Kryptisk video med hint om ny Xbox-handkonsoll

Microsoft ser ut til å samarbeide med Asus om ein ny Rog Ally.

Den originale Asus Rog Ally er eit par år gammal no, og fekk ein ny versjon i fjor sommar.
Mikkjell Lønning

For nokre veker sidan kom nyheita om eit rykte rundt ein potensiell handkonsoll frå Xbox.

Måndag kveld har Asus lagt ut ein animert videosnutt på X, der ein Asus-maskot mekker til handkonsollen Asus Rog Ally.

Asus-logoen dukkar også opp på ein Xbox-kontroller, og Xbox har svara med eit meme på X.

Mykje tyder altså på at rykta stemmer.

Asus Rog Ally X lanserte i fjor sommar, og det er nok berre eit spørsmål om tid før det kjem ein oppfølgar.

Siste fra forsiden