Anmeldelse

Lost

Spanande eventyr

Kan ein av verdas mest populære TV-seriar bli til eit godt spel?

Spel basert på filmar og TV-seriar vert sjeldan godt mottekne av kritikarar og tilhengarar av kjeldematerialet. Som Joachim Froholt påpeikte i sin refleksjon, finst det mange grunnar til at spel som er laga frå lisensar ikkje alltid held så høg kvalitet som ein skulle ynskje.

Trailer fra Lost-spelet

Vis større

Trailer: Lost #3

Stikkord:
  • action
  • eventyr
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • lost


Heldigvis finst det nokre lisensspel som gjer ting riktig. Lost er eit av dei.

God historie

Historia som blir fortald i dette spelet held like høg kvalitet som den du får på TV-skjermen. Den er nemlig skriven av Damon Lindelof og Carlton Cuse, dei erfarne hjernane bak Lost på TV. I staden for å bruke ein av dei eksisterande figurane, introduserer dette spelet ein ny person du kan utforske fortida til. Dette er ein god idé med tanke på at det sprøyter ekstra liv inn i historia, og sjølv om du har sett Lost på TV, veit du aldri kva som kan skje. Hovudpersonen vaknar opp på ei øy etter eit flykrasj. Han har gløymt kven han er, og heile spelet går difor ut på å finne ut kvifor du var på flyet og kva du gjorde før reisa. Sjølv om hukommelsestap-kortet har vorte slengt på bordet litt for mange gongar i spel før, har ikkje dette hindra Lindelof og Cuse i å bruke det igjen.

Heile tida di vert forøvrig ikkje brukt på øya. Med jamne mellomrom kjem hovudpersonen på noko viktig frå det tideligare livet hans og vi må då spele gjennom den delen han hugsar og finne ut kva som var viktig med denne hendinga. Dette er ein forteljingsmåte vi ikkje ser veldig ofte i spel og det kjennest ferskt.

Holeutforsking er spanande

Sjølv om historia er god, er den ingenting imot stadane forteljinga tek deg til. Du får i løpet av spelets gang besøke stadar som kun har vore hinta om i serien, og utforske dei i all sin prakt. Sidan spelet er skrive av opphavsmennene bak serien, gir dette historia ei kjensle av å vere ei ekte, genuin Lost-oppleving. Likevel begrenser historia seg til dei som har sett sesong ein og to av serien, sidan den ikkje fortel noko om dei andre personane, eller kva som gjer øya spesiell.

Med ein gong du har sett litt av forhistoria til personen du skal kontrollere, må du komme deg på beina og setje kursen mot stranda for å møte dei andre på øya. Eg legg imidlertid merke til at å springe gjennom jungelen på veg mot stranda verkar litt innestengd. Du vert leia gjennom skogen, utan mogligheit for å gå di eiga rute på nokon måte. Den einaste grunnen til at du ikkje kjedar deg i desse delane av spelet, er at nokre innfødde har laga seg ei hytte i næraste tre og brukar deg som skyteskive. Eg tykkjer det er litt rart at Lost-spelet ikkje har eit meir ope terreng, sida eit sandkassespel ville vore perfekt med tanke på kjeldematerialet. Å utforske ei stor øy og møte kjente og ukjente fjes hadde absolutt passa serien betre. I staden får vi eit spel som aldri let deg lure på kvar du skal gå eller kva du skal gjere.

Her er det mange kjende fjes

Likevel klarar Lost-spelet å fenge meg store delar av speletida. Ein del av grunnen til dette er den flotte stemninga spelet klarar å skape. Spesielt sterkt inntrykk gjorde ei scene der eg måtte gå gjennom ein skog der ein av øya sine skumlaste vesen held til. I ryggsekken har du ein kubbe ustabil dynamitt og du vandrar rundt i skauen som ei blanding av ein sjølvmordsbombar og ein fotturist. Du kan berre gløyme å legge beina på nakken, her må du gå rolig og kontrollert.

Når eg gjekk rundt i denne jungelen, sat eg heilt stille i stolen min for å ikkje lage ein lyd og spenninga var til å ta og føle på. Det knakar i ein kvist, men eg ser ingenting. Eg høyrer ein rasleyd litt lenger borte, men ser ingenting. Plutselig vert eit tre framføre meg riven opp med rota og då gjeld det å finne seg ein gøymestad så fort som moglig. Desse mektige og svært stemningsskapande scenene er, ved sida av historia, det beste dette spelet har å by på.

