Sniktitt

Forspoken

Magisk parkour i fjerne dimensjonar

Square Enix lovar fart og magi i sitt store, nye eventyr.

Square Enix

Ei av Square Enix sine største store satsingar denne genrasjonen er Forspoken, eit heilt nytt action-eventyr frå eit heilt nytt studio. Skjønt, sjølv om Square Enix likar å sjå på Luminous Productions som eit nytt studio, er det ei sanning med visse modifikasjonar. Dette er studioet som bygde Final Fantasy XV, eit av mange splittande Final Fantasy-spel opp gjennom åra, og med Forspoken har dei teke sin eigen grafikkmotor for å byggje eit heilt nytt, og ganske unikt univers.

For unikt er det. Dette er noko så uvanleg som eit spel som for alvor kombinerer talent på tvers av landegrenser. Sjølv om utviklinga av spelet føregår i Japan, er historia forfatta av Allison Rymer og Todd Stashwick, med hjelp frå veteranen Gary Whitta og spelindustrilegenda Amy Hennig.

I tillegg har Square Enix droppa å bruke ein av sine eigne dyktige komponistar, og i staden hyra inn Battlestar Galactica- og The Walking Dead-komponist Bear McCreary.

Ung jente, farleg verd

The Break er ei tjukk tåke som øydelegg alt i sin veg.
Square Enix

I Forspoken møter vi Frey, ei ung jente på snart 21 år som er i ferd med å gli gjennom sprekkane i samfunnet. I presentasjonen vi fekk delta i blei det ikkje heilt tydeleg nøyaktig kva som skjer med ho, men ho er i trøbbel, blant anna med lova. Ho har vore nøydd å klare seg sjølv gjennom eit vanskeleg liv, og som mange andre i denne situasjonen brukar ho humor som eit våpen, men meir om det seinare.

Akkurat no er det einaste som står i hovudet hennar å ta med seg katten sin og kome seg ut av New York. Ynskjet hennar blir oppfyllt då ho på mystisk vis endar opp i Athia, ei heilt anna verd der ting kanskje er hakket verre enn i New York. Saman med eit talande armband må ho kjempe mot forvrengde monster for å prøve å gjere noko med dei katastrofale problema som herjar der.

Athia er plaga av ei slags giftig tåke som går under namnet The Break. Alt og alle som kjem i kontakt med denne møter ein av to skjebnar; anten dør du, eller så blir du eit hjernedaudt monster motivert av raseri og angrip alt rundt deg. Frey er naturleg nok immun mot The Break, og brukar byen Bastion som utgangspunkt for å utforske verda rundt seg, og ta turen inn i farlege område for å drive historia vidare.

Kor interessant den er gjenstår å sjå, der vi har berre fått servert bruddstykker av den som strengt talt fortel nesten mindre enn ingenting. Utgangtpunktet er derimot ikkje så dumt, og møtet med Bastion og alle flyktningane som straumer dit av openbere grunnar, kan bli spanande.

Magisk parkour i full aksjon.
Square Enix

Verda for dine føter

Den store stjerna i Forspoken er tydeleg frå første sekund. Sjølv om vi ikkje har fått navigere rundt i verda sjølve heilt enno, ser det unekteleg moro ut. Frey kan kaste seg gjennom lufta, gli, ta sats og hoppe frå alt frå fjell til hustak, og klatre opp veggar i eit spenstig tempo. Det går kjapt unna, og utviklarane skryt av kor lett det er å bevege seg rundt i denne verda. Dette er sjølvsagt vanskeleg å kommentere på før vi får testa spelet sjølv, men det ser absolutt smidig ut. Om du er ein av dei som synest treg fart på houvpersonen er ei av verdas kanskje største kardinalsynder, kan Forspoken kanskje vere spelet for deg.

Verda er full av fiendar, og for å hanskast med desse på ein forsvarleg måte har utviklarane skrudd saman eit magisystem som lovar å by på rom for mykje eksperimentering. Vi får mykje magi å velje mellom, og vi kan gjere alt frå å setje feller for monster, til å kjempe i nærkamp til å skyte prosjektil mot mange fiendar samstundes.

Det ser absolutt moro ut, og du brukar ein ringmeny for å byte aktiv magi kjapt. Målet er at du skal kunne spele slik det passar deg, og velje magi og framgangsmåtar sjølv. Å finne gode taktikkar bli spesielt viktig i såkalla Breakstorms. Dette er det utviklarane kallar «ei tøff tid», og byr på ekstra farlege fiendar og utfordringar.

Les også
Square Enix viste spilling fra sitt neste actionrollespill

Som dei fleste spel med respekt for seg sjølv får vi òg skaffe nytt utstyr til Frey. Ho kan skape nytt utstyr i forlatte bygg rundt omkring, og ho kan kle seg ut med forskjellige kapper og smykke som byr på ulike plussar og minusar. I tillegg kan du måle neglene hennar for justere litt på magien hennar.

Kampane verierer i forhold til kva magi du tek i bruk.
Square Enix

Om det er ein ting eg ikkje er heilt overbevist om, er det denne humoren til Frey forfattarane fortel om. Den er tydeleg ja, men overbevisande? Ikkje heilt. Det vesle vi har fått høyre av dialog har tydeleg lyd av «folk i vokalstudio», og kombinert med kommentarar som allereie i løpet av berre få minutt rekk å repetere seg sjølv fleire gongar, er eg ikkje heilt overbevist. Frekvensen på Frey sine kommentarar er så høg at den blir irriterande, og når det då i tillegg er mykje det same som går i ring er det lett å bli litt oppgitt på eit tidleg stadie.

Konklusjon

Forspoken har alle ingrediensar for å kunne bli ei minnerik oppleving når det lanserast på PlayStation 5 og PC til våren. Det eg gler meg mest til er absolutt å farte rundt i den store verda og springe, klatre og hoppe i høg fart. Det er ein grunn til at utviklarane kallar det magisk parkour, for å seie det slik. Spelet kan likevel ikkje leve på dette aleine, og det er her eg må seie eg er litt usikker. Det ser på ingen måte dårleg ut, men det er ingenting ved kampsystemet som umiddelbart får meg til å tenkje at dette er noko eg må spele. Det er mange moglegheiter her, spørsmålet er korleis det er å bruke dei i praksis.

Historia er eit anna spørsmål. Utgangspunktet er interessant og dei ulike personane eg har fått eit kjapt inntrykk av er interessante nok, men leveringa er eg mindre overbevist over. I staden for å tenkje at dette er ein person eg vil på eventyr med, lente tankane mine meir i retninga av «må eg?». Det er kanskje ikkje det beste utgangspunktet for ei lang reise, men eg håpar eg tek feil.

Siste fra forsiden