. Desse byr på ein eller anna trugsel, men dei kjem alltid med ein tidsfrist for når du må handle før det går skeis. Går det skeis kan du miste mat, moral, ressursar og mykje meir. Utfordringa kjem gjennom å løyse desse. Du må gjerne ha ei gitt mengd ressursar av ein bestemt sort, og det har du ikkje alltid.
Igjen byr spelet på utfordringar der du kanskje må selje viktig ting du har brukt tid på å bygge opp, for å unngå ein nedtur. I mi erfaring går det som regel greitt, men ein kjenner absolutt på trykket når ein finn ei lysning der du må by på noko du ikkje har.
Frå PC til konsoll
Against the Storm blei først lansert på PC på tampen av 2023, og er såleis eit spel som openbert er forma for mus og tastatur. Det er alltid spanande å sjå korleis overgangen til konsoll fungerer, og her synest eg utviklarane har gjort ein framifrå jobb. Det er lett å kome inn i, lett å få oversikt, og det er få utfordringar.
Frå ein lett tilgjengeleg meny kan du bla gjennom bygningar, og med enkle trykk roterer du og plasserer bygningar og vegar på eit rutenett. Det er så godt tilrettelagt at det er lett å få inntrykket av at konsollversjonen var planlagt frå dag ein.
Spesielt godt likar eg kor lettvindt utviklarane har gjort det å sjekke om det er tilgjengelege ressursar for til dømes eit steinbrot, eller finne ei tidlegare brukt jakthytte om du har funne ei ny kjelde til kjøt.
Bygningar kan flyttast på utan ekstra kostnad. Går du tom for ressursar i eit hjørne av landsbyen din er det berre å flytte bygningen til der det finnest meir.
Det er likevel nokre små urokråker. Det viktigaste informasjonen er veldig lett å få tak i, men sekundær informasjon er av og til litt keitete å finne, og ikkje særleg intuitivt. I tillegg blir det litt mykje klikking til høgre og venstre og opp og ned når ein navigerer enkelte menyar. Det er òg enkelte tekniske feil i spelet som har fryst spelet slik at ein må avslutte og starte om for å kome vidare. Det skjer ikkje ofte, og spelet er raust med autolagring, men det er litt surt likevel.
Konklusjon
Det er ei stund sidan eg har blitt så hekta på eit spel. Det er lett å tenkje ein berre skal spele litt, men så sit ein der framleis, fem timar seinare. Det er eit spel som verkeleg fangar den delen av slike spel som ofte er best. Det er gjerne starten som er artigast i ein bybyggar, når du har verda for dine føter og kan gjere betre val ein førre gong. Dette spelet er bygd rundt det konseptet, og sender deg tilbake til start, med moglegheita for å kjøpe nokre oppgraderingar til neste gong.
Against the Storm er ikkje berre ei skikkeleg triveleg speloppleving, det er òg vanvittig stemningsfullt. Frå den litt Warcraft III-inspirerte grafikken til den heilt nydelege musikken som forfører deg inn i ei anna verd, er det lett å gløyme både tid og rom.
Det er nesten litt for engasjerande, og nifst lett å bruke mykje tid på. Det er likevel ikkje eit spel som kastar bort tida di med tidstjuvar. Det er moro heile vegen, og det perfekte spelet om du jaktar noko litt avslappande å kose deg med når kvelden lir på.
Against the Storm er tilgjengeleg på PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X (testa), Nintendo Switch og Windows.