Stemningsfullt

For å overleve på øya du har hamna på må du etter kvart kjøpe deg alt frå faklar til oljelamper. For å få tak i dette må du gå til øyas lokale «ting du treng»-sjappe og byte inn frukt, sjokolade og øl for å få tak i det du eigentleg treng. Tinga du kjøper er særs viktige i nokre delar av spelet. Du kan for eksempel aldri komme deg gjennom ei mørk hole utan ein fakkel som kan lyse veg. Holeutforsking er alltid spanande og småskummelt, spesielt om ein flaggermusbande sløkkjer fakkelen din. og du vert ståande igjen i hola utan å sjå noko som helst, medan du febrilsk prøvar å få fyr på ein lighter. Aldri har ein svart skjerm vore så spanande.

Sjølv "aude" øyer har PC no til dags

Det er nemleg her lyden gjer seg gjeldande. Atmosfæren som blir skapt av lydeffektane og musikken som slår inn på alle dei rette plassane, gir deg eit ekstra kick enkelte scener. Deilig. Gjennom store delar av spelet klarar Lost å gi oss eit lydbilde som sug deg inn i opplevinga. Uheldigvis er stemmeskodespelet varierande i kvalitet. Kun nokre få av stjernene du kjenner frå TV, har stilt stemmebanda sine til disposisjon, medan resten av personane er dekka av middelmådige skodespelarar, som ikkje heilt klarar å fylle holet til dei eigentlige rollehavarane.

Om du har sett Lost på TV, veit du at jungelen og handlingane i den er ein svært stor del av serien. Om ikkje denne er bra laga i spelet, kan du seie takk og farvel til ein hyggelig utforskingstur. Heldigvis ser alle miljøa flotte ut. Frodig jungel, kalde kjellarar og varme strender gjer mykje for å behalde stemninga i spelet. Figurmodelleringa kunne for øvrig trengt litt meir arbeid. Mange av figurane ser utrykkslause og kjedelige ut og i spelet sine meir heftige scener legg dette ein klar dempar på stemninga.

Variert

Du kjem til å sjå minimalt med kamp i Lost. Du har ingen slagvåpen, men av og til får du tak i ein pistol (kostar ca. 20 papaya), men denne kan du sjeldan bruke. Det er eventyr du bør sjå etter om du kjøper dette spelet, og det får du i aller høgaste grad. Den tida du ikkje brukar på å vase rundt i det næraste skogholtet, brukar du til å snakke med dei andre personane som er på øya. Dette verkar eigentlig meir som ein slags bonus til dei mest ihuga tilhengjarane til TV-serien. Svara du får frå dine samtalepartnera er korte og uinteressante. Du kan gløyme å ha djupe og inngåande samtalar med nokon på øya, slik som du hadde i for eksempel Mass Effect.

Jungelen ser spesielt bra ut

Av og til trer eit minispel inn for å bryte opp utforskinga og dei monotone samtalane. Her skal du leie ei viss mengde straum til ulike stasjonar ved hjelp av sikringar. Dette blir for eksempel brukt til å opne dører. Desse oppgåvene kan faktisk vere ganske utfordrande og fungerer fint som ein måte å variere opplevinga. Andre gonger må du gjennom ei fluktscene der hovudpersonen spring vekk ifrå nokre fiendar, mens han sklir under falne tre og hoppar over trestammar. Dette er spanande, men sluttar for raskt til å gjere eit veldig sterkt inntrykk. Likevel passar Lost-spelet på at du aldri gjer same tingen så lenge at du byrjar å kjede deg i nemneverdig grad.

Uheldigvis er spelet litt for kort. Med så mange hendingar og så mykje spenning som vi finn i de to første sesongene, er det rart spelutviklarane ikkje klarte å klemme meir handling ut av den nyintroduserte figuren. Sju-åtte timar er for lite og veldig mange av scenene verkar forhasta, og mot slutten fremstår spelet som litt halvferdig. Det er nettopp dette som set den endelige karakteren for Lost-spelet.

Konklusjon

Lost-spelet gjer mykje rett, og har faktisk klart å legge seg inn i den korte rekkja av gode lisensspel som har vorte laga. I staden for å lage skytefestar eller liknande, slik som spel basert på lisensar ofte gjer, har dette spelet anstrengt seg for å gi oss ei ekte forteljing frå Lost-universet, og lykkast i store delar av spelet. Eg kjeda meg knapt, og dette er fordi det er stor variasjon i det du får lov å gjere. På eit tidspunkt låg Lost på ein klar 7-ar, men med den korte speletida og små moglegheiter til gjenspeling sank karakteren éit hakk.

Alle som er begeistra for TV-serien kan trygt skaffe seg dette spelet. Andre bør kanskje tenkje seg om, sidan spelet nesten går ut ifrå at du har sett ein sesong eller to av Lost. Sjølv om spelet har sine feil, vert desse meir eller mindre gløymt når eg endeleg kan setje meg ned og oppleve meir Lost.

Siste fra forsiden