Anmeldelse

Metal Gear Solid 4: Guns of the Patriots

Eit grandiost farvel

Ein aldrande mann er tilbake i krigssona. Med røyken i kjeften skal han for alvor ta eit oppgjer med verdas avskum.

1: First page
2: New page

Det er vanskeleg å vite kvar ein skal byrje, når ein skal oppsummere det som etter alt å døme er det siste kapittelet i sagaen om Solid Snake. I over tjue timar blir du bombardert av det eine inntrykket etter det andre, i eit spel som er minst like mykje ein film, som det er eit spel. No har eg ikkje teke tida på dei fleirfaldige filmsekvensane du blir vitne til medan du går gjennom det siste spelet I Metal Gear Solid-serien, men det generelle inntrykket er at det er minimum halvparten. Kanskje så mykje som to tredjedelar.

Snakes siste oppdrag

Vis større

Trailer: Metal Gear Solid 4 #5

Stikkord:
  • action
  • spill
  • playstation 3
  • metal gear solid
  • guns of the patriots


Korleis skal ein då gå fram når ein skal sjå på den heilskaplege kvaliteten Hideo Kojima og teamet hans har levert? Er det eit spel? Er det ein film? Kva er Metal Gear Solid 4 eigentleg?

Patriotar i fritt fall

Metal Gear Solid 4 er så fullt av små referansar til eit eller anna som skjedde på eit gitt tidspunkt i eitt av dei tidlegare spela i serien, at det blir umogleg å seie noko om historia. Av frykt for å røpe noko utan å eigentleg tenkje over det, er det best å halde seg unna den biten.

Det du kan vere trygg på, er at her blir det meste nøsta saman. Ting skjer og du bryt ut eit forbløffa «jøss!», berre for å la den positive overraskinga du hadde det eine minuttet, gå over i eit forbausa sjokk i det neste. Det blir etter kvart ganske tydeleg kvifor historia spelar så stor rolle i dette spelet. Det er ufatteleg mykje som skal oppklarast. Trådar skal spinnast saman, personar og deira kjensler skal ha ei verdig avslutning, og det heile skal gjerne ha ei solid dose humor i tillegg. Slik serien er kjend for. Humor er det nok av, det er mykje absurditet her, men det ligg likevel ein svært tung melankoli over det heile. Dette spelet er ikkje like morosamt som dei tidlegare spela. Alvoret heng som mørke skuggar over ein aldrande Solid Snake.

Med mindre du har levd under ein stein sidan Metal Gear Solid 4 blei annonsert for fire år sidan, veit du godt at Solid Snake har blitt ein gamal mann sidan sist. Dette blir òg eit viktig tema for spelet. Kva gjer du, som gammal soldat, når du klårt og tydeleg kan sjå den uunngåelege slutten i auga? Kva gjer dette med deg som person, og kva gjer det med verdiane dine?

Opne spørsmål sjølvsagt, og spørsmål eg ikkje kan svare på av omsyn til lesarane, men korleis desse spørsmåla blir lagt inn i spelet, korleis dei får innverknad på handlinga, er gjort med svært stor respekt. Både for hovudpersonen sjølv, og for spelarane som i årevis har lete seg engasjere av serien.

Makelause filmsekvensar

Gjennom dei åra som har gått sidan Metal Gear Solid inntok Playstation for ti år sidan, har Kojima Productions lært mykje om å skru saman heseblesande filmsekvensar som lett rivaliserer det beste ein får servert frå Hollywood. Heldigvis, for så mykje tid som desse sekvensane tar, hadde det vore katastrofalt om dei ikkje var av høg kvalitet.

