FCC, eit amerikansk organ som blant anna har ansvar for å regulere elektronikk, har fått Asus Rog Ally 2 til sertifisering.
Videocardz.com og 91mobiles omtalte saka først.
Frå før er det kjend at Asus samarbeider med Microsoft om ein mogleg Xbox-versjon av handkonsollen, og no ser det ut til at det kjem to versjonar.
Ein av dei to konsollane under sertifisering verkar å vere Xbox-utgåva.
Dersom bilda frå sertifiseringa er ekte, kjem det éin i svart og éin i kvitt. Den svarte er sannsynlegvis Xbox-versjonen.
Etter denne artikkelen først blei publisert, er det kome fram meir informasjon om maskinvara i konsollen.
Det ser ut til at den svarte versjonen er betydeleg kraftigare enn den kvite. Den svarte skal vere utstyrt med ein Ryzen Z2 Extreme-brikke med åtte kjernar og 64 GB LPDDR5-minne.
Den kvite får ein firekjerna AMD Aeirth Plus-brikke på 20 watt.