Me treng hjelp!

Gamer.no vil gjere dekninga vår endå betre, og treng assistanse frå deg.

Gamer.no skriv for lite om det som er aller mest viktig for oss. Og det er deg, kjære lesar. Me vil veldig gjerne fortelje historiene til norske spelarar, men treng hjelp frå dykk for å finne dei engasjerande sakene.

Først og fremst er me ute etter tips til saker om nordmenn som speler. Kanskje du, eller nokon du kjenner;

  • Brukar all fritida på modding
  • Har dedikert livet til «speedrunning»
  • Puslar med å utvikle eit eige spel i kjellaren
  • Har gjort karriere gjennom spel, eller blitt kjend gjennom speling
  • Kom gjennom ein personleg krise (sjukdom, depresjon, nært dødsfall og liknande) ved hjelp av spel
  • Opplever trakassering i nettspel
  • Er involvert i eit spesialisert spelsamfunn fleire bør vite om
  • Fått ny jobb hos ein spelutviklar
  • Eller kva som helst anna du trur kan vere interessant.

Me inviterer alle som les oss til å kome med tips om kva me bør skrive om.

Det gjeld òg om det er ein heit kontrovers i Trackmania-miljøet som skjer her og no, om de har forslag til spel me bør lage tilbakeblikk på, eller om det er nye spel me bør teste som me ikkje har skrive om.

Terskelen skal vere låg for å sende oss ein e-post. Og det gjer du til tips@gamer.no eller ved å trykke inn på profilane til enkeltskribentar.

Me kan ikkje garantere at det du sender inn blir til ei sak, men me set pris på alt me får.

Det er for få ansikt i miksen vår i dag, og me er avhengige av tips for å løfte dekninga vår vidare.

Sjølv om Gamer.no har frilansskribentar landet rundt, er dei mest aktive av oss busett i Oslo- og Stavangerregionen. Her kjem me gjerne på besøk for å intervjue deg eller den du meiner me bør skrive om, elles tar me intervjuet over telefon, Discord, Teams eller det som passar best.

Siste fra forsiden