Det kan likevel bli litt vanskeleg å henge med no og då. Spesielt om du ikkje har spelt eit einaste spel i serien før, men òg om det er lenge sidan førre gong du sat deg inn i rolla som Solid Snake. Visse dialogar kan bli svært lange, der det einaste du ser er to eller tre personar i eit rom, og det blir sagt ufatteleg mykje. Alt har ein relevans i forhold til eit eller anna aspekt ved historia, og du skal kjenne serien godt for å få med deg alt. Sjølv om du gjer det, kan det tidvis likevel bli overdose. Om du nokon gong har lese ei bok, berre for å måtte bla tilbake i det du innser du ikkje heilt fekk med deg kva som nett blei sagt, er dette ei kjensle du gjennom visse tunge dialogar kan ende opp med.

Dette høyrer likevel til unntaka. Dei fleste sekvensane har fantastisk dramaturgi, og samspelet mellom dei forskjellege karakterane er upåklageleg. Du vil i tillegg få hjelp om du skulle ha gløymt noko. Av og til, når viktige personar eller hendingar blir trekt fram, får du tilgang på små tilbakeblikk. Dette er lynglimt som flimrar over skjermen ved ditt eige val, og dei vil vise bilete av ein person, eller noko som har skjedd. Det er ikkje mykje, men det er nok til at du akkurat hugsar godt nok til å henge med.

Sjølv om du ikkje alltid skulle henge heilt med, har likevel utviklarane prestert å servere eit spel som står godt på eigne bein. Om du ikkje ein gong veit kven Solid Snake er, vil dei skyhøge produksjonsverdiane, den fantastiske grafikken, den eksepsjonelle musikken og det eksemplariske skodespelet likevel nagle auga til skjermen.

I dine eigne hender

Det mykje å sjå på i Metal Gear Solid 4, men ikkje alltid like mykje å gjere sjølv. Filmane er delvis interaktive til tider, men då berre i den forstand at du enten kan få med deg visse tilbakeblikk, eller at du kan velje å sjå ting gjennom auga til Snake, som til dømes å ta ein nærare kikk på ei veldreia rumpe. Dette er ikkje nytt for serien, men det er likevel svært effektfullt. Det bringer deg litt meir inn i kva som skjer, og resultatet er at du blir enda meir oppslukt av galskapen enn kva du var frå før.

Det er sjølvsagt ikkje dette som er dine viktigaste bidrag til spelet. Metal Gear Solid-serien skapte praktisk talt heile snikesjangeren på eigahand, og det vi får i nummer fire er ei solid understreking på kvifor akkurat Snake framleis er den ukrona snikekongen.

Nytt denne gong er Octo-kamuflasjen. Dette er ei ny drakt som let Snake gli inn i dei forskjellege miljøa usett. Ved å lene seg mot ein vegg, eller leggje seg ned på bakken, vil drakta gli inn med omgjevnadane. Omtrent som ein kameleon. Dette får i mange situasjonar mykje å sei for om du blir sett eller ikkje. Ein prosentmålar på toppen av skjermen viser kor synleg du er, og om du skulle finne på å stå midt ute på ein veg i skarpt sollys, glir denne raskt ned til under minus. Ved å gli inn i områda stig den oppover. Om det så skulle vere gjennom å gøyme seg bak eit hjørne, setje seg ned på kne, eller ved å leggje seg under ein bil. Om kamuflasjen din er heilt opp under 100%, kan fiendane praktisk talt gå over deg utan å ane noko.

Dette gir deg sjølvsagt gode moglegheiter for å hente fram eit blodig arsenal, og leike nokre leikar med dei stakkars soldatane. Du har tilgang på eit nesten skremmande utval med våpen, og du vil utan tvil finne noko som passar for deg. Du kan til og med skru saman våpen etter eigne spesifikasjonar. Du kan til dømes ta ei rifle, gi den kikertsikte, stabilisatorar, og kanskje eit pumphagleløp som krydder. Som eit genitrekk let spelet deg i tillegg kjøpe ny ammunisjon, og nye våpen når som helst, så lenge du har pengar til det. Om dette ikkje skulle vere nok for å rydde opp i rotet, kan du alltids leggje ned eit Playboy for å distrahere fiendane, før du snik deg usett forbi.

1: First page
2: New page

Siste fra forsiden