Lionhead viser spela det aldri blei noko av

Fable-studioet kan meir enn å lage eventyr om godt og vondt.

Hos store spelstudio som britiske Lionhead skjer det meir bak lukka dører enn dei produkta som finn vegen fram til butikkhyllene. Kvart år lar Lionhead sine tilsette få bruke to dagar på å koke opp gode idear for det som potensielt kan bli nye spel. Dei kreative dagane har fått namnet Lionhead Incubation, og målet er å la kreativiteten blomstre slik at nye spel kanskje kan oppstå.

Sjølv om Lionhead opp gjennom åra har brukt det meste av tida si på å byggje nye rollespel i Fable-serien, har minst eitt av resultata frå Lionhead Incubation blitt tilgjengeleg for folket; lettare ironisk nok det ikkje heilt vellukka fleirspelarspelet Fable Heroes.

No har Lionhead bestemt seg for å lette på sløret og vise fram ein del av ideane som har oppstått i løpet av desse to årlege dagane, men som aldri blei noko av.

Vakker eventyr i papirland

Dette kunne blitt noko ganske annleis enn Fable.

Det første av fleire kansellerte spel Lionhead har bestemt seg for å vise fram er InkQuest. Dette er eit spel Lionhead sjølve skildrar som ei blanding av eit magisk kart, ei lydbok og eit eventyrspel. Spelet som gjekk under namnet InkQuest blei så godt motteke etter Lionhead Incubation-dagane at det blei bestemt at konseptet skulle utvidast. Resultatet kan du sjølv sjå nedanfor i ein lekker video som viser eit spel der vi vandrar rundt i ei handteikna verd full av snodige personar.

InkQuest er berre det første av fleire konsept Lionhead vil vise fram i tida framover. Kva meiner du? Hadde det vore betre om Lionhead brukte meir av tida si på slikt enn enda meir Fable?

Uavhengig av kva svaret ditt skulle vere på dette spørsmålet blir det meir Fable. Lionhead er for tida i full sving med det sosiale spelet Fable Legends. Der skal fire spelarar rotte seg saman for å kome gjennom hindringane ein femte spelar set i vegen for dei. Vi tok ein kikk på spelet tidlegare i år, og var både begeistra og skuffa over det vi fekk prøve:

«Å springe rundt saman med fire andre var ikkje nok til å overbevise meg, og var ikkje stort meir enn heilt grei underhaldning. Kronjuvelen til Fable Legends er når du tek på deg rolla som den slemme regissøren. Å kunne sende av garde krigarar mot heltane er ustyrteleg moro, og eg hadde ikkje hatt noko problem med å skvise maur på denne måten heile dagen lang.»

Lionhead er ikkje dei einaste som let utviklarane sine leike seg ein gong i året. Fleire av spela til Double Fine har blitt til på nettopp denne måte. Deriblant spel som Stacking og Costume Quest.

Siste fra forsiden